Benedicte Giæver går av som leiar i Norcap
Det kjem fram i to interne e-postar til dei tilsette i Norcap og Flyktninghjelpen.
– Etter nøye vurdering har eg bestemt meg for å tre av frå rolla mi som Norcap-direktør, skriv Giæver sjølv i ein av mailane som blei sendt ut til Norcap-tilsette tysdag.
Ho har arbeidd i organisasjonen i ei årrekkje, men seier no at det er på tide å la nye krefter ta over leiarstillinga.
Sjølv skal ho ta eit sabbatsår før ho kjem tilbake i organisasjonen, denne gongen som spesialrådgjevar i Flyktninghjelpen. Dette er bestemt i samråd med generalsekretær i Flyktninghjelpen, Jan Egeland, viser e-postane Panorama Nyheter har fått kjennskap til.
Nepotisme-sak i Norcap
Giævers avgang kjem knapt to månader etter at Panorama Nyheter avslørte ei alvorleg nepotismesak i Norcap.
Norad konkluderte med at ein mellomleiar hadde misbrukt stillinga si til å hjelpe dottera inn i ein Norad-finansiert FN-jobb, og kravde 2,1 millionar kroner tilbake frå Flyktninghjelpen. Direktoratet kritiserte òg organisasjonen for at saka var kjend på leiarnivå lenge før Norad blei varsla. Giæver erkjende overfor Panorama at Norad burde ha blitt varsla tidlegare, og sa at Norcap hadde skjerpa kontrollrutinane etter saka.
Det går ikkje fram av dei interne e-postane Panorama har sett at avgangen hennar har samanheng med denne saka.
Søker ny leiar
I ein annan mail frå Egeland sendt ut til alle tilsette i Norcap og Flyktninghjelpen, bekreftar han Giævers avgang i Norcap og takkar ho for innsatsen ho har lagt ned i leiinga og utviklinga av organisasjonen sidan ho trådde inn i posisjonen i 2003.
– Under Benedicte si leiing har Norcap blitt synonymt med høg kvalitet, fleksibel ekspertise og strategiske partnarskap for å levere betre respons, styrke partnarar og institusjonar, og dessutan å drive systematiske forbetringar i bistandssektoren, skriv han.
Egeland skriv i mailen at dei snart vil lyse ut posisjonen som Norcap-direktør.
I mellomtida vil Stine Paus vere konstituert som Norcap-direktør. Ho har tidlegare jobba som programleiar, landdirektør, direktør for institusjonelle partnarskap og regiondirektør i organisasjonen.