Person i mørke klær står ved siden av en sykkel i et steinete landskap.

Valet i Israel:

Her går endå meir av fredshåpet opp i røyk

Det brenn etter busettaråtaket på beduinlandsbyen Ma'aza Jaba, rett utanfor Aust-Jerusalem.

Eit israelsk regjeringsskifte kan endre mykje. Men på reise gjennom Israel og Vestbreidda er det vanskeleg å få auge på kven som skal plukke opp håpet om fred.

Publisert Sist oppdatert

Yigal Gindi står og vatnar eit tre. Det er planta til minne om dottera hans, Shahar, som vart berre 25 år gammal.

Den siste meldinga ho sende familien, var at alt var i orden. Så høyrde dei aldri meir frå henne.

Shahar vart drepen då Hamas-terroristane angreip Nova-festivalen 7. oktober 2023. Kjærasten hennar, Almog Sarusi, vart bortført til Gaza. Han vart seinare drepen i fangenskap.

Det finst videoar av dei to som dansar saman til musikken på festivalen.

No står faren ved treet, saman med systera Shani Gindi Tanami, ektemannen hennar, nokre onklar og andre i familien.

Mann i gul skjorte omfavner en kvinne utendørs, mens to personer står i bakgrunnen.
Shani Gindi Tanami får ein klem av onkel.
Mann står ved et ungt tre i et tørt uteområde med plakater i bakgrunnen.
Pappa Yigal vatnar treet som er planta til minne om Shahar.

– Det er veldig vanskeleg. Eg kan ikkje forklare kor vanskeleg det er. Mange land rundt i verda hatar oss. Eg trur ikkje dei ønsker å forstå oss, seier Shani.

– Føler du sinne? Og mot kven?

– Ja, sjølvsagt. Mot heile verda.

Traumar og redsel på begge sider

Det har gått tre år sidan Hamas-massakren endra Israel – og dei brutale krigane som følgde. Men for mange israelarar er det framleis nesten umogleg å komme seg vidare.

Den unge journalisten Ofir Halperin frå den israelske TV-kanalen KAN 11 er også på minnestaden. Det er første gong ho besøker åstaden for terroren.

– Eg må vere ærleg og seie at eg er litt skamfull over at dette er første gongen eg er her. Eg var redd for å komme hit. Eg var redd i går kveld, og i dag tidleg. Det å vere her vekker så mange vonde minne.

Det er vanskeleg å forstå kva 7. oktober har gjort med Israel og Palestina, utan å forstå denne frykta.

Uniformerte personer samlet rundt en trebenk under trær utendørs.
Uansett kor du vender blikket i Israel, vil du sjå soldatar i uniform.

Benjamin Netanyahu kjempar for å halde på makta, medan opposisjonen håpar å gjere slutt på styret hans. Spørsmålet om kven som har ansvaret for at terroråtaket kunne skje, heng framleis over israelsk politikk.

Ofir fortel at splittinga er synleg sjølv under minnemarkeringane.

– Vi ser mykje meir aktivitet frå politikarane i år, fordi dette er tida då dei skal vise solidaritet. Men heilt ærleg: Sjølv under minnemarkeringane ser vi splittinga.

Gruppe mennesker sitter på stoler utendørs, flere i svarte T-skjorter med portrettmotiv.
Det israelske traumet frå 7. oktober pregar samfunnet – og synet på palestinarane.
To håndskrevne kjærlighetshilsener henger i en snor mellom trær.

Ei anna israelsk kvinne vi møter ved minnestaden, vil gjerne bli kvitt Netanyahu. Men ho vil heller ikkje ha den israelske venstresida tilbake.

– Eg vil ikkje at Netanyahu skal bli vald igjen. Men eg vil heller ikkje ha venstresida. Den politiske situasjonen i Israel er veldig vanskeleg.

Ho fortel at ho før 7. oktober ønska fred med palestinarane. No har ho mista tilliten. Det er ho ikkje åleine om.

– Folk er sterkt traumatiserte, og dei er veldig redde. Det er to ting som skaper større avstand mellom menneske. Dessverre står vi lenger frå kvarandre i dag enn vi gjorde for tre år sidan, seier Ofir.

Den umoglege geografien på Vestbreidda

Nettopp tillit var ein av grunnsteinane i den fredsprosessen Norge hjelpte i gang på 1990-talet. At israelarar og palestinarar så smått skulle lære seg å stole på kvarandre, dersom dei skulle bygge to statar tett i tett.

Men det er vanskeleg å få auge på kven som skal gjenreise denne tilliten mellom dei to folka. Dei samlande, stødige leiarskikkelsane manglar både i Israel og i Palestina.

