Kommentar:
Nekrolog over bistandsepoken
Bistandsepoken døydde på ein ukjend stad i verda i starten av 2025, etter år med sjukdom, tvil og hard strid om kva ho var til for. Ho etterlét seg millionar av vaksinerte born, verdsendrande institusjonar – og eit stort tomrom.
Dette er ein kommentar. Meiningar i teksten er skribentens egne.
Ho vart fødd i dei kaotiske etterkrigsåra, vaks opp med tru på planlegging, framsteg og at verda kunne bli ein betre stad. Heile livet bar ho på den same draumen: at ein dag, snart, der framme, skulle alle menneske få leve liv utan ekstrem fattigdom, svolt og sjukdommar som enkelt kan kurerast.
Det er vanskeleg å sette eit endeleg dødstidspunkt, men vi trur dødsåret kan settast til 2025. Det er mistanke om noko kriminelt, og den hovudmistenkte har adresse i Det kvite hus.
Epoken slik vi kjende henne er over
Bistandsepoken var framfor alt internasjonal, sjølv om ho også viste seg her til lands ved jamne mellomrom.
At ho no er borte, betyr ikkje at all bistand er borte. Pengar vil framleis bli løyvde. Naudhjelp vil framleis bli sendt. Norske statsrådar med raude slips og blankpussa sko vil framleis besøke flyktningleirar, helseklinikkar og klimatoppmøte. Norad vil framleis skrive strategiar. Ambassadar vil framleis forvalte avtalar. Og det vil framleis finnast store behov.
Men epoken der land etter land gav meir enn ein prosent til bistand, slik vi kjende henne, er over.
Det såg lyst ut lenge. Bistandsepoken vart fødd i kaoset etter den andre verdskrigen, midt i den kalde krigen, avkoloniseringa og moderniseringstrua. Verda skulle vinnast, byggast og utviklast.
I starten handla det mykje om å utrydde den mest ekstreme fattigdomen. Mange nordmenn vart vekte til internasjonalt engasjement då elden stod ut av geværmunningane i Biafra, og bileta av sveltande born nådde norske stovebord.
Det handla om å hindre og lindre naud. Men det handla også om å kjempe med sprøyter og vaksiner mot sjukdommar som tok livet av born dei første leveåra. Bistandsepoken sørga for at millionar, ja milliardar, av menneske fekk mat, vatn, medisinar, rettshjelp og vern.
Kvite frelsarar og svindel
Også norske pengar redda liv, støtta frigjeringsrørsler, skapte skular og utdanning, styrkte sivilsamfunn, sikra helsetilbod og bidrog til at menneske fekk betre liv og meir fridom enn dei elles ville hatt.
Men ingen kan skrive ein ærleg nekrolog over nokon så samansett som bistandsepoken utan å nemne dei mørkare sidene: Kvite frelsarar, skipseksportkampanjar, fryselager langt ute i ørkenen, svindel og luksus. Prosjekt som aldri burde vore starta. Evalueringar som aldri vart laga.
Gradvis sneik det seg også inn heilt andre mål for kva bistanden skulle vere, oppnå og løyse. Bistandsepoken prøvde å rekke over så mange problem at det kanskje var med på å ta livet av henne.
Ho skulle redde klimaet. Skape næringsutvikling. Sikre likestilling. Stanse migrasjon. Bygge fred. Ta vare på flyktningar. Fremje demokrati. Skape institutsjonar. Lære barn å lese og skrive. Styrke sivilsamfunnet. Og samtidig dokumentere alt i eit stadig meir luftig, uklart og fluffy språk.
Vendepunktet med dødelege konsekvensar
Til slutt vart det nesten umogleg å vite kva bistandsepoken eigentleg var – og kva det ikkje var.
Var ho solidaritet? Utanrikspolitikk? Klimapolitikk? Næringspolitikk? Tryggingspolitikk? Migrasjonspolitikk? Eller berre eit språk rike land brukte når dei ville framstå betre enn dei var?
No kan vi gjerne kalle det eit vendepunkt. Nokre kallar det ei katastrofe. Andre kallar bistandsepokens død for ei gigantisk moglegheit. Tunge forskarmiljø åtvarar om millionar av døde barn, som direkte konsekvens av bistandskutta.
Det vi uansett kan vere samde om – og som er tema for Panoramas ferske papirmagasin – er at vi endå ikkje veit kva som kjem etterpå.
For: Kva gjer vi no?