Epsteinhøyringane:
Norad-direktøren opnar for å overta meir ansvar frå UD
Torsdag forsvarte Norad-direktør, Gunn Jorid Roset, kontrollen over norsk bistand i Stortinget. Til Panorama seier ho at ho meiner at hovudbodskapen hennar nådde fram.
Ein letta Norad-direktør møter Panorama Nyheter like etter å ha vore inne i høyringssalen på Stortinget.
Gunn Jorid Roset var den einaste utanom dei tidlegare- og noverande ministrane som var innkalla til Stortingets kontroll- og konstitusjonskomite for å svare på spørsmål om kontroll og kultur i utanrikstenesta.
– Eg synest det var veldig fint. Altså, det er eit alvor, men det var gode spørsmål.
Ho er positiv til at Stortinget ønsker å belyse bistandspolitikken og bruken av bistandsmildar.
– Men eg trur vi må vere ærlege på at tilsette i Norad, i likskap med mange av ministrane, kan bli leie seg for at enkeltsaker gjer at heile fagfeltet blir sett i tvil.
– Noradtilsette jobbar i Norad fordi dei ønsker å bidra til endring i verda og god forvalting av norsk bistand.
– Korleis følast det å måtte forsvare dette?
– For meg som leiar, er det viktig å minne alle om at det vi gjer er kjempeviktig og å vere Norads ansikt ut og synleggjere den innsatsen og resultata som blir oppnådd.
– Det er trass alt hovudhistoria om norsk bistand.
Svare for 20 år
Roset trådde inn i stillinga som direktør i 2025. Høyringa skulle ta føre seg dei siste 20 åra.
I førebuingane har ho sett på kva komiteen har vore opptatt av å få belyst.
Det var blant anna kontrollsystem, habilitetsvurderingar og openheit rundt avgjerder om pengebruk innafor bistandsbudsjettet.
– For oss har det vore viktig å få synleggjort Norads gode rutinar på det.
– Du starta i fjor. Var du bekymra for at det var spørsmål det skulle bli vanskeleg å svare på?
– Eg er veldig trygg på at Norad over mange år, lenge før eg kom inn, har jobba veldig godt med gode forvaltingssystem. Vi kunne vise til denne gode innsatsen og bidra til at folk får tillit til at norsk bistand blir fordelt på bakgrunn av gode, faglege vurderingar.
– Vist at vi kan levere
Roset var blant dei siste inn på høyringane. Berre den noverande utanriksministeren og utviklingsministeren var etter henne.
Ho følgde med på høyringane både onsdag og torsdag.
– Eg merka meg at det var gjort referansar til forvaltingsgrepa som er gjort med reformene og overføring av meir ansvar til Norad. Eg var førebudd på å svare på kva Norad har gjort for å få desse reformene til å fungere godt.
Fleire av ministrane framheva flytting av ulike ansvarsområde frå Utanriksdepartementet til Norad som gode grep. Nokre meinte at Norad burde ta enda meir.
– Eg tenker vi ville ha gode system og kunnskap for å handtere det. Det skal vi kunne klare om politisk leiing ønsker det, seier Roset.
– Synest du det hadde vore fornuftig?
– Eg tenker at det er ei politisk avgjersle, men det som har blitt gjort til no, meiner eg har vore fornuftig.
Viktigast meiner Roset likevel det er at systemansvaret og ansvar for opplæring ligg i Norad slik at det er den same opplæringa og same forvaltingssystem for alle.
– Fred og forsoning – bør det over?
– Eg forheld meg til den arbeidsdelinga som er bestemt. Blir avgjerda ei anna, så skal vi justere deretter.
– Men de hadde hatt kapasitet?
– Eg tenker i alle fall at vi har vist at vi har kunnskap og evne til å endre oss og levere raskt, seier Roset.
Ho trekk fram eksempelet om forvalting av humanitær bistand som blei overført til Norad i 2024. Mange var skeptiske til at Norad ikkje skulle klare å jobbe raskt nok. Det var eit av argumenta for at det måtte vere i Utenriksdepartementet.
– Norad har vist at vi kan levere på eit bredt sett av ulike tematiske og geografiske innsatsar.
Den viktigaste bodskapen
Om temaet kultur seier Roset at ho opplever at Norad sin er open.
– Det er lov å ytre seg, ein søker- og får stillingar basert på kvalifikasjonsprinsippet og vi har eit sterkt habilitetssystem. Ein kan aldri utelukke enkelttilfelle, men at Norad har ein sterk kultur for integritet og gode vurderingar, det vil eg absolutt seie.
Roset syntest ingen av spørsmåla var lette å svare på. Stortinget ønskte konkrete svar.
– Eg ønsker å svare konkret og presist. Ein del av det dei lurer på ligg litt i den politiske dynamikken mellom direktorat og departement. Det er det aldri heilt ein fasit på. Det er ein levande dynamikk.
Stortinget pressa også Roset på tema risiko ved bistandsarbeid.
– Det er viktig å forstå at bistand, om det er humanitært eller anna, går føre seg i risikoutsette land eller område. Vi skal ta den risikoen, men vi skal ha gode system for å handtere det.
Det viktigaste for henne var å få fram tydeleg at norsk bistand forvaltast basert på kunnskap.
– Vi har betydeleg merksemd rundt kontroll og følger pengane tett.
– Opplevde du at den bodskapen kom gjennom?
– Ja, i dag synest eg det. Eg håper det blei inntrykket dei sat igjen med.
Ønsker meir interesse velkommen
– Var det noko du skulle ønske at du blei spurt om som du ikkje fekk spørsmål om?
– Det er mykje fokus på systemet. Dei kunne gjerne vore meir nysskjerig på resultata, men eg følte vi også fekk belyst det.
Alt i alt meiner Roset at høyringane har bidratt til openheit rundt avgjerder i norsk bistand og at offentlegheita har fått lære av det.
– Det er ein viktig del av demokratiet.
Fleire representantar påpeikte manglande interesse for bistand og utviklingspolitikk.
– Korleis opplever du den?
– I år har det vore ein del merksemd i og med at regjeringa har hatt Vendepunkt-prosjektet sitt, men eg vil ønske velkommen meir diskusjon, meir debatt og meir interesse. Norad er klare til å svare, dele og få kritiske spørsmål.
Roset meiner at interessa vil styrke fagfeltet.
– Det gjer oss berre betre og meir skjerpa. Vi forvaltar pengar for fellesskapet. Vi vi gjerne dele med fellesskapet korleis vi jobbar med å oppnå ting og resultat av den gode innsatsen som blir lagt ned.