Tor Wennesland var FNs spesialutsending til Midtausten. No åtvarar han om at bistandskutt kan føre til meir krig og konflikt.

Tor Wennesland møtte Hamas i Gaza rett før 7. oktober-terroren:

– Eg var heilt sikker på at vi hadde fiksa det

Få dagar før Hamas gjekk til angrep på Israel, var FN-utsending Tor Wennesland inne i Gaza og forhandla med Hamas-leiinga. Han åtvarar om at bistandskutt kan føre til fleire og større krigar.

Publisert

Som diplomat har Tor Wennesland måtta sjå mordarar inn i augo og snakke med menneske han helst skulle sleppe å ha noko med å gjere. 

Då han drog heim frå Gazastripa etter å ha møtt Hamas få dagar før angrepet 7. oktober 2023, var han roleg.

– Eg drog heim. Eg var heilt sikker på at det hadde vi fiksa.

Gjennom fleire tiår som diplomat har han snakka med aktørar det kan vere både ubehageleg og politisk kontroversielt å ha kontakt med.

For Wennesland er det ein del av kontaktdiplomatiet.

– Du må vite kvar du vil i den samtalen, vite kvifor det kan vere vanskeleg for deg å snakke med dei, og vite kva du vil ha ut av den samtalen og den kontakten, seier han i podkasten Verdensproblemer. Han er aktuell som hovudperson i Marte Heian Engdals nye bok Et helsikes oppdrag.

Hausten 2023 skulle nettopp slike kontaktar føre han inn i eit møte med Hamas-leiinga.

Møtte Hamas-leiinga

Wennesland var då FNs spesialutsending for fredsprosessen i Midtausten.

Diplomaten Tor Wennesland har gjennom fleie tiår snakka med aktørar i Midtausten for å hindre nye konfliktar.

I vekene før 7. oktober hadde det begynt å ulme langs grensa mellom Gaza og Israel. Wennesland reiste inn i Gaza for å prøve å hindre at situasjonen utvikla seg til ein ny konflikt.

Der sette han seg ned med Hamas-leiinga.

– Då møtte eg dei og fann fram til eit forslag som eg håpte israelarane kunne godta, fortel han.

Eitt av tiltaka han arbeidde med, var å få opna igjen for palestinarar frå Gaza som hadde arbeid i Israel.

Etter eit par dagar roa situasjonen seg. Wennesland meinte faren var avverga.

Så kom 7. oktober.

Hugsar barna i gatene

Eitt bilete frå det siste besøket i Gaza før angrepet har festa seg hos Wennesland. Han var der midt på dagen, akkurat då eitt skuleskift var ferdig og eit anna skulle begynne.

– Gaza var stappfull av ungar som var pynta med fine kjolar og klede, som gjekk på skulen, fortel han.

Kontrasten var stor til då Hamas og andre væpna palestinske grupper kort tid etter gjekk til angrep på Israel. Wennesland skjønte raskt at dette ikkje kom til å bli som dei tidlegare krigane mellom Israel og Hamas.

– Det var det store omfanget av angrepet 7. oktober, talet på israelarar som blei drepne, og det sjokket det førte til i Israel, seier han.

Frykta regional krig

For Wennesland blei den første oppgåva å prøve å hindre at krigen spreidde seg.

Han reiste raskt til Libanon og snakka med sentrale aktørar der og med representantar for Iran.

Det som møtte han, overraska.

– Verken libanesarane eller iranarar var klare for å køyre linja til Hamas. Dei blei tatt litt på senga, trur eg. Eller litt meir enn det alle trudde, seier Wennesland.

Som FN-diplomat hadde han få harde maktmiddel til disposisjon.

– FN har ikkje to hangarskip som kan segle inn i Aust-Middelhavet og seie: «No sluttar de», seier han.

Dermed handla jobben om å finne dei punkta der diplomatiet faktisk kunne påverke utviklinga.

Gislane blei nøkkelen

Wennesland kom raskt fram til at gislane Hamas hadde tatt 7. oktober, måtte stå sentralt dersom ein skulle få til ei våpenkvile.

Han diskuterte dette med ein iransk representant, som drog til Doha for å snakke med Hamas. Wennesland gjorde det same nokre dagar seinare. I slutten av november kom ei mellombels våpenkvile og ei omfattande utveksling av gislar og palestinske fangar.

– Vi fekk ei fangeutveksling i slutten av november. Litt over 100 kom ut, seier han.

Men våpenkvila heldt ikkje. Wennesland meiner situasjonen på bakken var så kaotisk at Hamas ikkje hadde full oversikt over kvar alle gislane var – eller over dei som allereie var drepne.

– Må kunne snakke med folk

For Wennesland viser erfaringa kvifor diplomati i Midtausten er avhengig av personlege relasjonar. Han meiner denne typen diplomati skil seg frå mykje av det tradisjonelle diplomatiet i Europa. Ein kan ikkje alltid bygge prosessar steg for steg gjennom institusjonane.

– Denne forma for diplomati, altså den eg dreiv med, er og må vere meir relasjonell. Då må ein kunne snakke med folk, seier han.

Poenget er å ha relasjonane på plass før katastrofen skjer. Når krisa først kjem, må diplomaten vite kven han kan ringe – og kven som faktisk har tilgang til dei som tar avgjerdene. Det kan innebere å sette seg ned med menneske ein veit har blod på hendene.

Samtidig meiner Wennesland at det finst grenser for kontaktdiplomatiet.

– Dersom du skal drive kontaktdiplomati og drive blant skurkar, så må du vite kva for skurkar du ikkje skal halde deg til, seier han.

– Det å avverge konflikt er særs viktig

Når Wennesland ser tilbake på fleire tiår med norsk og internasjonalt fredsdiplomati, meiner han resultata ikkje berre kan målast i fredsavtalar. Eit diplomatisk resultat kan vere ein krig som aldri begynner. Ei opptrapping som blir stoppa. Eller menneske som slepp å bli drepne.

– Det å avverge at noko blir ein konflikt, det er særs viktig, seier han.

Då Wennesland begynte som FNs spesialutsending, fekk han ifølgje seg sjølv ei klar beskjed frå FNs generalsekretær António Guterres. Han venta ikkje at nordmannen skulle klare å skape fred mellom israelarar og palestinarar.

– Men for Guds skuld, prøv å unngå at det blir krig.

Få dagar før 7. oktober trudde Wennesland at han hadde klart nettopp det.

Utviklingspolitikken og bistanden har i fleire tiår vore ein viktig del av beredskapen i verda mot konfliktar, meiner den tidlegare norske toppdiplomaten Tor Wennesland. No fryktar han konsekvensane av at både bistanden og det multilaterale samarbeidet blir svekt.

– No har vi avvikla store delar av ei bufferordning vi har hatt internasjonalt i lang tid. Og det er utviklingspolitikken og bistanden. Den humanitære delen av den har gått rett ned, seier Wennesland i podkasten.

Han viser til dei mange millionane menneske som er drivne på flukt av krig, konflikt og klima- og miljøproblem.

– Dersom vi avviklar moglegheita internasjonalt til å gjere noko med det, så ligg det masse saftige konfliktar og ventar på oss rundt hjørnet, seier han.

Powered by Labrador CMS