Norsk klimainitativ i Ghana: Leverte 30 prosent over opphavleg mål
I fire år har Norge finansiert klimatilpassing i Ghana gjennom FNs kapitalutviklingsfond (UNCDF). No er prosjektet avslutta. Det har prestert over fleire av måla sine, ifølge UNCDF sjølv.
Eit norskfinansiert klimatilpassingsprosjekt i Ghana har nådd over 69.000 mennesker. Det tilsvarar 32 prosent fleire enn målet.
Ifølge UNCDF har prosjektet også styrka den lokale kapasiteten til å planlegge, finansiere og gjennomføre klimatilpassa investeringar i Ghana.
Det melder UNCDF sjølv på sine nettsider.
35 investeringar
Det norskfinansiert prosjektet i Ghana har også finansiert 35 investeringar i klimatilpassa infrastruktur og sirkulær økonomi i seks distrikt i Ghana: Sekyere Kumawu, Adansi South, Ada East, Efutu, Ahanta West og Nzema East.
Dei norskfinansierte aktivitetane omfatta blant anna bygging av bruer, vatningsdammar for landbruk, kompostering og produksjonsanlegg for biogjødsel.
I tillegg fekk 239 personar spesialisert og praktisk opplæring for å bygge varig kompetanse innan klimatilpassing.
Lokal forankring
UNCDF understreker at finansieringa har vore kanalisert gjennom lokale myndigheiter. Målet var at lokalsamfunna sjølve skulle identifisere og gjennomføre tiltak.
Med eit totalbudsjett på 1,27 millionar dollar, har 87 prosent gått til lokal klimafinansiering, trening, bevisstgjering og tilknytte kostnadar.
UNCDF seier at dei ved å prioritere direkte involvering av lokalsamfunn har sørga for at dei som er mest sårbare for konsekvensane av klimaendringane har fått ei rolle i å definere tiltak og samtidig vore blant dei viktigaste mottakarane.
Dei opplyser også at meir enn 34.000 kvinner var direkte mottakarar. Det tilsvarar 49,7 prosent.