Tidlegare FN-utsending Kai Eide meiner Norge bør diskutere ei form for «funksjonell anerkjenning» og samarbeid med Taliban.

Kai Eide: – Norge må finne eit funksjonelt samarbeid med Taliban

Norge bør utvide samarbeidet med Taliban-regimet, utan å anerkjenne det diplomatisk, meiner tidlegare FN-utsending Kai Eide. – Vi kan ikkje gløyme Afghanistan.

Publisert

Fem år etter at Taliban tok tilbake makta i Afghanistan, meiner Kai Eide at Norge må diskutere ein ny politikk overfor regimet.

– Vi kan ikkje overlate Afghanistan til seg sjølv. Vi kan ikkje gløyme Afghanistan. Vi kan ikkje gløyme dei menneska vi lova at vi aldri skulle gløyme, sa Eide under ei liveinnspeling av Panorama nyheters podkast Verdensproblemer på Kulturhuset i Oslo. Det skjedde i høve 25-årsmarkeringa for 11. septemberåtaka og at Taliban har sitte med makta i over fem år.

Eide, som tidlegare var FNs spesialutsending til Afghanistan, meiner formell anerkjenning av Taliban framleis er uaktuelt. Men han meiner Norge og andre europeiske land bør bevege seg mot det han kallar ei «funksjonell anerkjenning».

– Vi må bevege oss i retning av det som no blir kalla funksjonell anerkjenning, som ikkje betyr noko anerkjenning, men at vi utvidar ei form for samarbeid, seier Eide.

Han viser til at Russland har anerkjent Taliban-regimet, medan Kina, sentralasiatiske land og fleire statar i Gulf-regionen allereie har omfattande økonomisk samarbeid med Afghanistan.

– Vi skal seie klart frå om kva vi meiner. Men vi kan ikkje berre bruke peikefinger. Det fungerer som regel ikkje, seier Eide.

– Meir kontroversielt å ikkje ha dialog

Terje Watterdal frå Afghanistankomiteen, som bur og arbeider i Afghanistan, meiner det ikkje finst noko realistisk alternativ til å forhalde seg til Taliban.

– Eg forstår at dette er kontroversielt, men eg vil seie det er meir kontroversielt å ikkje ha ein dialog enn å ha ein dialog, seier han.

Watterdal peikar på at det ikkje står ei samla opposisjonsrørsle klar til å overta makta, og at Taliban truleg vil styre landet i overskodeleg framtid.

Kai Eide og Terje Watterdal deltok i panelsamtale om Norges vidare forhold til Taliban innspeling av podkasten Verdensproblemer.

– Vi må leve med den realiteten, at i dag er det Taliban-regimet. Så må vi finne ein måte å samtale med dei på, slik at vi finn løysingar på dei store problema Afghanistan står overfor.

Han meiner samtidig at Norge bør gå bort frå mykje av den kortsiktige naudhjelpa og heller investere i afghansk landbruk, universitet, helsetenester og andre institusjonar.

– Meir humanitær bistand er etter mi meining dyrt og dårleg. Vi er nøydde til å tenke langsiktig, sa Watterdal.

Eide meiner Norge ikkje bør endre politikken aleine, men finne andre europeiske land som vil gå same veg.

– Å begynne å handle i isolasjon, det kjem ikkje på tale. Men å finne partnarar som kan tenke som oss, det vil vere betre, sa han.

Powered by Labrador CMS