Cecilie Hellestveit i rødt plagg og hvit topp mot mørk bakgrunn.
Cecilie Hellestveit er sterkt ueinig i pausinga av Etikkfondets oppgåve om observasjon og utelukkelse.

Cecilie Hellestveit sa opp i protest: Går hardt ut mot Stoltenberg

I 2025 sette finansminister Jens Stoltenberg Oljefondets uavhengige Etikkråd på pause. Samfunnsvitar og folkerettsjurist Cecilie Hellestveit meiner konsekvensane kan bli større enn mange forstår.

Publisert

– Eg meiner at den avgjerda var hasardiøs, forhasta og uinformert. Eg sa opp, tok min hatt og gjekk i protest, seier Hellestveit som på dette tidspunktet hadde sete i Etikkrådet i elleve år.

Eitt år seinare kjem ho med boka «Oljefondet og Etikken – er vi rusta for en villare verd?».

I den anledning gjestar ho Panorama Nyheter sin podkast «Verdensproblemer». 

– Blei du forbanna? spør redaktør og podkastvert Emil André Erstad. 

– Eg blei veldig overraska. Ei av årsakene til at vi sit med eit av verdas største statseigde fond er at vi har forvalta det på ein svært smart og informert måte, så gjer ein slik. 

– Dette kom inn frå venstre og hadde truleg store konsekvensar som vi ikkje har snakka om det siste året, seier Hellestveit. 


Slik svarer statssekretær i finansdepartementet, Ellen Reitan:

Det var et bredt flertall på Stortinget som ba regjeringen gjennomgå det etiske rammeverket for pensjonsfondet for et år siden. Stortinget vedtok også at tilrådinger og beslutninger om observasjon og utelukkelse etter de etiske retningslinjene skal stilles i bero.

Regjeringen fulgte opp vedtaket ved å sette ned et utvalg som skal vurdere fondets etiske rammeverk, og ved å fastsette midlertidige etiske retningslinjer som skal gjelde inntil et nytt etisk rammeverk er besluttet. Utvalget skal levere innen 15. oktober.

Vi har hele veien vært tydelige på at pensjonsfondet fortsatt skal forvaltes ansvarlig, også i den midlertidige perioden, i tråd med anerkjente internasjonale standarder, slik som de fra FN og OECD. I perioden frem til nytt etisk rammeverk er på plass, skal Etikkrådet fortsatt identifisere selskaper som bidrar til, eller er ansvarlige for produksjon eller atferd som er i strid med kriteriene i de midlertidige retningslinjene. Norges Bank skal vurdere hvordan selskapene skal følges opp. Det omfatter blant annet å ha dialog med selskapene, stemme på generalforsamlinger eller eventuelle nedsalg.

Norges Bank skal sørge for at investeringene i pensjonsfondet ikke bryter med Norges folkerettslige forpliktelser. Dersom banken er i tvil, skal den innhente råd og veiledning og ved behov selge seg ut. Og hvis det viser seg nødvendig, må referanseindeksen vurderes justert av Finansdepartementet.

Stortinget var i sin anmodning klar på at et nytt rammeverk må sikre at fondet forblir et bredt diversifisert, globalt fond. Det er bred politisk enighet om at fondet ikke har andre mål enn å tjene penger til fellesskapet.

Tannlaus

Pausinga innebar at Etikkrådet ikkje lenger skulle gi tilrådingar til Norges Bank om utelukkelse og observasjon av selskap i fondet. 

Ved å oppheve det gamle regelverket meiner Hellestveit at Norge har avvikla ein uavhengig kontrollmekanisme som har hatt stor internasjonal betydning. 

– Dette er verdas største statlege investeringsfond. I motsetning til andre store fond har vi hatt denne etiske ramma der vi enkelte gonger kjem med tilrådingar om kvifor selskap ikkje får vere i fondet når risikoen for at dei bryt med grunnleggande etiske normer er stor. Det er vi opne om. 

Hellestveit seier at Oljefondet har brukt krafta frå Etikkrådet til å sørge for at selskap blir styrt på ein berekraftig og meir langsiktig måte. 

Trusselen om utelukking har i seg sjølv påverka selskapa.

– Oljefondet er overalt. Når vi seier at noko er uakseptabelt, får det store konsekvensar for selskapa det gjeld, seier Hellestveit.

Hellestveit understrekar at dei fleste selskapa ikkje blir anbefalte utelukka. Men fordi utelukking er ein potensiell konsekvens, meiner ho at selskapa har eit insentiv til å redusere risikoen for framtidige normbrot.

– Når du tar vekk tilrådingane, fjernar du ikkje berre det uavhengige Etikkrådets verksemd, men du gjer Tangen tannlaus.

Etter pausinga har Etikkrådets oppgåve vore å anbefale selskap som er ekskludert frå investeringsfondet inn att i fondet.

– Dette er selskap som vi har sett på denne lista fordi vi anser at det er ein uakseptabel risiko for at dei i framtida kan medverke til grove etiske normbrot. Sidan november 2025 har oppgåva til Etikkrådet vore å reinvaske desse selskapa, meiner Hellestveit. 

Sjølv om ho meiner at det er viktig med ein slik mekanisme, er ho sterkt kritisk til at mekanismen for utelukkelse og observasjon har blitt fjerna, medan denne mekanismen får halde fram. 

– Det er kjempefarleg

Hellestveit påpeiker at det dei siste åra har oppstått ei konflikt mellom den langsame, uavhengige etikkmodellen til Etikkrådet og eit stadig sterkare politisk og aktivistisk press.

Ho meiner problemet oppstod då politisk press begynte å påverke tempoet og retninga på prosessane, og refererer blant anna til Caterpillar-saka i USA, investeringar i Myanmar og Israel. 

– Då har du brutt beskyttelseshinna som vi har hatt mellom norsk partipolitikk og den etiske forvaltinga. Det er kjempefarleg.

Hellestveit meiner det også var del av årsaka til at Etikkrådet blei sett på pause. 

– Problemet var sjølvsagt at ein tok ein stor kanon og skøyt sporven. Ein hadde eit uforholdsmessig, dramatisk tiltak og la ned modellen.

– Kven var ansvarleg for dette?

– Det var Stoltenberg som finansminister som foreslo det og gjorde det.

Samstundes blei det sett ned eit uavhengig utval leia av tidlegare sentralbanksjef, Svein Gjerdrem, som skal vurdere utforminga av det etiske rammeverket og andre delar av den ansvarlege forvaltinga. Utvalet kjem med sin rapport i oktober 2026.

Kan ikkje nok

– Kva er dine forslag?

– Vi skal fortsette med modellen vi har hatt i stort, men med enkelte justeringar. Eg synest diskusjonen skal gå føre seg opent og ærleg og at folket skal vere informert. 

Hellestveit meiner nordmenn flest kan lite om sitt eige Oljefond.

– Det var truleg noko som ramma Stoltenberg også hausten 2025. Han hadde ikkje tenkt heilt over konsekvensane.

Boka er eit forsøk på å forklare modellen.

– Vi må skjønne kor viktig og mektig instrumentet er, og snakke og bli einig om korleis vi skal forvalte det i åra framover:

– Verda er ganske mykje meir komplisert for eit lite land med eit stort fond, enn det var for berre ti år sidan, seier Hellestveit. 

Powered by Labrador CMS