Ei gruppe kamelar beitar ved det som skal bli ein del av den israelske muren som vil kutte dei palestinske områda på Vestbreidda i to.

På Vestbreidda er det heller ikkje mykje som tyder på at det går i rett retning.

På vegen austover frå Jerusalem kjem vi til E1-området, eit av dei mest omstridde landområda i heile konflikten. Her vil israelske styresmakter bygge over 3400 nye bustader for israelske busettarar, og knyte busettinga Ma'ale Adumim tettare saman med Jerusalem.

Grunnen til at akkurat dette området er så viktig, er geografien.

Høyhus og boligblokker i et tørt, kupert landskap med lite vegetasjon.
Det sprett opp nye busettingar mange stader på bakketoppane på Vestbreidda.
Rytter på brun hest på en steinete ås foran en tettbygd by.

Ei stor utbygging her vil gjere det langt vanskelegare å etablere ein samanhengande palestinsk stat på Vestbreidda, med Aust-Jerusalem som hovudstad. FN har åtvara mot konsekvensane. For palestinarane handlar det om korleis kartet over ein framtidig stat blir stadig vanskelegare å teikne.

Midt i dette området bur Ali Jahalin, ein 40 år gammal familiefar med fire barn. Den yngste er berre tre månader gammal. Han vil ikkje la seg fotografere, i frykt for at valdsmennene vil sjå det og straffe han.

Han fortel om israelske busettarar som kjem til området og trugar familien med våpen. Fleire av slektningane hans har allereie flytta frå heimane sine.

Sammenrast trekonstruksjon med treverk, bølgeplater og bygningsrester.
Spedbarn ligger i en stoffhengekøye i et rom med steinvegger og grusgulv.

Familien har ei historie som går tilbake til 1948, då forfedrane vart fordrivne frå Negev-området lenger sør. No fryktar Ali at også han må forlate heimen sin.

Litt lenger borte møter vi Muhammad Jahalin, 37 år. Han fortel om busettarar som køyrer i stor fart tett forbi heimane. Han er redd for barna når dei er ute.

Vi møter også Um Hassan. Dottera prøver å gi barna i lokalsamfunnet ekstra undervisning i arabisk, engelsk og matematikk.

Får ikkje stemme, men må leve med konsekvensane

Då Oslo-avtalen vart inngått i 1993, var tanken at palestinarane gradvis skulle få større sjølvstyre. Etter ein overgangsperiode på fem år skulle dei vanskelegaste spørsmåla avgjerast gjennom forhandlingar.

I staden har Israel halde fram med å kontrollere store delar av Vestbreidda. I område C, der familiane vi møter bur, har israelske styresmakter framleis omfattande kontroll over mellom anna bygging og arealbruk.

To personer står ved provisoriske boliger på et støvete område.
To jenter er på veg heim frå skulen. På bakketoppen i bakgrunnen har israelske busettarar slått seg ned.

Og her ligg eit av dei mest talande paradoksa ved israelsk politikk:

Dei israelske busettarane på Vestbreidda får stemme på politikarane som bestemmer over framtida til området. Dei palestinske naboane deira får ikkje stemme ved det same valet, men må likevel leve med konsekvensane.

I beduinsamfunnet Ma'azi Jaba, nordaust for Jerusalem, blir nettopp dei konsekvensane endå meir konkrete.

Vi kan sjå flammane frå eit busettaråtak i kveldslyset, då vi på slutten av ein lang dag køyrer tilbake til Aust-Jerusalem.

Dagen etter møter vi 49 år gamle Najeh Ara'ara. Han viser oss øydeleggingane og fortel om israelske busettarar som har gått til åtak på lokalsamfunnet.

Hus er sette i brann. Eit overvakingskamera er øydelagt. Ein ung gut ligg skada på sjukehus.

Najeh meiner israelske soldatar ikkje berre har late vere å beskytte innbyggarane, men at dei òg har hjelpt busettarane.

Skadet grå struktur i et steinete landskap med fjell og bybebyggelse i bakgrunnen.
Det brenn i Ma'azi Jaba, etter åtaket frå busettarane kvelden i førevegen.
Pasient ligger i sykehusseng med medisinsk utstyr, mens tre personer står ved siden av.
Han såg ikkje kven som slo han, men veit det skjedde i åtaket frå busettarane og vakna i sjukesenga.

Vi møter den unge guten på sjukehuset i Ramallah. Gjennom tolken forklarar han at han vart slått i hovudet, utan å sjå kven som slo. Det neste han hugsar, er at han vakna i sjukehussenga

Rundt oss snakkar folk i munnen på kvarandre. Alle vil fortelje kva som har skjedd. Dei viser oss øydeleggingane og forsøker å forklare korleis det er å leve her.

