Kreativitet som reiskap

Musikk er ein vesentleg del av den Zimbabwiske kvardagen. Men skulen St. Giles i Harare er ei av dei få utdanningsinstitusjonane i landet som har teke musikken under tak og nytte den i undervisning av born med fysiske handikap.

Publisert

St. Giles starta som eit rehabiliteringssenter under det tidligere mindretalls styret i dåverande Rhodesia. Seinare, etter eit polioutbrot i 1960, blei senteret utvida med ein skule og to sovesalar for dei borna som kom frå landet eller forstadene. Skulen var dermed ein av dei fyrste grunnskulane som tok imot dei borna som trengte fysisk opptrening og spesielle undervisningsopplegg.

I starten var majoriteten av elevane ved St. Giles born med bevegingsvanskar. Seinare bestemte institusjonen seg for å inkludere born med syns og -hørselsskadar, og i dag er St. Giles den einaste grunnskuleinstitusjonen i landet som dekker alvorlege fysiske utviklingshemmingar innan alle kategoriar.

Ein dedisert lærar

Artisten og læraren Ticha Muzavazi kom til St. Giles i 2007, som del av sin tre månaders praksis gjennom studiet i Special Teacher Education in Visual Impediments ved United College of Education i Bulawayo, den nest største byen i Zimbabwe. Etter fullført praksis, kjente han eit sterk drag mot denne institusjonen og elevane, og bestemde han seg for å avslutte sin dåverande jobb.

Rett før jobbstart ved St. Giles, hendvendte Muzavazi seg til Redd Barna i Zimbabwe og spurte om ein donasjon til innkjøp av mbira, landets nasjonalinstrument. I februar donerte Redd Barna 10 mbira til musikkundervisning. Muzavazi kunne starte sitt arbeide med ferske instrument og eit heilt ny tilnærming til undervisning.

I mai same år initierte han det aller fyrste kulturarrangementet ved skulen, der han inviterte alle spesial barne og -ungdomsskular i regionen. Med dette ynskja han å synleggjere det framsteget elevane ved St. Giles hadde oppnådd gjennom å inkludere meir praktisk aktivitet som del av det generelle undervisningsopplegget og vidare, oppfordre andre skular til å nytte liknande metodar.

Aukande engasjement

Mange av foreldra til elevane ved St. Giles har engasjert seg i senterets arbeid og ser viktigheita av musikken i undervisninga. Dei, i samarbeid med skulens styre og lærarar, hendvender seg stadig til organisasjonar og sponsorar i håp om å få vidare bistand til betaling av skulepengar, samt ekvipere og oppgradere senteret med nødvendig opptreningsutstyr, undervisningsmateriell og fleire musikkinstrument.

Grunna Musavazi og foreldras stadige engasjement, har både andre spesial skular og organisasjonar fått augo opp for metoden som nyttast ved St. Giles. I januar 2011 donerte UNICEF 14 blindeskrift skrivemaskiner for bruk i Brailleundervinsing (blindeskrift). Dette var eit etterlengta tilskot til skulens elles limiterte 3 maskiner fordelt på 20 trengande elevar.

In november 2011 fullførte mbira ensemblet ved skulen ei plateinnspeling etter at ein musikkprodusent såg borna opptre ved eit kulturarrangement i Bulawayo og ynskja gje dei mogelegheita til å lydfeste det flotte arbeidet. STICHES, som er namnet på albumet, er inspirert av å knytte band, binde saman det sosiale samfunnet i Zimbabwe og strikke positive haldningar.

Muzavazi tok eit personleg val for å betre kvardagen til born med fysiske utfordringa. Gjennom musikk og poesi, begge Muzavazi sin pasjon utanom lærarjobben, samt teiknekurs og drama, har han skapt ein arena kor elevane kan gjenoppdaga sine eigne talent og auke si sjølvkjensle gjennom praktisk og kreativ utfolding.

 

Powered by Labrador CMS