Kommentar:
Epstein-høyring på hermetikk
Vil svara frå statsrådane stå seg når Epstein-kommisjonen legg fram rapporten sin? Ei tidlegare gransking av UD gir grunn til å stille spørsmålet.
«Ikkje-svar er også svar», sa ein av medlemene i Stortingets kontroll- og konstitusjonskomité til meg i ein av pausane under Epstein-høyringa torsdag ettermiddag.
Men etter to dagar, elleve ministrar og ein Norad-direktør hadde vi framleis ikkje fått mange nye svar på fleire av spørsmåla vi på førehand hadde håpa skulle bli stilte. Men stortingsrepresentanten verka fornøgd likevel.
Kanskje hadde vedkomande eit poeng.
Granskninga av UD etter tsunamien i 2004
For det finst ein historisk parallell til det som gjekk føre seg på Stortinget denne veka.
Etter tsunamien i 2004 fekk UD kraftig kritikk for handteringa av katastrofen. Departementet hadde verka handlingslamma då norske borgarar trong hjelp. Åslaug Haga, som den gongen var leiar i Senterpartiet og tidlegare UD-diplomat, skildra ein fryktbasert ukultur i departementet.
Torgeir Larsen, som i dag er utanriksråd og dermed øvste embetsmann i UD, skreiv den gongen eit innlegg i Dagbladet som «tidligere UD-ansatt». Der hevda han at få som jobba i UD, ville motseie Hagas skildring.
Fleire av toppane i departementet avviste at UD hadde eit slikt problem.
Så kom Reinås-utvalet med rapporten sin i april 2005. Der blei det dokumentert ei autoritær og fryktbasert leiing, uklare beskjedar og eit gjennomgåande lågt teknologisk nivå. Utvalet avdekte også mangelfull personalleiing, organisering og oppfølging av dei tilsette.
Sprik i skildring av departementet
Tilbake til Stortinget, 21 år seinare. Det er lenge sidan 2005, og særs mykje har skjedd med UD og kulturen der.
Likevel har det igjen hagla med påstandar om ukultur i UD. Denne gongen er hovudspørsmålet om kulturen i departementet kan ha bidratt til at Terje Rød-Larsen og Mona Juul kunne pleie kontakten med ein dømd seksualforbrytar, samstundes som Juul hadde sentrale diplomatiske stillingar og Rød-Larsen fekk pengar til tenketanken sin.
Under høyringa var det nærmast rørande semje blant dei tidlegare og noverande statsrådane om at det ikkje fanst nokon ukultur i UD. Dag Inge Ulstein og Åsmund Aukrust var blant dei få som vedgjekk at rotasjonsordninga, der tilsette blir sende ut til utanriksstasjonane, kan ha sine sårbarheiter.
Mykje av det som blei sagt om norsk diplomati, utanrikstenesta og bistandsforvaltninga, var både interessant og opplysande. Ikkje minst då USA-ambassadør Anniken Huitfeldt snudde opp ned på førestillinga om det lukrative diplomatlivet. Ho fortalde kor vanskeleg det kan vere å rekruttere folk til utanriksstasjonane. Ikkje alle kastar seg med liv og lyst over fleire år i Riga, Juba eller Dhaka. Og i norsk utanriksteneste er det fleire slike postar enn det er av typen New York og Paris.
Men det er langt frå det biletet statsrådane teikna av UD, til skildringane tidlegare tilsette har gitt Panorama.
Erik Berg, som var hovudverneombod og mangeårig UD-tenestemann fram til 2013, meinte svara frå statsrådane var upresise og unyanserte. Han meiner kontrollkomiteen har stilt spørsmål til feil folk. Statsrådane har normalt liten kjennskap til misnøye med den interne leiinga, eller til om tilsette er redde for å seie seg usamde med politikarane og embetsverket.
Berg samanlikna politikarane på toppen med gullfiskar som sym rundt i ein bolle, utan å sjå at dei er omgitt av tette glasveggar.
Også Per Øyvind Bastøe, tidlegare evalueringsdirektør i Norad og mangeårig UD-tenestemann, meiner høyringa ikkje fekk fram den ukulturen han meiner finst i departementet. Til Panorama skildra han eit A-, B- og C-lag av tilsette, og peika mellom anna på korleis rekrutteringa til stillingar i utanrikstenesta går føre seg.
Ingen av dei jobba i UD i går, men det finst kanskje poeng i det dei fortel, som vi kan lytte til likevel.
Djuves utval kan bli fasit
Det er uansett eit stort sprik mellom skildringane til tidlegare tilsette og svara frå statsrådane som har hatt det øvste ansvaret for departementet.
Og her kjem hermetikken inn.
Tilbake i høyringssal 1 på Stortinget minna representanten meg om at høyringa kanskje først og fremst vil vise verdien sin i ettertid.
For éin ting er korleis svara frå statsrådane høyrest ut no. Noko heilt anna er korleis dei vil stå seg når Amund Djuve og Epstein-kommisjonen legg fram rapporten sin i slutten av januar 2028. Då vil vi kunne halde det statsrådane sa denne veka, opp mot det kommisjonen faktisk finn ut om kultur og kontroll i utanrikstenesta.
Det er sjølvsagt ikkje gitt at granskinga vil avdekke ein ukultur av same type som Reinås-utvalet dokumenterte i 2005, eller eingong på det nivået Bastøe eller Berg skildrar. Vi kan ikkje utelukke at Djuve og hans folk vil finne like lite som Stortingets kontroll- og konstitusjonskomité gjorde denne veka.
Men dersom kommisjonen finn noko meir alvorleg om ukultur eller manglande kontroll, kan svara frå høyringa få ein heilt annan verdi enn dei hadde torsdag ettermiddag.
Og då kan det vise seg at stortingsrepresentanten hadde rett: Ikkje-svar er også svar.
Januar 2028 verkar langt unna no. Men når rapporten ligg på bordet, kan desse to dagane i høyringssal 1 på Stortinget brått kjennast nære.
Les også:
-
– Stortingets kunnskap om utviklingspolitikk er nesten fraværende
-
– Joda, det er flere tegn til ukultur i UD-systemet
-
Ukontroll og uvitenheit i Stortinget
-
Støre avviser ukultur i Utenriksdepartementet
-
– Norge bør gjøre mer fredsarbeid, ikke mindre
-
– Bortkasta skattepengar
-
11 ministre møter til Epstein-høring - må svare om bistandsforvaltning