Det er ikkje lett å få oversikt over alt. For slik er situasjonen på Vestbreidda: kaotisk, valdeleg og livsfarleg. Og dei siste vekene før valet har den blitt verre og verre for kvar dag.

Enkelte håpar at det med valet og valkampen overstått på israelsk side, kanskje skal roe seg.

Det er kanskje for mykje å håpe på.

Oliventrea er historien og identiteten

Få dagar etter besøket vårt melde palestinske styresmakter at busettarar igjen hadde teke seg inn i Ma'azi Jaba. 

Det er her, i desse små lokalsamfunna, at framtida til den palestinske staten blir uthola bit for bit.

I den palestinske landsbyen Al-Sawiya, sør for Nablus, møter vi Hikmat Abu Ras, 52 år. Han leier landsbyrådet. Han peikar på dei israelske busettingane som omringar den palestinske landsbyen: Shilo, Eli og Rehelim. På toppane kan vi skimte israelske flagg, vaktpostar og det som ser ut som vanlege, men likevel uvanlege nabolag.

– Dei kjem til husa våre, kastar steinar og hindrar bøndene i å komme seg til jorda si, fortel han.

Olivenhausten er viktig her. Fordi den gir pengar i kassen, men også fordi oliventrea er ein del av den palestinske historia og identiteten.

For tre år sidan vart 40 år gamle Bilal Muhammad Shaheen Saleh drepen medan han plukka oliven saman med familien sin. FN har dokumentert at han vart skoten av ein væpna israelsk busettar.

Hikmat Abu Ras (ståande til venstre) deltek i bøn på baksida av gatekjøkkenet i Al-Sawiya.

Hikmat fryktar at det skal skje igjen.

– Dei prøver å presse palestinarane til å forlate landet vårt. Men vi kjem ikkje til å forlate det, sjølv om vi må døy her.

Så kjem han inn på Oslo-avtalen.

– Yasser Arafat signerte Oslo-avtalen i landet dykkar, ikkje sant?

Han veit at vi er norske journalistar.

– Etter fem år skulle vi få ein palestinsk stat. Men ingenting skjedde. Israel drap Oslo-avtalen gjennom busettingane og ved å legge stadig større press på palestinarane.

Skuffelsen er lett å forstå

Det er nettopp mangelen på eit klart sluttresultat som seinare har blitt ein av dei store innvendingane mot avtalen. Kanskje spesielt fordi forventningane var så enorme.

Og i Al-Sawiya, 33 år seinare, er skuffelsen lett å forstå.

Hikmat arbeider sjølv i det palestinske samferdselsdepartementet. Men løna kjem ofte berre delvis og med lange mellomrom. Han har tre barn på universitetet og slit med å betale for utdanninga deira.

Rødlig fjellrygg i kveldslys over mørk vegetasjon og en steinete sti.
Busettarar held oversikt over dalen der dei palestinske oliventrea står.
Umodne grønne oliven på en gren mellom smale, mørkegrønne blader.

Han er heller ingen tilhengar av Hamas-angrepet 7. oktober.

– Eg ville ikkje ha teke den risikoen dersom eg hadde vore politisk leiar. Vi har mista så mykje. Eg ønsker ikkje krig. Eg vil leve i fred.

Slike stemmer forsvinn ofte i den internasjonale debatten om Israel og palestinarane.

For Hikmat handlar konflikten også om heilt vanlege ting. Å kunne arbeide. Å betale for utdanninga til barna. Å gå ut for å plukke oliven utan å risikere å bli skoten.

– Busettarvoldene er ikkje representativ

Etter at vi forlét landsbyen, kjem ei ny melding frå Al-Sawiya: Det palestinske nyheitsbyrået WAFA rapporterer at israelske busettarar har halde tilbake palestinske olivenplukkarar og teke både avlinga og ein traktor.

Men ingen er drepne, denne gongen.

Tilbake ved Nova-minnestaden spør eg Ofir Halperin om korleis israelarar flest ser på busettarvalden på Vestbreidda.

Ho meiner det er feil å la dei valdelege busettarane representere heile det israelske samfunnet.

– Dei fleste ser på dette som eit ganske marginalt fenomen, ikkje som noko som er representativt for heile befolkninga, seier ho.

Det viser avstanden i verkelegheitsoppfatning mellom menneska vi møter.

I Jerusalem møter vi ein annan israelar, som har brukt store delar av livet sitt på å kjempe mot nettopp denne valden.

