Andreas Kravik i forkant av høgnivåveka på FNs generalforsamling:
– FN spelar ikkje den rolla vi skulle ønske
Medan krigen mellom Iran, USA og Israel har rast, har FN stort sett stått på sidelinja. Andreas Kravik (Ap) meiner det viser kor pressa det internasjonale systemet er.
– FN spelar ikkje den rolla vi skulle ønske når det gjeld fred og sikkerheit.
Det seier statssekretær i UD og folkerettsjurist Andreas Motzfeldt Kravik i podkasten Verdensproblemer som er leia av Panoramaredaktør Emil André Erstad.
Kravik har dei siste månadane vore tett på Norges diplomatiske arbeid rundt Iran-konflikten.
Den illustrerer eit større problem: folkeretten og dei internasjonale institusjonane har mindre gjennomslag enn tidlegare. Spesielt på område som fred og sikkerheit.
– FN er ikkje en viktig aktør no med tanke på å ha fredsprosessar under kontroll og drifte dei. De er få konflikter der FN meglar.
– Det skuldast fleire ting, seier Kravik.
Tillitskrise, paralyse i Sikkerheitsrådet og prioriteringar er blant årsakene.
Høyr episoden her:
Ikkje ei prioritering
Kravik forstår at det er vanskeleg å samarbeide om fred og sikkerheit i eit FN prega av tillitskrise, men kjøper ikkje dette som einaste årsak.
– FN var ein aktør under den kalde krigen då det var enorm mistillit mellom partane.
Han meiner at FN ikkje har markert seg sterkt nok på fred og sikkerheit under generalsekretær António Guterres si leiing og stiller spørsmål ved om dette har vore ei prioritering hos han.
– Kor stor del av skulda må han ta?
– Uansett om det er hans skuld eller ikkje, så må Guterres, ta stor del av ansvaret for at det har blitt slik i og med at det trass alt er han som leier FN.
I Norges interesse
Kravik meiner at det heilt klart er i Norges interesse med eit FN som fungerer godt.
– Utan folkerett og utan sterke globale institusjonar, så blir verda livsfarleg og ekstremt farleg også for Norge.
Han meiner at Norge må vere – og allereie er – ein aktiv pådrivar for eit meir effektivt FN. Det er viktig å stille tydelege krav.
Det inneber færre organisasjonar med overlappande oppgåver, tydlegare og tidsavgrensa mandat og arbeidsdeling, strengare prioriteringar og eit sterkare FN på landsnivå.
Norge, som ein av dei største støttespelarane til FN, må også vere blant dei største kritikarane, meiner han.
– Konstruktiv kritikk. Dersom vi berre er positive blir det dei som ikkje vil FN vel som fremmar kritikken.
På spørsmål om korleis han klarer å stå i spagaten mellom å støtte FN, men samstundes vere ein nær alliert av Trumps USA svarer Kravik at Norge må akseptere at USA under Trump ikkje er ein sterk støttespelar for FN. Samtidig må Norge samarbeide med amerikanarane der det er mogeleg.
Ny generalsekretær
Om kort tid skal FN få ny generalsekretær. Kravik vil ikkje peike ut ein favoritt på dette tidspunktet.
Han trur heller ikkje nødvendigvis at alle kandidatane er nominerte enno.
– Kan ein ende opp med kandidat frå ein heilt anna del av verda og med ein heilt anna profil enn kandidatane vi har sett så langt i prosessen?
– Ja, det trur eg.
Ein ting meiner han heilt klart: Skal FN spele ei større rolle i verdas konfliktar, trengst det ein leiar med tyngde og legitimitet.