Peter Frølich (H) på presentasjonen av Norges nye stridsvogn Leopard 2 A8 NOR på Rena leir i april i år.

Bokmelding

Eit festskrift for nordmenn i den store krigen

Boka om Fritt Ukraina fortel ei oppsiktsvekkande historie om eit usedvanleg initiativ.

Publisert

Dette er ei bokmelding. Meininger i teksten er skribentens eigne.

Bokmelding

  • Tittel: Fritt Ukraina, Norske frivilliges kamp for Europas fremtid

  • Forfatter: Øystein Borgen

  • Forlag: Kagge

  • Sider: 233

  • År: 2026

Øystein Bogens bok om organisasjonen Fritt Ukraina byd på kontrastar. Frå salongane til Bergens rikast familiar til frontlinene i Ukraina. Vegen mellom dei to blir tilbakelagt på bakken, i bilar av aktivistar som held det gåande i uforsvarleg mange timar i strekk ved hjelp av Red Bull.

Organisasjonen har heilt frå sin spede start vore høgprofilert. Delar av historia er difor kjent for mange.

Forfattar Øystein Bogen er ein erfaren utanriksjournalist og samlar trådane, ideane og personane bak organisasjonen i det som er blitt ei medrivande framstilling. Sjølv las eg heile vegen med ein ambivalens, kva den kom av skal eg vende tilbake til.

Ullundertøy og dronar

Bogen har ein tung Ukraina og Russlands CV. Her brukar han den til å gi bakgrunnsinformasjon og setje ting i samanheng slik at hovudforteljinga flyt lett, i korte, effektivt oppbygde kapittel. Og det er ei oppsiktsvekkande historie han fortel.

Det startar med Høgrepolitikar Peter Frølich, oppvaksen i ein av Bergens mest framståande familiar, flaska opp på historier om bestefarens motstandskamp under den andre verdskrigen.

Då fullskalainvasjonen av Ukraina var eit faktum, tenkte han ikkje berre at dette er noko som også rokkar ved norsk tryggleik. Han tenkte også dette er vårt 9. april. Organisasjonen Fritt Ukraina sprang ut av dette.

Sommaren 2022 gjennomførte Frølich, og folk frå hans nettverk, den første transporten til Ukraina. Den gongen var lasta ullundertøy og rullestolar. Sidan har det følgd ein jamn straum av stadig meir avanserte leveransar – framfor alt køyretøy og militært materiell.

Mottoet vart formulert av forfattaren Roy Jacobsen, som sjølv var aktiv i organisasjonen,  - det er bedre å gjøre litt enn å mene mye.

Millioninnsamling

Då eg las boka, var det med ein viss ambivalens, fordi ho på eit vis framstår som eit festskrift for nordmenn som vil fortelje om sin eigen rolle i den store krigen.

Organisasjonen Fritt Ukraina har bygd sitt eige nettverk innanfor den ukrainske hæren og leverer etter avtale det som er etterspurd, heilt inne ved frontlinene. Organisasjonens målretta og effektive måte å operere på, ser ut til å skuldast særleg Natalia Golis, organisasjonens daglege leiar.

Ho blir skildra som ein person med ein oppsiktsvekkande gjennomføringsevne. Golis har elles partibakgrunn frå Raudt og Miljøpartiet, ikkje frå Høgre.

Blant aktivistane finn ein prominente folk, som forsvarssjef Erik Kristoffersen og Christian Ringnes, men også personar med meir vanlege jobbar. Men det blir tydeleg at det har sine fordelar at initiativet kjem frå eit miljø der mange har stor betalingsevne.

I 2025 samla organisasjonen inn 250 millionar kroner. I norsk samanheng er organisasjonen oppsiktsvekkande fordi dei satsar på militæret, ikkje sivilsamfunnet, og fordi dei etter kvart har gått djupt inn i utvikling av ny militærteknologi.

I boka kan vi lese om robotar, utvikla med norsk finansiering, som gjer ein innsats på bakken som troppsjefen seier dei elles ville  «brukt 20 mann på». Forventa funksjonstid for desse robotane er mellom fire og atten oppdrag.

Døden ved fronten

Kva menn blir brukt til elles kjem glimtvis inn og skildringane bit seg fast.

Ein ukrainsk kjelde, stasjonert ved fronten fortel at dei russiske angrepa følgjer eit mønster: Først kjem pansra køyretøy, som blir skotne i filler av ukrainske dronar. I neste angrep blir firhjulte motorsyklar brukt.

Mennene som sit oppå blir av ukrainarane omtalt som  «eingongssoldatar». Å sende dei rett i døden er taktikk frå russisk side, det handlar om å slite ut motparten.

Til sist kjem fotsoldatane, av og til klarar nokre å ta seg inn i bygningar og bli ankerfeste for vidare framrykking. Slik blir det kjempa mann for mann, drone for drone, angrepsbølge for angrepsbølge, igjen og igjen.

Ukrainarane som forsvarer frontlinja er svært ofte dårlig utstyrt, mange har også for lite tilgang til mat, slik blant anna forfattaren Valerij Puzik har skrive om.  

Ei tett, velskriven bok om ei historie som er svært interessant. Men den har klare rammer, dette er ikkje ei bok som drøftar årsakene til krigen, moralen til Volodymyr Zelenskyj og hans nære krins, Ukrainas krigsstrategi eller om moglegheitene for fred.

Rammene for boka er organisasjonen Fritt Ukraina, og tanken om at denne krigen er vår krig, og ho blir fortald som ein rapport frå bakken, av ein forfattar som sympatiserer med organisasjonen. Dette er eit uttalt premiss for utgjevinga - delar av kjøpssummen går til Fritt Ukraina.

Ambivalensen

Då eg las boka, var det med ein viss ambivalens, fordi ho på eit vis framstår som eit festskrift for nordmenn som vil fortelje om sin eigen rolle i den store krigen. Inntrykket vart forsterka av dei dokumentariske bileta i boka som viser organisasjonens folk, og donorar, i dramatiske situasjonar.

Forfattaren går inn i spørsmålet, om enn i litt andre ordelag enn meg, fleire stader i boka. Også dei som reiser, legg for dagen ein  ambivalens. Kjendisinvestor Christian Ringnes, seier til dømes at han først ikkje ville reise, fordi han frykta det ville bli «en slags selskapsreise i elendighet».

Om ein ser det frå ein pragmatisk ståstad er det klart at det er lettare å samle inn pengar og å mobilisere aktivistar, viss folk kjenner til deg frå før.

Om ein ser det frå ein praktisk ståstad: når ein russisk Sahed-drone blir hindra i å drepe ukrainarar fordi den blir tatt ut av Fritt Ukraina-finansiert teknologi, er det eigentleg problematisk om nokon i Fritt Ukraina la ut ein selfie for å dokumentere hendinga?

Etter å ha lese heile boka, landar eg sjølv på at eg også synest det er betre å gjere litt enn å skrive, eller meine, mykje.

Powered by Labrador CMS