Det er lite som tyder på at María Corina Machado har hatt stor eller reell makt over Trumps planar for Venezuela, skriv ansvarleg redaktør Emil André Erstad.

Kommentar:

Regimeskifte i forvirringas tid

Det er lite sakleg grunn til å hevde at María Corina Machado var med og planla det amerikanske kuppet.

Publisert Sist oppdatert

Dette er ein kommentar. Meiningar i teksten er skribentens eigne.

Bortføringa av Venezuelas brutale diktator, Nicolás Maduro, følgde læreboka for kidnappingar: Han vart henta i senga si midt på natta og umiddelbart tatt frå syn og hørsel ved å bli påført briller og hørselvern. Ei vellukka bortføring handlar om å skape så stor forvirring hos den bortførte, at vedkomande ikkje klarar å gjere motstand. 

Denne gongen var det tilsynelatande fleire enn den bortførte som let seg forvirre.

Machado som edderkopp

Til dømes rådar det framleis stor forvirring i Trumps eigen administrasjon om kva planar eller politikk USA har for Venezuela i tida framover. Og kom den venezuelanske demokratirørsla styrkt ut av operasjonen? Det er det mildt sagt delte meiningar om.

Andre er tilsynelatande forvirra om nobelprisvinnar María Corina Machado si påståtte rolle.

Ein av dei som har meldt hardt dei siste dagane, er Vegard Bye. Han er konsulent hos firmaet Scanteam, mangeårig Latin Amerika–kommentator og tidlegare vararepresentant til Stortinget for SV. Han sa på NRK at nobelprisvinnar María Corina Machado «åpenbart har vært med i planleggingen av dette». Då Nettavisen bad han grunngje påstanden, svara Bye at Nobelprisen til Machado «indirekte» kan ha påverka vurderingane til USA i planlegginga av statskuppet

Også UiO-professor og Latin Amerika–kjennar Benedicte Bull meiner intervensjonen stiller fredsprisen til Machado i eit dårleg lys, men tror samtidig at USAs militæraksjon var planlagt lenge før tildelingen av Nobels fredspris ble kunngjort.

Spesielt Bye kjem med sterke påstandar.

Det er lite sakleg grunn i dei siste dagars utvikling som talar for at María Corina Machado har hatt noko med statskuppet å gjere eller på nokon måte deltatt i planlegginga av det. Tvert imot talar mykje av hennar reaksjonsmønster for at ho er temmeleg makteslaus i møte med dei amerikanske planane og Donalds Trumps vrede. 

Argumenta for Machados påståtte støtte til den amerikanske militære intervensjonen, er ikkje stort sterkare enn argumenta for at Jonas Gahr Støre har deltatt i noko planlegging. Heller ikkje han har gått ut og fordømt den amerikanske intervensjonen. Machado har på si side langt mindre handlingsrom enn den norske statsministeren. I den grad Støre er avhengig av Trumps lunefulle humør, er det berre å førestille seg korleis det er for aktørar som Machado.

Trump skuffa over at Machado tok imot

«Eg trur det blir veldig krevjande for henne å vere leiar no. Ho har ikkje støtte eller respekt innad i landet», sa Trump til pressa på laurdag. Kjelder i Det kvite huset fortel til Washington Post at Machado vart kasta ut i kulden av Trump fordi ho valde å ta imot Nobels fredpris. Ho burde – ifølge kjeldene – ha takka pent nei til prisen med grunngjeving om at den «er Trumps pris». Dersom ho hadde gjort det, påstår kjeldene at ho ville ha blitt Venezuelas neste president.

Kor mykje ein skal stole på anonyme kjelder i dagens Trump-administrasjon, er eit usikkert spørsmål. Likevel gir desse kjeldene ein peikepinn på at heller enn å nøre oppunder og skape grobotn for Trumps handlingar i Venezuela, vart fredsprisen til Machado oppfatta som ein provokasjon i Washington D.C.

Måndag ettermiddag takka Machado den amerikanske presidenten for kidnappinga av Maduro. Ho kalla det «fastheit og besluttsomheit i å oppretthalde lova». Vidare slo ho fast at «Venezuela vil vere USAs viktigaste allierte i saker som gjeld tryggleik, energi, demokrati og menneskerettar». 