Arik Ascherman er reformrabbinar og menneskerettsaktivist. I over 30 år har han arbeidd for rettane til palestinske bønder og beduinar, mellom anna gjennom organisasjonen Torat Tzedek.

Skjegget mann i blå skjorte sitter ved et bord i et rom med store vinduer.
Reformrabbinaren Arik Ascherman meiner ikkje busettarvalden er eit marginalt fenomen, men eit problem for heile Israel.

No går mesteparten av ressursane deira til å vere fysisk til stades i palestinske lokalsamfunn som risikerer åtak.

Ascherman meiner det er feil å framstille busettarvalden som handlingane til nokre få ekstreme ungdommar.

– Valden kjem frå regjeringa. Han kunne ikkje ha skjedd utan aktiv eller passiv støtte frå styresmaktene, seier han.

Ascherman meiner at sjølve systemet gjer åtaka moglege.

Han fortel om militære stengingsvedtak som hindrar menneskerettsaktivistar i å beskytte palestinske lokalsamfunn, medan busettarane etter hans syn får halde fram.

– Vi er rett og slett eit anna samfunn

Samtidig meiner han at 7. oktober har endra mykje i Israel.

– Det er ikkje mogleg å overdrive kor stor innverknad massakren 7. oktober har hatt på Israel. Vi er rett og slett blitt eit anna samfunn.

Tidlegare opplevde han brei støtte for arbeidet sitt. No meiner han mange israelarar anten har vendt seg mot palestinske menneskerettar eller rett og slett slutta å bry seg.

Han har likevel aldri i løpet av sine 31 år som aktivist opplevd like mykje open fordømming av busettarvalden i delar av det israelske samfunnet, som no. Problemet, meiner han, er at fordømminga ikkje blir følgd av eit oppgjer med systemet som gjer valden mogleg.

Mann går inn gjennom en åpen metallport til et rom med bokhyller.
Så lenge okkupasjonen held fram, vil ikkje israelarane kjenne seg trygge, seier den reformerte rabbinaren Arik Ascherman.

Ascherman hentar mange av argumenta sine frå jødisk tradisjon.

Han fortel ei historie om ein mann som går i eit rituelt bad for å reinse seg, men som samstundes held fast i ei død øgle. Ein kan ikkje reinse seg så lenge ein held fast i det som gjer ein urein, er poenget.

For Ascherman handlar det om at Israel ikkje kan skape eit betre og tryggare liv for sine eigne innbyggarar utan å gjere noko med okkupasjonen.

Eit regjeringsskifte i Israel vil kunne få stor betydning for palestinarane vi møter. Det finst opposisjonspolitikarar, som den tidlegare generalen og forsvarssjefen Gadi Eisenkot, som har teke til orde for å slå hardare ned på ulovlege busettarutpostar og motsett seg utbygginga i E1-området.

– Palestinarane gjorde tre grunnleggande feil

Vi støter tilfeldigvis på Eisenkot gåande gjennom minnelunden ved Nova-festivalområdet.

På eitt avgjerande punkt er Netanyahu og Eisenkot einige: Ingen av dei ønsker ein sjølvstendig palestinsk stat.

Det seier ganske mykje om kor langt israelsk politikk har bevega seg sidan 1993.

For kva var det eigentleg som gjekk gale med Oslo-avtalen?

Fotograf med kamera går foran en gruppe mennesker utendørs.
Vil forholdet til palestinarane endre seg om det er Gadi Eisenkot som styrer Israel? Panoramas team møtte tilfeidigvis på han.

I Ramallah møter vi Mustafa Barghouti, den palestinske legen og politikaren som heilt sidan byrjinga har vore ein av dei tydelegaste kritikarane av avtalen.

Han var sjølv med i den palestinske delegasjonen under Madrid-forhandlingane, før dei hemmelege samtalane i Oslo endra fredsprosessen.

Barghouti meiner palestinarane gjorde tre grunnleggande feil.

Dei godtok ein avtale utan stans i dei israelske busettingane. Dei godtok ein overgangsperiode utan eit klart definert sluttresultat. Og dei godtok ei ordning som etter kvart delte Vestbreidda inn i område med ulik grad av palestinsk sjølvstyre og israelsk kontroll.

Resultatet kan vi sjå med eigne auge når vi reiser gjennom Vestbreidda.

Mustafa Barghouti i Ramallah var og er kritisk til Oslo-avtalen.

– Oslo er over. Ikkje fordi vi var imot avtalen, men fordi Israel har drepe han. Så ikkje drøym om noko som er dødt, seier Barghouti.

