Tap av inntekter har gjort at NRC Flyktninghjelpen har måtte avslutta og nedskalert sin innsats i land som blant anna Afghanistan. Her frå september 2026.

Spådde sterk nedgang:

Slik var inntektene til dei største bistandsorganisasjonane i fjor

Fleire norske bistandsorganisasjonar blei ramma av store internasjonale kutt og nedlegginga av USAID i 2025: – Det var eit ekstremt utfordrande år for NRC Flyktninghjelpen og resten av sektoren, seier Camilla Waszink i Flyktninghjelpen. Men ikkje alle organisasjonane tapte inntekter. 

Publisert

I 2025 blei bistandsbransjen ramma av store kutt internasjonalt. Fleire norske organisasjonar spådde krise. 

I årsrapportane til organisasjonane skildrar fleire året som blant dei mest krevjande hittil og som eit brytingsår og vendepunkt i internasjonal bistand. 

Særleg nedskaleringa og avviklinga av USAID blir trekt fram som utfordrande i tillegg til kutt frå fleire nøkkelgivarar som Storbrittania, Tyskland, Sveits og Nederland.

Til saman hadde organisasjonane 17,5 milliardar kroner i inntekt som omfatta internasjonal aktivitet i 2025. Det var ein nedgang på til saman 708,5 millionar kroner frå 2024. Altså ein nedgang på 3,9 prosent.

Samstundes var behova i felt meir omfattande enn på fleire tiår. 

Slik var inntektsåra 2024 og 2025 i dei ulike organisasjonane: 

Tabellen samanliknar organisasjonana sine inntekter som omfattar internasjonalt arbeid i 2024 og 2025.

Klart størst

Ei samanlikning av tala for 2025 frå dei ulike organisasjonane viser stor skilnad i økonomisk omfang blant dei norske bistandsorganisasjonane. 

NRC Flyktninghjelpen ruvar klart på toppen med inntekter på over 8,7 milliardar kroner i 2025. Det utgjer nærmare halvparten av dei totale inntektene for alle organisasjonane til saman. 

Organisasjonane Røde Kors, Redd Barna, Norsk Folkehjelp og Kirkens Nødhjelp har alle ei inntekt på mellom 1,2 og 3,5 milliardar kroner. 

SOS-barnebyar, Leger Uten Grenser, Plan International Norge, Regnskogfondet og Caritas ligg alle på under 700 millionar kroner i inntekt. 

Store konsekvensar

Fleire av organisasjonane opplevde, som varsla, økonomisk nedgang frå 2024 til 2025. 

Det gjaldt blant anna tre av dei største: NRC Flyktninghjelpen, Kirkens Nødhjelp og Norsk Folkehjelp. 

Desse organisasjonane har hatt til felles at ein stor del av inntektene kjem frå offentlege og institusjonelle tilskot, og dei var difor råka av globale bistandskutt og USAID-sjokket. 

Samstundes som NRC Flyktninghjelpen hadde klart størst inntekter i 2025,  var organisasjonen også den som hadde størst tap av inntekter same år. 

– Det var eit ekstremt utfordrande år for NRC Flyktninghjelpen og resten av sektoren, seier Camilla Waszink, direktør for partnarskap og policy i Flyktninghjelpen.

Portrett av Camilla Waszink i mørk blå bluse mot mørk bakgrunn.
Camilla Waszink.

Ho fortel at organisasjonen har vore nøydd til å tilpasse seg ei verkelegheit med ingen eller kraftig redusert støtte frå amerikanske myndigheiter.

Det har innebært å avslutte eller drastisk skalere ned innsatsen i land som Afghanistan, Sudan og Ukraina.

– I Afghanistan tvang kutta oss til å seie opp hundrevis av tilsette og stenge tre kontor. Dette betyr at jenter, kvinner og familiar som tidlegare fekk livsviktig støtte, ikkje lenger gjer det.

NRC Flyktninghjelpen sine kontor i Guatemala og El Salvador er også stengt og arbeidet i Mexico og Honduras er redusert.  

– Dei amerikanske kutta har hatt store konsekvensar for vår evne til å hjelpe menneske på flukt, og vi ser ingen moglegheit til å erstatte dette med midlar frå andre donorar.

Framleis aktive avtalar

NRC Flyktninghjelpen sin totale nedgang i inntekter frå 2024 til 2025 ligg på fire prosent.

– Vi leverer framleis på avtalar som blei inngått før kutta, og som gjer at vi inntil vidare kan gi livreddande hjelp til nokre av verdas mest sårbare menneske.

I 2024 og 2025 var Norge, USA, EU, Tyskland og Sverige NRC Flyktninghjelpens fem største givarar.

Rett i underkant av 20 prosent av organisasjonen si finansiering kom i 2024 frå USA og desse midlane bidrog til at organisasjonen kunne nå ut til omtrent 1,6 millionar menneske.

I 2025 falt talet til omtrent 15 prosent.

– Vi forventar ein liten nedgang i 2026 også, då vi ikkje har fått ny amerikansk støtte i år.

Forventninga er at 2027 også blir eit vanskeleg og uføreseieleg år med fleire kutt frå store donorar.  

– Situasjonen er framleis ekstremt utfordrande og konsekvensane av kutta vil gradvis bli meir synleg i åra som kjem, seier Waszink.

MSF-arbeidere bærer en kvinne på båre inn i et medisinsk tog i Pokrovsk.
Ukraina er blant dei viktigaste og mest prioriterte enkeltlanda for norske bistandsorganisasjonar. Her er Leger Uten Grenser i Pokrovsk nokre år tilbake.

Auka inntektene

Trass ein krevjande verdssituasjon opplevde ikkje alle organisasjonane nedgang i inntekter. 

Årsakene er samansette, men eit fellestrekk er at organisasjonane  som i større grad baserer seg på private givarar, har klart å opprettholde inntektene.

Røde Kors, Redd Barna, Leger Uten Grenser og Caritas, hadde alle inntektsvekst i 2025.

Slik forklarar dei inntektsveksten i årsrapportane: 

  • Røde Kors: Auke i Norad-midlar, opptrapping i Gaza, Ukraina og Sudan utløyste statlege og private midlar, samt stabile inntekter fra Norsk Tipping og Pantelotteriet.

  • Redd Barna: Vekst frå utdanningsfondet Education Cannot Wait, ekstra Norad-støtte til Ukraina og Gaza og fleire faste givarar.

  • Leger Uten Grenser: Tar null statsstøtte – auke i private donasjonar og testamentariske gåver.

  • Caritas: Ny såkalla strategisk partnerskapsavatale (SPA) med Norad, treårig Nansen-støtte til Ukraina/Moldova og auke i privat innsamling.

Regnskogfondet er eit unntak. Organisasjonen har klart seg bra trass at størstedelen av inntektene kjem frå det offentlege, internasjonale stiftingar og organisasjonar.

I 2025 hadde dei ei auke i løyvingar frå blant anna Bezos Earth Fund, Tysklands departement for økonomisk samarbeid og utvikling (BMZ), Norad og Norges internasjonale klima- og skoginitiativ (NICFI).

Powered by Labrador CMS