
Ei steinverd på enden av ein sandveg
Tengenenge er en litt melankolsk, men inspirerande skulpturpark, og en magisk kunstnarlandsby i Zimbabwe.
Kunstnar samfunnet Tengenenge ligg to timar nordvest for hovudstaden Harare i Zimbabwe. Den no 86 år gamle irsk/sørafrikanske skulptøren Thomas Blomfeld kom frå Sør Afrika til Zimbabwe for å prøve lukka som tobakksfarmar og kunstnar. Oppvaksen med ei mor som var pottemakar, og ein far som var snekker, inspirerte Blomfeld til å kombinere business med kunstnarisk virke. På grunn av alle sanksjonane mot daværende Rhodesia, blei tobaksplantasje straks vanskeleg å drive, og etter å ha funne stor mengder serpentin på eigedomen, bestemte Blomfeld seg for å selje størsteparten av plantasjen og dedikere resten av til gruvedrift og skulpturpark, noko som førte til: Tengenenge Art Community.
Vi har køyrt lengje på denne støvete raude sandvegen no, sola steiker, og eg kjenner meg ganske usikker på om vi nokon gong kjem til å finne denne staden. Med dei halvvegs klarifiserande beskrivingane frå lokale i landsbyen Mvurwi, kjennast det ikkje ut som om denne støv vegen vil nokon ende ta, og idet vi vurderar å snu og køyre tilbake, skimtar vi eit lite heimelaga tre skilt som peiker oss i retning: Tengenenge Arts Community.
Hjartet mitt gjer eit lite hopp, for rundt neste sving møter meg eit av dei vakraste syn eg har sett på lengje: eit hav av detaljert utskjærne stein figurar frå ulike typar serpentin. Dei skin i sola, i svarte, brune, grøne og raude nyansar, der er kvinner, menn, born, nokre ståande åleine, medan andre står tett omslyngd, der fins ulike dyr, og eg blir med eit fanga i ei slags steinverd der alt likevel kjennast so fullt levande. I denne perplekse tilstanden kjenner eg ein stor sorg over kor få det er som kjem til å dele dette synet med meg med tanke på den reelle av-turistifiseringa og generelt dårlege økonomien i dagens Zimbabwe.
Blessed Kaweka
Det lille reisefølgjet går ut av bilen, fortfarande fortumla over dette landskapet av figurar, og meg imøte kjem ein av dei som har ansvaret for den daglege drifta av skulpturparken: Mr. Blessed Kaweka. Han er nesten meir fortumla enn meg, fordi det er ikkje ofte det kjem besøkande langs desse vegane, og gleda han viser i ein særdeles varm velkomst, får oss til å føle oss umiddelbart heime blant arbeidande skulptørar, statuer i alle formar og figurar og borna frå landsbyen som nyfikne kjem for å sjå på dei nyleg ankomne.
Etter dette fyrste møtet med Tengenenge, bestemmer eg meg for å ta same turen veka etter, ta med meg kamera og notis blokk, og gjere eit intervju med kunstnarar og drivarar av Tengenenge Arts Community.
Ideologi og drivkraft
Eg er naturleg nok nyfiken på korleis ein kan drive ein skulptur park, eit museum og ein liten kafé med nesten ingen besøkande , og med alle store shipping alliansar til Amerika og Europa, trukke tilbake sidan 2000, er det heller ikkje store mogelegheiter for store kvanta sal til utlandet. Mr. Kaweka fortel meg at kvar enkelt kunstnar her eit lite ”kvartal” av parken kvar der dei sel sine figurar. Kunstnaren får 65 prosent av salet, medan dei resterande 35 prosent går til administrasjon og innkjøp av utstyr som meisel, hammar, sandpapir og polerings krem. Råe steinblokker, elektrisitet og vatn kjem frå gruvedrifta som vart starta av Bloemfeld i takt med ideen om å ha eit skulptur virke Tengenenge. Til trass, og ettersom det ikkje er mykje sal, undrar eg meg på kor inntektene kjem frå, og min guide fortel meg at takket være nokre sporadiske donasjonar frå den tyske og italienske ambassade, samt stor innsatsvilje og fundraising frå den internasjonalt kjende Harare baserte kunstnaren Dominic Behnwa, som no offisielt eig Tengenenge, so klarar kunstnarane å overleve frå hand til munn.
