10.000 bekrefta ebolatilfelle i DR Kongo

Den demokratiske republikken Kongo har bekrefta over 10.000 tilfelle av ebola sidan det siste utbrotet starta for under eit halvt år sidan, ifølge NRC Flyktninghjelpen. Nesten 5000 er bekrefta døde.

Publisert

Åtte provinsar er ramma av utbrotet og epidemien er konsentrert i austlege delar av landet. Nye tilfelle i Kenya og Nigeria skapt frykt for regional spreiing.

– 10.000 bekrefta tilfelle viser tydeleg at dagens tiltak ikkje er nok til å få bukt med utbrotet, og at lokalsamfunna ikkje får den støtta dei treng til å hindre spreiing av smitte, seier Silvia Beccacece, leiar for NRC Flyktninghjelpens kriseteam.

Organisasjonen har jobba i landet i over 20 år og deltek i ebolaresponsen. 

Dei ser at utbrotet kjem på toppen av ei langvarig humanitær krise i DR Kongo der familiar har slitt i årevis som følge av ekstrem vald, flukt og mangel på grunnleggande tenester.

–  Ebola kjem på toppen av dette, på eit tidspunkt der mange ikkje lenger har ressursar til å handtere enda ei krise, seier Beccacece.

Powered by Labrador CMS