Kommentar:
UD burde ha lytta til Carl I. Hagen i 2021
Epstein-filene rammar tilliten til norsk engasjement i verda på verst tenkeleg tidspunkt. Utanriksdepartementet burde og kunne ha rydda opp for lenge sidan.
Dette er en kommentar. Meninger i teksten er skribentens egne.
Kven møtte kven, kven betalte, kven visste, kven fekk kva og kvifor stoppa ingen det før det blei ei internasjonal skandale?
Det er berre å sjå for seg kjøkkenbordsamtalane den siste veka, og kva skade det som har komme fram har gjort på tilliten til norsk engasjement i verda hos skattebetalar Ola og Kari.
Carl I. Hagens poeng
Det er fem år sidan Riksrevisjonen kom med ei åtvaring som burde ha sett heile UD i alarmmodus. Om ikkje rapporten fekk alarmen til å gå, så burde i alle fall debatten i Stortinget om rapporten etterpå, ha gjort det.
Då Stortinget handsama saka 1. mars 2021, stemte fleirtalet ned eit forslag frå Carl I. Hagen og Frp om at regjeringa burde vurdere om tilsette i Utanriksdepartementet kunne ha brote straffelova, basert på forhold avdekka i Riksrevisjonen si undersøking av Terje Rød Larsen sitt International Peace Institute (IPI).
I same behandling føreslo Raudt og Framstegspartiet at Stortinget skulle be Riksrevisjonen gå gjennom UD si tildeling av tilskot til IPI også for åra 2012–2018.
Også det blei nedstemt av eit stort fleirtal.
Den gongen tala kritikarane for døve øyre.
I dag er det ikkje vanskeleg å sjå at voteringane burde ha enda motsett.
Lang reaksjonstid i UD
I dei ferske Epstein-filene blir IPI omtalt hyppig. Det same blir Rød Larsen og hans ektefelle, toppdiplomaten Mona Juul. Og gjennom særleg journalistikken til Dagens Næringsliv har vi fått eit innblikk i eit samrøre mellom Jeffrey Epstein, Rød Larsen og Juul som i beste fall kan kallast djupt problematisk.
Summar, reiser, venskap og tilgang til makt som er relevant å sjå i samanheng med lovene og reglane ein norsk diplomat skal følge. Slik som statsansattelova, utanrikstenestelova, offentleglova, tryggleikslova, og i tillegg UD sitt interne regelverk.
Utanriksminister Espen Barth Eide har varsla at Juul no er friteken frå arbeidsplikta som ambassadør til Jordan, medan departementet undersøker kva som har skjedd. Det er rett å undersøke.
Men det er vanskeleg å forstå eller akseptere kvifor det skjer først no.
Sjølv om Hagens forslag fall i 2021, var det meir enn nok i Riksrevisjonen si åtvaring og det som kom fram i offentlegheita til at ein ansvarleg arbeidsgivar burde ha rydda og undersøkt grundigare og tidlegare. For dette handlar ikkje berre om enkeltpersonar. Det handlar om system.
Krisene står i kø
Difor er det grunn til å stille minst to spørsmål til UD:
Kven visste kva, når?
Og dersom ingen visste: korleis er det mogleg, når UD seier dei har strenge kontrollrutinar nettopp for å hindre denne typen regelbrot og tillitsbrot?
Den siste veka har vi fått ei lang liste over grunnar til at Epstein-filene er øydeleggande for tilliten til politikarar og embetsverk. Men dei største konsekvensane kan kome på eit område som Norge har levert på i tiår: tilliten til norsk engasjement i verda, til bistand, utvikling og kampen mot global urett.
Det skjer på eit tidspunkt der organisasjonar som den europeiske utviklingsorganisasjonen Eurodad ropar varsku om at global utviklingshjelp, ikkje klarar å nå dei fattigaste, på grunn av dei store endringane som skjer. I 2024 brukte dei minst utvikla landa i verda meir pengar på å betale renter på lån til rikare land, enn dei fekk i bistand, skriv Eurodas i sin ferske rapport.
I den siste omfattande prognosen frå The Lancet viser at bistandskutt kan koste opp mot 22 millionar liv innan 2030.
Human Rights Watch kom i si årlege oppsummering med meldingar om at den globale menneskerettsordenen er i fare, og at internasjonale institusjonar blir så sveikka at det får konsekvensar for menneska på bakken.
Systemet er i fare, skriv HRW.
Jetset-idealismen
Det blir ikkje betre av at kronprinsesse Mette Marit møtte Epstein og hans nettverk via sitt internasjonale engasjement, eller ved at filantropen Bill Gates er hyppig nemnt i filene – sjølv om han nektar for å ha hatt noko å gjere med dei mange kvinnene eller lovbrota Epstein er skulda for.
Når folk ser denne jetset-idealismen frå innsida, gjer det uboteleg skade på tilliten til alt norsk engasjement i verda for fred, mot fattigdom og for rettferd. Kommentarfelt-trolla får oppfylt sine mest maksimalistiske fantasiar om kor råte systemet er. Kritikarar av norsk bistands- og fredsengasjement får naturlegvis vatn på mølla. Ein av dei som får større tyngde bak argumenta sine, er professor emeritus Terje Tvedt, som med fornya giv kan kaste om seg med omgrep som det «humanitær-politiske kompleks» og «den sørpolitiske eliten».
Eit ansvar ligg sjølvsagt på dei involverte. Dei haustar fortent kritikk.
Men UDs ansvar bør ikkje forsvinne frå debatten. Riksrevisjonen gav i IPI–saka departementet kritikk for svak kontroll og oppfølging, og peika på at slikt kunne skade tilliten til forvaltinga av offentlege midlar. Ei slik åtvaring kan ikkje berre møtt med eit skuldertrekk og så held alt fram som normalt.
Til dømes burde UD etter Riksrevisjonen si undersøking ha gått tyngre inn i habilitetsvurderingar, dokumentasjon, kontroll og oppfølging av tilskot, og sikra at ingen enkeltpersonar, nettverk eller relasjonar kunne sete heile institusjonen i den omdømekrisa dei no står i.
DNs journalistikk den gongen viste berre toppen av eit isfjell.
Tillit må byggast på nytt
Kanskje burde ikkje Carl I. Hagen sin idé i 2021 blitt forstått som eit politisk stunt, men som eit heilt fornuftig krav.
Når store delar av opposisjonen på nytt ber om ei uavhengig gransking, er det gode grunnar til at fleirtalet og regjeringa bør lytte til det. Statsministeren har hittil vore negativ, men kan bli tvinga til å gjere det av fleirtalet. Det er forståeleg at Støre ikkje ønsker å mistenkeleggjere store delar av utanrikstenesta ved å opne for ei gransking.
Samstundes ser det vanskeleg å komme utanom ei eller anna form for uavhengig gransking av det som har komme fram den siste veka.
Det er ofte tillitsvekkande å få alle kort på bordet, før nokon gjer det for deg.