Ho fremja deretter eit narrativ om at Venezuelas fridom er nær, og at dei ho identifiserer seg med i den venezuelanske demokratirørsla snart skal feire. «Vi skal rope, be og omfavne kvarandre som familiar, for barna våre skal kome heim», skreiv ho.

Utsegna vitnar om at ho har behov for å ta eigarskap til Trumps aksjon, sjølv om han har gjort mykje dei siste dagane for å ta avstand og redusere hennar autoritet. Det gir likevel ikkje inntrykk av at Machado og hennar folk sit med makt eller forhandlingskapital overfor Trumps regjering.

Hjelp eller sabotasje?

Den amerikanske historieprofessoren og forfattaren Timothy Snyder skriv innsiktsfullt på sin blogg om forholdet mellom Trump og Machado. Trass i at Machado ope dedikerte fredsprisen til Trump, skal det ha skuffa han at ho tok imot den. Fredsprisvinnaren fortalde sjølv at amerikanske styresmakter hjalp henne ut av Venezuela, då ho skulle til Norge.

Snyder skriv at det som for ein månad sidan vart oppfatta som amerikansk hjelp for å få Machado til Oslo, no ser meir ut som eit amerikansk forsøk på å fjerne ein maktrival og «legge vegen open for amerikansk imperialisme»

Det er med andre ord stikk motsett analyse av den Bye og Bull tilbyr. Snyder er heller ingen lettvektar i vurderingane av amerikansk utanrikspolitikk og Trumps regime.

Det er liten tvil om at Nobelprisen har blitt del av informasjonskrigen i og om Venezuela. Derfor er det viktig at aktørar som kastar seg inn i debatten, er edruelege i analysane. 

Diskusjonen om Machados rolle er likevel ikkje heilt malplassert, fordi den djupast sett handlar om dette spørsmålet: Tente den venezuelanske demokratirørsla på at Maduro forsvann på denne måten?

Det er mogleg å tenke at terskelen for mobilisering og organisering mot regimet vert senka, når presidenten sit i amerikansk varetekt. Regimet verkar ikkje uknuseleg, og det er nok grunnen til at mange venezuelanarar i utlandet omtalar det som skjer som eit vendepunkt. Machado var også rask til å peike på at den legitime valvinnaren Gonzales, burde leie ein demokratisk overgang. 

Samstundes peikar fleire pilar i retning av at demokratirørsla i Venezuela vil vere meir splitta enn samla i møte med det som enkelt kan karakteriserast som imperialistisk innblanding. Dessutan ser den amerikanske regjeringa ut til å sette til side den demokratiske opposisjonen til fordel for figurar som har stått støtt rundt Maduro, som den fungerande presidenten Delcy Rodríguez. 

Folk som utnyttar forvirring

Uavhengig av diskusjonane om Machados rolle, er det liten tvil om at konsekvensane av Trumps inngripen i Venezuela er ei forsterka kjensle av internasjonal ulvetid. 

Nobelkomiteen og Trump heia openbert ikkje på dei same folka i Venezuela.

Dessutan: Som forfattaren og Sciences Po-professoren Giuliano da Empoli skriv i boka Rovdyrenes tid er det eit vell av aktørar som ønsker å utnytte den forma for forvirring som blir skapt. 

Det at Trump går inn i ein annan stat og hentar ut ein de facto-statsleiar, vil utan tvil bidra til å skape presedens. Til dømes blir det nesten umogleg å argumentere for at det Trumps regjering gjorde i Caracas er veldig prinspielt ulikt det autoritære regimer gjer i andre land, der dei blandar seg inn. 

Verda vart ikkje tryggare natt til lørdag.

Det trengs til dømes ikkje mykje fantasi for å tenke seg kva Vladimir Putin helst vil gjere med Volodymyr Zelenskyj, eller kva Xi Jinping helst vil gjere med Taiwan. Dei siste dagane har begge fått betre kort på handa. 

Det same kan ein ikkje seie om demokratirørsla i Venezuela.

Powered by Labrador CMS