
Til Sør-Afrika med korps som kompass
Eit norsk/sørafrikansk korpsprosjekt skaper holdninger og musikkglede blant ungdommer.
Om ein ynskjer eit uvanleg og kontrastfylt liv, er der berre å sjå for seg å bu seks månader av og på Bergen - Johannesburg, ei pendling Silvelin Havnevik (36) frå Skjevik i Molde føreteke dei siste fem åra.
Silvelin er koordinator for Norges Musikkorps Forbund (NMF) prosjektet Bands Crossing Borders (BCB), ei musikalsk utveksling som har pågjenge sidan 2001. Utvekslinga er finansiert av Fredskorpset og er eit samarbeid med NMF og Field Band Foundation (FBF) med hovudkontor i Johannesburg, Sør-Afrika.
Silvelin sine hovudoppgåver går ut på å følgje opp og administrere koordineringsansvaret for både Nord-Sør deltakarar i Johannesburg og Sør-Nord deltakarane på Hamar, noko ho gjennomfører frå begge hald, med god hjelp frå lokale musikarar og tidlegare prosjekt deltakarar. Hun var sjølv deltakar på prosjektet i 2004, ikkje som musikar, men som antropolog, og etter at ho var ferdig med utvekslinga, blei ho attende i Johannesburg for å følgje opp det arbeidet ho hadde starta opp.
Fattige bystrøk
I Sør-Afrika har prosjektet hovudfokus på å jobbe i fattige bystrøk med menneske frå ulike kulturell bakgrunn i og rundt Johannesburg. Dei siste åra har Field Band Foundation ynskja eit sterkare fokus på haldningsskapande arbeid og har samstundes erfart betydninga det har i den sør-afrikanske ungdommens si utdanning, både som musikarar og menneske i eit samfunn som dominerast av fattigdom og kriminalitet.
Musikken var ikkje nok, men i kombinasjon med ulike metodar innan livskunnskapsutdanning, kan den brukast som eit middel for å komme i kontakt med ungdom uansett bakgrunn og erfaring
- Det starta som eit reint musikkprosjekt. Fokus på hiv/ aids kom naturleg som følgje av spreiinga i Sør-Afrika (ein antar at minimum 18 prosent av befolkninga er smitta). Etter ynskje frå mellom leiarane (lærarar og bandleiarar) ble fokuset utvida til generelle livsholdninger. I dag er FBF ein organisasjon som bruker musikk og dans til å nå ungdom, mens utvikling av samfunnsevner er den eigentlege målsettinga. Eg opplev at dette er noko NMF har blitt meir bevisst på gjennom sitt samarbeid med FBF. NMF er et utdannings prosjekt på linje med FBF og vi har same mogelegheit til å påverke norsk ungdom inn i ein positiv holdningsspiral. Nye prosjekt, som Born to Play og Hot ’n Funky, er for meg tydelege bevis på at NMF er seg meir bevisst sitt ansvar innan haldningsskapande arbeid, fortel Silvelin.
Nord - Sør deltakarane
Dei norske deltakarane som no er i Johannesburg heiter Helene Færestrand, Ragnhild Sandbakk, Odd Erik Nordberg og Jørgen Nilsen, den sistnemnte som den fyrste deltakaren med barnevernspedagogikk som bakgrunn for Nord - Sør utvekslinga, i tillegg til erfaring som slagverkar.
Desse jobbar hovudsakeleg i townships i Gautengprovinsen rundt Johannesburg. De har begrensede undervisnings ressursar i tøffe omgivingar. Hovuddelen av arbeidet dei norske utførar er å undervise musikkfag, samt korpsdrift - innføring i alt relatert til korpsdrift, inkludert rekruttering og planlegging og gjennomføring av øvingar.
Utover dette, er der og eit stort rom for påverknad frå den afrikanske musikk kulturen, og dermed har dans, bevegelse og afrikanske songar fått stor innpass i korpsmusikken. Noko av det viktigaste med dette uvekslings arbeidet er målet om at arbeidet skal kunne leve vidare etter prosjektslutt, og at musikarane i Johannesburg kan etterkvart ta over lærar jobbane som dei norske no utførar. Dette gjer at Nord - Sør deltakarane jobbar med å utdanne ungdommen, både med tanke på framtidige musikarar og like viktig, framtidige lærarar. Field Band Foundation jobbar med kompetanseheving, og antall lærarar i utvekslinga veks i takt med behovet, for det finns meir enn nok kunnskapstørst ungdom, både i Sør og i resten av Afrikas land.
Skule prosjekt
Eit anna framtidig prosjekt er oppstart av skule, der pilot prosjektet, som startet 20. oktober i år, n har motteke støtte frå Norad og Fredskorpset. Neste års Nord - Sør deltakar vil dermed utgjere staben på denne skulen, som dei har valt å plassere i KwaZulu/Natal-provinsen, i byen Dundee, som ligg 5,5 timar øst for Johannesburg.
- Dette vil vere ei skjerma og passande plassering for den type skule. På den måten blir elevane tatt ut av sitt lokal miljø, noko som vil gje dei eit betre fokus og rom for å studere i rolegare og mindre kriminelle miljø, meinar Silvelin.
Undervisinga tar utgangspunkt i folkehøgskule prinsippet, med ei helhetlig vinkling på elevane, slik at alle blir sett og utfordra utifrå utdannings og individuelt nivå. Elevane vil få undervisning i 6 - 8 vekers periodar, med pausar innimellom, slik at dei kan studere i kombinasjon med å følgje opp dei forpliktelsar dei har i heimen. Dette gjer at kvar enkelt student vil bruke lengre tid på å fullføre utdanninga si, opptil 2,5 år, men samstundes vil denne modellen gje fleire muligheita til å kombinere heim, øving og førebuing med utdanning.