Pia Britto smiler utendørs foran høsttrær under et besøk hos Norad.
UNICEFs utdanningsdirektør, Pia Britto, seier Norge har vore ein konsekvent partnar innan utdanningsbistand og håper det vil halde fram med å vere ei prioritering.

Milliardløft til krisebarn – samtidig kuttast utdanning i budsjettforslaget

Regjeringa gir éin milliard kroner ekstra til UNICEF og Education Cannot Wait. – Vi prioriterer utdanning til dei aller mest sårbare barna som lever i krig og konflikt, seier utviklingsminister Åsmund Aukrust til Panorama.

Publisert Sist oppdatert

Det annonserte utviklingsminister Åsmund Aukrust under seminaret Utdanning i kriser i Norad lokalar i dag. Til saman går éin milliard kroner til fleirårige avtalar med Education Cannot Wait (ECW) og UNICEF. Pengane kjem frå utdanningspotten, som er redusert, men delen til utdanning i krig og konflikt aukar.

– Vi prioriterer utdanning til dei aller mest sårbare barna som lever i krig og konflikt. Krigen øydelegg barndomen deira, men vi må sørgje for ikkje å øydeleggje heile livet deira. Vi må gje dei skulegang, seier utviklingsministar Åsmund Aukrust til Panorama.

Samtidig som regjeringa foreslår ein milliard meir til utdanning, foreslår dei i statsbudsjettet for 2027 å redusere utdanningsposten med 100 millionar kroner i 2027. Regjeringa har tidlegare fått kritikk for desse kutta. Dei nye avtalebeløpa til ECW og UNICEF er heller ikkje spesifiserte i budsjettforslaget. 

Ein konsekvent partner

– Er det ein ting Norge har gjort så er det å vise at dei er ein konsekvent givar innan utdanning. Ser du på utviklinga innan utdanningsfeltet globalt, ser du norske fingeravtrykk overalt, seier Pia Britto, UNICEFs utdanningsdirektør som er i Norge for anledninga.

Ho ventar spent på å sjå kva stortingsmelding Vendepunkt-prosjektet skal resultere i. Ho meiner dagens annonsering signaliserar at utdanning vil vere ein prioritert for Norge også vidare. 

– Det er mange ting vi gjerne vil sjå i den nye stortingsmeldinga. Det er viktig at utdanning held fram med å vere ei sentral søyle av utviklingspolitikken og at ein sikrar rettferdig utdanning.

– Kva om det blir bestemt at utdanning skal bli kutta eller nedprioritert?

– Det ville vore ei heilomvending med tanke på at dei nettopp annonserte at dei skal auke støtta til utdanning i krise med 1 milliard korner. Forventninga og ønsket er at Norge held fram å støtte utdanning. 

Utdanning i krise

Britto forklarar at barn i kriseramma områder er utsatt for marginalisering i utdanningssystemet og har stor risiko for å miste verdifulle år med utdanning. 

– Difor vil Norge fokusere på desse barna. Ministeren sa det så fint; barn i krise er dei mest sårbare, men dei gir oss også det største håpet.

258 millionar barn i skulealder bur i dag i land som er prega av konflikt, fordriving og klimaendringar – ein kvart milliard barn over heile verda. Av desse står 93 millionar barn utanfor skulen, ifølge Britto.

Samstundes blir den humanitære bistanden redusert. 

– I ei tid der finansieringa går ned, betyr det mykje at Noreg har kome på banen og sagt at éin milliard kroner skal gå til dette kritiske området. Det gjer det mogleg for oss å bidra til å løfte innsatsen og utløyse ein større effekt, nettopp der finansieringa blir redusert.

Eit viktig signal

Medan UNICEF får 400 millionar kroner ekstra i perioden 2026–2028, får ECW 600 millioner kroner ekstra i perioden 2027–2030. Det er ei auke på 20 prosent frå tidlegare. 

Noreg var eitt av landa som var med på å grunnlegge ECW, FNs globale fond for utdanning i krise.

– Det er utruleg betryggande at eit land som Norge, trass i dei svært vanskelege vala landet må ta, held fram med å stille opp for barn i krise og ser på utdanning som ei høg prioritering, seier Maysa Jalbout, ECWs direktør.

Maysa Jalbout, direktør i Education Cannot Wait.

Ho understrekar at det at Noreg ikkje berre held oppe støtta, men aukar løyvinga til ECW og partnarane deira, sender eit svært viktig signal i ei viktig tid.

– Det betyr at vi framleis kan rekne med Norge som ein samarbeidspartnar og ein støttespelar i landa der vi arbeider.

Jalbout seier at ECW stadig må ta svært vanskelege val om kvar dei skal investere midlane.

– Vi satsar på 20 land der 80 prosent av barna som står utanfor skulen, er råka av kriser. Det gjeld mellom anna Gaza, Sudan og Afghanistan. Auken i løyvinga vil hjelpe oss med å nå endå fleire barn i desse landa.

Gunvor Knag Fylkesnes, generalsekretær i Plan International Norge, er glad for nyheten om 1 milliard ekstra til utdanning i kriser. 

– Når kriser rammar, er jenter ofte blant dei første som mister moglegheita til å gå på skule. Difor er Norges støtte til ECW så viktig. Utdanning gir dessutan jenter beskyttelse mot ekteskap og vald, framtidstru og moglegheita til å forme eigne liv.

Blant dei mest underfinansierte felta

For Redd Barnas utdanningsarbeid er Education Cannot Wait ein av dei viktigaste partnarane. Generalsekretær i Redd Barna, Henriette Westhrin, er difor svært nøgd med den ekstra bevilgninga til organisajsonen.

– Det er heilt avgjerande for vårt arbeid at ECW har dei musklane som skal til for å kunne jobbe saman med oss og andre med å levere faktiske resultat på utdanning på bakken i mange land.

Kvinne med briller står foran båter i en småbåthavn.
Henriette Killi Westhrin, generalsekretær i Redd Barna.

Utdanning er feltet Redd Barna Norge jobbar mest med. I Redd Barna bevegelsen er Norge også blant dei største på utdanning.

Westhrin seier organisasjonen har vore oppriktig bekymra for korleis finansieringa av utdanning generelt kjem til å bli framover, men også utdanning i kriser.

– Det er eit av felta som har blitt mest underfinansiert etter dei store bistandskutta, seier ho. 

– Eg synest det manglar

– Kva tenker de om det som de har høyrt så langt om Vendepunkt sine satsingsområde, og spesielt med tanke på utdanning?

– Eg kunne ønske at den satsinga som er varsla på jobbskaping – at det var ei forståing for at du berre får til det dersom du startar med å sikre utdanning. Eg synest det manglar. 

Westhrin meiner satsing på utdanning og jobbskaping burde henge tettare saman.

– Du kan også koble det opp til alt som handlar om rettigheiter, som eg er glad for å sjå ser ut til å få ein stor plass. Også på det feltet er utdanning ei forutsetning,

– Kva tenker du om fokuset på utdanning i krise i forhold til meir langsiktig utdanningsbistand?

– Vi kunne ønske at ein også satsa på den langsiktige utdanningsbistanden. Dette gjeld ikkje berre i krise og konflikt. Mange av dei fattigaste landa har den same utfordringa.

– Men no er i alle fall dette eitt positivt steg. I dag skal vere dagen der eg er veldig glad for at regjeringa snakkar høgt om utdanning og så må det vere vår jobb å skape forståing for at dette bør vere gjennomgåande for all utdanningspolitikk og ikkje berre for utdanning i krisesitiuasjonar. 

Powered by Labrador CMS