Meninger

I mai 2020 forble talet på bekrefta koronatilfelle i Tanzania uendra i tre veker. Det internasjonale samfunnet vart bekymra for at landets myndigheter heldt sanninga om smittespreiinga skjult. I juni 2020 kunngjorde daværende president John Magufuli at landet offisielt var «koronafritt», og tala på koronatilfelle blei låst. Den offentlege fornektinga av pandemien var norma fram til Samia Suluhu tok over som president, skriv Emma Jane Lord.

Vaksinemotstand i Tanzania kastar lys på Afrikas vaksineutfordringar

Tanzania er eit interessant og eineståande døme på korleis alternative haldningar til pandemien fekk feste seg. Desse haldningane viser at måla om aukande vaksinasjonstal må vere meir heilskaplege, skriv Emma Jane Lord.

Dette er et debattinnlegg. Meninger i teksten står for skribentens regning.

Covid-19 har ført til tragiske dødsfall og inngrep i kvardagen vår som er utan sidestykke. Eit lite lyspunkt er det kritiske blikket som har blitt retta mot den globale helseulikskapen i den offentlege debatten. Det har blitt understreka at distribusjon av vaksinar til afrikanske land og andre lavinntektslandland er naudsynt for å redusere risikoen for korona-mutasjonar. Det har til og med vore etterspurnad etter patentunntak for vaksinar, og ein har sett spørjeteikn ved immaterielle rettar som reduserer tilgangen til medisinar for HIV, multiresistent tuberkulose og hepatitt C. Mediefokuset på vaksinedistribusjon til lavinntektslandland er eit viktig steg i retning av ein naudsynt kritikk av globale ulikskapar i helsevesenet, men det er viktig å vere klar over at vaksinetilgang åleine ikkje er eit effektivt tiltak når interessa for å vaksinere seg manglar hos folk flest.

Det er viktig å vere klar over at vaksinetilgang åleine ikkje er eit effektivt tiltak når interessa for å vaksinere seg manglar hos folk flest.

Tanzania er eit interessant og eineståande døme på korleis alternative haldningar til pandemien fekk feste seg. Under den første korona-bølga i mars 2020 blei offentlege institusjonar og samlingsplassar stengte ned, masker blei påbode, og sosial distansering blei innført. Dei dårlege levekåra i overfylte byar gjorde likevel at mange ikkje hadde råd til å ta opphald i økonomisk aktivitet. I Afrika er det stor skilnad på det som skjer på papiret og det som føregår på gata.

Blei møtt med apati og fornekting

Den no avdøde presidenten John Magufuli kunngjorde i juni 2020 at Tanzania offisielt var «koronafritt», etter tre dagar med nasjonal fellesbøn. Tala på koronatilfelle blei låst til 509 smittetilfelle og 21 dødsfall i eit forsøk på å forhindre panikk blant folket. Legar som snakka i mot dei offentlege utsegnene om at mystiske dødsfall kunne ha mange moglege årsaker utover korona, stod i fare for å hamne i fengsel.

Offentleg fornekting av pandemien var norma fram til Samia Suluhu tok over som president i mars 2021 og fremja ei meir konvensjonell og vitskapleg tilnærming. Vaksinedistribusjonen blei forsinka, korona-skepsisen er framleis utbreidd, og sjølv om gratis vaksinar no er offentleg tilgjengelege, så er graden av vaksinasjon enno låg på grunn av manglande motivasjon blant det tanzanianske folket for å vaksinere seg.

Det er viktig å ta omsyn til meir generelle årsakstilhøve til denne apatien, som demografien og tilstanden i helsevesenet i mange afrikanske land. Kort forventa levealder og høge fødselstal inneber at dei med høgst risiko for å døy av korona utgjer ein lågare prosentdel i den generelle folkesetnaden enn i vestlege land. Det er også ei mangel på omfattande og rimelege helsetenester, og mange døyr kvar dag av sjukdommar som lett kan førebyggast. Forsking på malaria og tropiske sjukdommar har lenge hamna på sidelinja, og somme tanzanianarar såg på korona som ein av mange allereie eksisterande dødelege lidingar.

Eit døme på politisk feilinformasjon om pandemien er det som skjedde under valet i Tanzania då Magufuli blei vald på nytt. Sjølv om mange stilte spørsmål ved koronanektinga i sosiale medium i denne perioden, så var det ein god del frykt for regjeringa, og mange som ønskja å snakke blei hindra i dette. Tanzania si lovgiving for nettkriminalitet har ført til at menneske kjem i fengsel berre for å støtte den politiske opposisjonen, og under valet blei tilgangen til VPN og plattformar som WhatsApp kutta.

Tru på tradisjonelle medisiner

Kulturelle tilhøve spelar også ein rolle. Det var tanzanianarar som trudde på og godtok covid-19-nektinga utan å stille spørsmål, ofte på religiøst grunnlag eller basert på ein overordna mangel på kritisk tenking grunna lågare gjennomsnittlege leseferdigheitar i folket. Til og med no er det somme tanzanianarar som held fram med å nekte for at covid-19 finst og er djupt mistruiske til vestlege medisinar, inkludert covid-19-vaksinane. Bruken av tradisjonelle, dampbaserte urtemiddel er vanleg og omfattande, men slike plantebaserte medisinar blir oversett av vestleg vitskap sidan dei ikkje har gått gjennom kliniske studiar eller strenge rutinar for testing.

Tanzania si offisielle covid-19-nekting var ikkje typisk blant afrikanske land. På verdsbasis var Tanzania eitt av berre tre land av ein viss storleik (saman med Turkmenistan og Nord-Korea) som heldt tilbake smittetal frå Verdas helseorganisasjon (WHO). Dette kan sjåast på som eit ekstremt tilfelle. Slike døme gir oss noko å tenke på: kva må endrast før verda kan stå samla i ein heilskapleg strategi mot dødelege sjukdommar? I kva grad spreier vi i vesten vaksinar til fordel for afrikanske land, og i kva grad gjer vi det for vår eigen del?

Vaksinar burde bli følgd av ein bevisstgjeringskampanje som legg vekt på korleis vaksinane verkar og som gjer risikoen for biverknader tydeleg. Det trengs dessutan meir forsking på effekten av tradisjonell medisin dersom vi ønskjer at tanzanianarane skal ta vestlege produkt utvikla utanfor deira land på alvor, og som eit teikn på innbyrdes respekt. Til slutt må det investerast i utvikling og distribusjon av behandlingar for malaria og alle andre tropiske lidingar, og den overordna kvaliteten på helsetilbod og utdanning må hevast. Korona har vist kor enkelte trugslar kan krysse grenser. Dette bør få innverknad på standardane våre for grunnleggande tenester.

  • Innlegget vart opphavleg skrive på engelsk av Emma Jane Lord og to anonyme forfattarar. Oversetninga til nynorsk vart utført av Kamilla Stølen.
Powered by Labrador CMS