Meiner Norge må slutte å halde liv i fredsprosess

No meiner han at Noreg må slutte å halde liv i førestillinga om ein fredsprosess som han meiner ikkje lenger har noko realistisk politisk grunnlag. I staden vil han ha sterkare internasjonalt press mot Israel, gjennom sanksjonar, boikott og uttrekk av investeringar.

Men Barghouti er heller ikkje nådig mot sine eigne.

Det palestinske sjølvstyret har ikkje halde presidentval sidan 2005 eller parlamentsval sidan 2006. Han meiner korrupsjon, klientellisme og mangel på demokratiske reformer har gjort situasjonen endå verre.

Det er altså ikkje berre i Israel at den politiske viljen manglar.

På American Colony Hotel i Jerusalem møter vi ein annan palestinar, som har ei ganske anna historie å fortelje om Oslo.

Sari Nusseibeh er filosof og professor, og ein av dei palestinske intellektuelle som gjennom fleire tiår har arbeidd for ei forhandla løysing med Israel. Også han var involvert i fredsarbeidet tidleg på 1990-talet.

I motsetning til Barghouti meiner han at sjølve gjennombrotet i Oslo var viktig. At Israel og PLO endeleg byrja å snakke direkte saman, var noko palestinarane hadde ønska seg lenge.

Graffitimaleri på en betongvegg ved et industriområde med parkerte biler foran.

Han meiner heller ikkje at dei seinare avsløringane om Terje Rød-Larsen og Mona Juul sine samband med Jeffrey Epstein kan viske ut det som faktisk vart oppnådd i 1993.

Men også Nusseibeh er kritisk til korleis palestinarane handterte forhandlingane.

Dei var for dårleg førebudde, meiner han, og hadde ikkje god nok kunnskap om korkje den israelske motparten eller situasjonen på bakken.

No har han sjølv begynt å tvile på om tostatsløysinga framleis er mogleg.

– Har eg gitt opp draumen om ein palestinsk stat slik eg såg han for meg for 20–30 år sidan? Ja. Ser ein på geografien og demografien, har alt endra seg, seier han.

– Norge har ein viktig plass i historia

Han meiner den israelske opinionen etter 7. oktober har gjort utsiktene til fred endå svakare.

Likevel har han ikkje gitt opp tanken om at israelarar og palestinarar ein gong skal klare å bli einige om ei politisk løysing.

Og han meiner Norge framleis kan spele ei rolle.

Mann i blå skjorte står blant rosa blomster foran en steinbygning.

– Norge har ein viktig plass i historia om denne konflikten. Noko som byrja med norsk hjelp, har gått heilt gale. Kanskje bør Noreg engasjere seg igjen og forsøke å rette opp kursen, seier Nusseibeh.

Det er eit interessant perspektiv å ta med seg heim.

For medan vi i Norge diskuterer kva som gjekk gale med Oslo-avtalen, og kva dei norske aktørane bak han seinare har vore involverte i, er det lett å gløyme at avtalen framleis har heilt konkrete konsekvensar for menneska som bur på Vestbreidda.

Det er freistande å sjå på Oslo-prosessen som eit avslutta kapittel i norsk diplomatihistorie. Eit stort gjennombrot som aldri førte dit ein hadde håpa.

Ikkje utan betydning kven som styrer Israel

Det er framleis Israel som kontrollerer store delar av områda. Det er framleis busettingane som veks. Og det er framleis dei palestinske leiarane frå den gamle fredsprosessen som sit med makta, utan å ha fått fornya den demokratiske legitimiteten sin gjennom val.

Og i Israel har oppslutninga om ein palestinsk stat blitt så svak at sjølv sentrale utfordrarar til Netanyahu avviser løysinga som Oslo-prosessen skulle legge grunnlaget for.

Det betyr ikkje at det er utan betydning kven som styrer Israel. For palestinarane som lever med trugslar og vald frå israelske busettarar, kan det vere avgjerande.

Tre israelske flagg står i et steinete område foran tett boligbebyggelse.

Men eit regjeringsskifte vil ikkje i seg sjølv gi palestinarane ein stat. Og det vil ikkje automatisk gi israelarane tryggleiken dei lengtar etter.

Då vi møter Arik Ascherman i Jerusalem, fortel han meg om eit gammalt jødisk ordtak han prøver å leve etter: «Ein er ikkje forventa å fullføre oppgåva. Men ein er heller ikkje fri til å gi opp.»

Etter reisa gjennom Israel og Vestbreidda er det lett å forstå kvifor han held fast ved dei orda.

Og like fullt: etter 33 år med Oslo-avtalen er det vanskeleg å få auge på kven som skal plukke opp restane av den.

Kareem Khadder bidro i felt til denne reportasjen.

Powered by Labrador CMS