Behov for bistandsdebatt

Aldri før har det kome så mange debattinnlegg til Bistandsaktuelt som det gjer no. Og aldri før har så mange av dei vore kvalifiserte til spalteplass.  Ei av oppgåvene til Norads informasjonsverksemd er å bidra til god bistandsfagleg debatt så ingenting gler oss meir enn at fagbladet blir brukt til det. Pågangen er no så stor at me ikkje har plass til alt, men sender dei vidare til heimesidene våre.

Publisert

Men kvifor blir dette som oftast ein internt debatt for «bistandsbransjen?» Kvifor er det ikkje meir debatt i dagspressa? Noreg brukar over 14 milliardar kroner i året på bistand totalt - eller om lag 3000 kroner årleg per nordmann. Ein må undre seg over at det ikkje er meir offentleg debatt om korleis desse pengane blir brukte. Når dei store katastrofene inntreffer, er media der. No er det Darfur og det er vel og bra at lidingane der får spalteplass. Men så kjem dei forutsigbare oppfylgjingane, som t.d. frå dei frivillige organisasjonane som klagar på at det er vanskeleg
å samle inn pengar. Det er legitimt å klage over nordmenn med tjukke lommebøker som ikkje vil gje til dei naudlidande i Sudan. Men er det dette debatten skal handle om? Mesteparten av det som blir skrive er skildrande - svært lite er problematiserande om norske aktørars rolle, mogelegheiter og avgrensingar.

I den grad det er debatt, dreiar den seg om mengda pengar. Nivået på bistandsbudsjettet, innsamling av pengar ved katastrofer og rike nordmenns manglande bidrag av eigne pengar. Det er lite debatt om val av land, kanalar, tiltak eller kva tematiske prioriteringar som blir gjort.

Og det er mykje å debattere. Regjeringas Stortingsmelding «Felles kamp mot fattigdom» kom i vår. Det kom ei «motmelding» frå Norsk Utanrikspolitisk Institutt med «kritisk blikk på regjeringens utviklingsmelding.» Dette er ein viktig del av den norske utanrikspolitikken, men den offentlege debatten rundt det er nerast fråverande (med unntak av i Bistandsaktuelt).

Tidlegare NRK-sjef Einar Førde skreiv i sommar ein tankevekkande artikkel i Bergens Tidende der han tok for seg den offentlege debatten. Han etterlyser vilje hjå media til å ofre dei vesentlege spørsmåla større merksemd. Førde skriv at det offentlege ordskiftet i stadig større grad er prega av personfokusering og perifere saker. Oppmodinga frå Einar Førde bør takast på alvor, ikkje berre av media, men av alle som ønskjer å vera aktørar i samfunnsdebatten. Ikkje minst alle dei som bør ha meiningar om eit så sentralt tema som kamp mot fattigdom og Noregs forhold til dei fattige landa.

Powered by Labrador CMS