Prisane på kvar enkelte skulptur beregnes i forhold til type stein, storleik, avansert figurering og tekstur variantar, og samanlikna med norsk pris og kvalitet generelt er det, i følgje mi meining, låge prisar for uhorvelege mengder arbeid. Men desse gutane virkar avslappa i forhold til dette med inntekt, det er nesten som om det sosiale og mogelegheita til skape er inspirasjon nok for å halde fram med å hogge ut nye idear i stein på dagleg basis. Ettersom dei sjeldan sel noko som helst, er skulptur parken som eit einaste stort landskap av varierte skulpturar, for kvar kunstnar har sin eigen stil og Mr. Kaweka under strekar at dei legg stor vekt på å halde på sine individuelle uttrykksform.
Inspirasjon
Når eg spør kva som inspirerar kunstnaren Cosmas Chingandi, svarar han at han er inspirert av det som kvardags livet tilbyr han , det generelle livet, folke historier og aller mest; kjærleiken som finnast mellom mann og kvinne og mellom mor og born. Andre kunstnarar har spesialisert seg på ulike dyr, til dømes kunstnaren Mycos Mapuranga, som berre lagar skulpturar av ugler, ein fugl som i følgje Shona folket sin tradisjon er eit teikn på død og ulukke. Mapuranga prøver gjenskape dette gjennom sitt uttrykk i dei ulike uglane sine ansikt.
På veg inn i landsbyen får vi møte ein av dei eldste steinhuggarane i Tengenenge: den 96 år gamle Amali Malola, opptrinnleg frå Malawi, og hans Zimbabwiske kone Kilala. Dei har budd i Tengenenge sidan han kom til Zimbabwe for sytti år sidan. Dei har sidan fått fire born, og resulterande barnebarn, og alle skulptørar og jobbar og bur i landsbyen. Kona Amali påpekar stolt at det var ho som fikk Amali til å velje steinhuggar som yrke, og han seier seg velvillig einig i si kones attributt. Dei viser oss stolt sine skulpturar, og eg skjønner raskt at desse to eldre møter stor respekt blant dei yngre skulpturane, både i form av inspirasjon og tolmod. Det er fascinerande å få høyra historia til dette gamle ekteparet, og sjå den reflektert stein skulpturar.
Landsbygd livet
I landsbyen bur det 80 familiar, og til saman er det ca 300 kunstnarar, både frå Tengenenge og landsbyane rundt, som jobbar på området. Her dyrkast all maten i små kjøkkenhagar og større åkrar ikring, og dei grønkledde fjella som omkransar Tengenenge gjev den eit litt eventyrisk preg. Det er sjeldent å sjå ein so veldrive, ryddig og artistisk landsby i rurale Zimbabwe. Tengenengerane gjer seg flid i sitt arbeid i å halde denne landsbyen ryddig, og det er blomstrar på kvart eit trappetrinn, leir hyttane er mala i ulike fargar, og gatene er pryda med grøne hekker og skulpturar. Utanom dette er Tengenenge ein vanleg Zimbabwisk landsby, der geiter og høner regjerer gatene, der sadza (den lokale maisgrauten) blir kokt over open eld, og borna leikar med hjul og pinne eller høgde hopp konkurranse i næraste bakkehell. Det er vakkert i Tengenenge, det virkar som ein harmonisk plass å bu å jobbe, ein pust for oss som kjem frå byliv, og eit grønt avbrekk i vår eigen asfalterte kreative omgiving. Med ei ny dose inspirasjon, og vel vitande om at vi er hjartelege velkomne tilbake, takkar vi for oss, og sett kursen frå ´begynning av begynninga´ mot Harare ´byen som aldri søv´.