Riksrevisor Karl Eirik Schjøtt-Pedersen var ikkje nådig omtalen av kontrollregimet med norsk skogbistand. Det er alvorleg for heile bistandsforvaltninga, skriv ansvarleg redaktør Emil André Erstad.

Kommentar:

Alarmen bør gå i heile bistandsforvaltninga

Riksrevisjonens kritikk av norsk skogbistand ligg som ei bombe under forvaltinga av norsk bistand. Det bør bekymre langt fleire enn klima- og energiminister Sigrun Aasland.

Publisert Sist oppdatert

Dette er en kommentar. Meninger i teksten er skribentens egne.

Konklusjonen frå Riksrevisjonen ser kanskje tørr ut ved første augekast:

«Klima- og miljødepartementet sitt system for oppfølging og kontroll er ikke tilstrekkelig for å sikre at tilskuddsmidlene brukes i tråd med forutsetningene», står det. 

Det kunne like gjerne stått: Det ligg ei udetonert bombe under forvaltninga av all norsk bistand.

Konklusjonane er også eit ekko av funn Riksrevisjonen gjorde allereie i 2018.

Då Epstein-avsløringane herja i februar og mars, og då tidlegare utanriks- og utviklingsministrar blei kalla inn til høyring i september,  var det mange i Utanriksdepartementet som mumla litt halvlågt om det dei meinte var eit stort paradoks: 

Kva med Klima- og miljødepartementet? Kvifor er det ingen som går kulturen og kontrollen der like grundig etter i saumane? 

Så er det akkurat det Riksrevisjonen har gjort i sin siste rapport. Og kritikken er knallhard, sjølv om den endar på det nest høgaste kritikknivået. 

Riksrevisjonen meiner kontrollen med skogbistanden er for dårleg. Departemenet får også hard kritikk for at dei ikkje følger opp feil og manglar som blir rapportert inn. Riksrevisjonen meiner også ha avdekka at tilskotsmidlar ikkje har gått til formålet.

Altså at norske bistandspengar ikkje har blitt brukt slik det har vore avtalt. Og desse feila – skriv Riksrevisjonen – ville ikkje ha blitt oppdaga gjennom det etablerte kontrollopplegget. 

Riksrevisjonen meiner det er fordi kontrollen med midlane er på eit for overordna nivå, som dermed aukar risikoen for at pengar blir misbrukt.

For å sikre nulltoleranse mot økonomisk mislighald, må kontrollsystemet fungere godt nok, og betre enn i dag. I klima- og skogsatsinga er det snakk om store pengar, mellom fleire land, og der trengs det endå betre kontroll. 

Det er dermed ikkje utan grunn at Riksrevisjonen brukar kritikknivået kritikkverdig. To av riksrevisorane i riksrevisor-kollegiet ville gå endå leger, og bruke kritikknivået sterkt kritikkverdig.

Kontrollrutinane liknar i Norad og UD

Riksrevisjonen har berre undersøkt nokre utvalde avtalar innan norsk skogbistand. Men det er grunn til å tru at kritikken vil ramme store delar av norsk bistand.

Grunnen er at store delar av norsk bistand blir forvalta etter same system, prinsipp og kontrollrutinar. Det er det same rammeverket i Norad – kalla Grant Management Assistant – som skal hjelpe saksbehandlarane med å sikre forsvarleg forvalting. 

Derfor er det nok fleire enn dei ansvarlege skogbistands-forvaltarane som les Riksrevisjonens kritikk med eit nervøst blikk. Og det bør dei gjere, for tilliten er skjør og viktig. 

Støtta til norsk bistand er framleis høg, slik Norstats undersøkingar for Panorama både i mars og september har vist. Likevel seier over halvparten av dei spurte i begge undersøkingane, seg samde i at norsk bistand er prega av sløseri, dårleg kontroll og korrupsjon.

Tilit er enkelt å bryte ned, og ingen kan ta skattebetalarane si betalingsvilje som sjølvsagt.

I ein situasjon der tilliten til bistandforvaltninga er så svak, og der åtaka på bistanden er så sterke og der det skjer ei politisering av politikkfeltet, er det nok ein uklok strategi av Sigrun Aasland, Espen Barth Eide og Åsmund Akrust å tydeleg ta innover seg Riksrevisjonens kritikk. 

Bør ta innover seg kritikken og følge opp

Det same gjeld dei som har ansvar for å forvalte alle avtalane som involverer bistandspengar. For det er openbert alvorleg når Riksrevisjonen har funne feil bruk av tilskotsmidlar. Det reiser grunnleggande spørsmål om tilliten til all norsk forvaltning av bistand.  

Det er også grunnen til at riksrevisor Karl Eirik Scjhøtt Pedersen tysdag ettermiddag varsla at Riksrevisjonen vil gjennomføre revisjon av både UD og Norad. Han sa at undersøkingane ville starte umiddelbart og at det var uvisst kor lang tid det ville ta. Det er absolutt ingen tillitserklæring til norsk bistandforvaltning.

Alle som er glade i norsk engasjement for verda, bør gripe moglegheita til å ta konklusjonane på største alvor og føreslå endringar i tråd med Riksrevisjonens funn. 

Powered by Labrador CMS