Auka innsats mot aids

NORAD har kamp mot fattigdom som si fremste oppgåve i åra som kjem. Krigane og dei interne konfliktane me ser i mange land i Afrika har utspring i fattigdom. Også utviklinga av hiv/aids har blitt eit alvorleg trugsmål i kampen mot fattigdom.

Aids er så omfattande og gjennomgripande på alle nivå i dei landa i Afrika Noreg samarbeider med, at det ikkje er mogeleg å sjå isolert på problemet. Sjukdomen kan ikkje avgrensast til eit helseproblem, den er i aller høgste grad eit samfunnsproblem og alle tiltak må sjåast i ein slik samanheng.
Trass i mange gode døme på at arbeidet mot aids nyttar, er det globalt framleis ein bratt auke i talet på hiv-smitta.
Så langt har tragedien nådd, at i ein del land i Afrika er ein firedel av folkemengda hiv-smitta. 24 millionar menneske der ber viruset i kroppen.
I 1998 mista 200.000 menneske livet på grunn av konflikt og krig i Afrika sør for Sahara, mens så mange som 2,2 millionar døde av aids. Hardast råka er dei produktive aldersgruppene mellom femten og femti år.
Hiv og aids er eit utviklingsproblem og i kampen mot sjukdommen er dei enkelte landas økomiske, sosiale og politiske føresetnadar viktige, i tillegg til vilje til å gjera noko med problema.
Men Noreg og andre rike land kan gje viktig støtte. Det er derfor gledeleg at Utanriksdepartementet i tett samarbeid med NORAD aukar innsatsen i kampen mot aids. Noko me truleg vil sjå fylgjene av i det budsjett-framlegget regjeringa no arbeider med. UD har sett ned ei embetsmannsgruppe som har særskilt ansvar for å drive arbeidet mot hiv og aids vidare.
Målet er å samle ein brei allianse mellom styremaktene, næringslivet og frivillige organsiasjonar i arbeidet mot hiv og aids.
Og me har døme på at det nyttar. NORAD har til dømes støtta Aids-førebyggjande tiltak i Tanzania. Eitt av helseprogramma der tok til i 1993, og sidan då har talet på smitta gått kraftig ned. Også i andre afrikanske land, som Zambia og Malawi har styremaktene sett i verk tiltak mot aids som norske styremakter har støtta.
Slike lokale tiltak er sjølvsagt det aller viktigaste, i tillegg til at me som samarbeidsland mykje sterkare må ta inn over oss at kampen mot aids er avgjerande for at fattigdomsproblema skal kunne løysast.

AV

Powered by Labrador CMS