Erik Solheim stod ved sidan av Indias statsminister under markeringen av Verdens miljødag i New Delhi i 2018.

Erik Solheim: – Den vestlege verdsordenen er over

Den tidlegare utviklingsministeren og FN-toppen Erik Solheim meiner verda er inne i ei historisk maktforskyving – og at Norge må tenke nytt om si rolle i verda.

Publisert Sist oppdatert

– Eg ser ein verdsorden i absolutt nedgang. Ein verden vi har vore vande med, som no forsvinn, seier Erik Solheim i siste episode av Panorama-podkasten Verdensproblemer.

Asia tek over

Solheim peikar på to store endringar i verdsordenen: 

For det første går vi frå ein vestleg-dominert verd til ein der Asia er viktigast. 

For det andre går vi frå ein unipolar verd styrt av USA, til ein der Kina og USA er dei to dominerande maktene – men der også India, Indonesia, Brasil og Tyrkia spelar stadig viktigare roller.

– Indonesia er venta å bli den fjerde største økonomien i verda i 2050. Det er ikkje ofte du høyrer noko om Indonesia i norske medier, men dei vil vere vesentleg større enn Tyskland som økonomi, seier han.

Solheim understrekar at dette ikkje er noko nytt i historisk perspektiv. 

Russlands og Indonesias leiarar møtast i Moskva medan Asia får aukande tyngde i den globale maktbalansen.

På 1700-talet stod Kina og India for 60–70 prosent av verdas økonomi. Det var den industrielle revolusjonen som gav Vesten makt til å dominere verda i to hundre år – og no svingar pendelen tilbake.

– Er du ikkje redd for at dette blir litt overdreven spådom? USA sit framleis på eit ganske greit arsenal av militære ressursar og ein stor økonomi.

– USAs makt har vore basert på tre ting: økonomi, kultur og militært. Kina er allereie ein vesentleg større økonomi enn USA målt i kjøpekraftsparitet, og er venta å stå for 45 prosent av verdas vareproduksjon i 2030. Det er like mykje som USA var på 1950-talet, svarar Solheim.

– USA kan ikkje vinne kriger

Sjølv om USA framleis har verdas suverent største militærbudsjett – like stort som dei ti neste landa til saman – meiner Solheim at den militære overlegna er lite verdt i praksis.

– USA har tapt alle krigar dei har vore involverte i. Vietnam, Irak, Afghanistan, Libya. Det amerikanske militærapparatet er som ein Lamborghini: fantastisk på ein rett motorveg, men heilt ubrukleg på verdas krokete vegar, seier han.

FN er på sidelinja

Solheim er krass i kritikken av FN, som han meiner har vorte ståande fast i 1945 og ikkje klart å reformere seg. India – verdas mest folkerike land og tredje største økonomi – sit ikkje i Tryggingsrådet. Afrika, som vil ha 2,5 milliardar menneske i 2050, er heller ikkje representert. Frankrike, med 60 millionar innbyggjarar, sit der fordi dei var sterke rett etter krigen.

– Det er ikkje mogleg å høyre noko anna enn desperasjon hjå folk i FN. Ingen spør kva FN gjer i Ukraina, Gaza eller Sudan. Organisasjonen vi skapte for å vere verdas viktigaste fredsinstitusjon, er på sidelinja av dei viktigaste fredsprosessane i verda, seier han.

Erik Solheim, fotografert då Tanzanias president var på statsbesøk i Norge i 2024.

Han har likevel tru på at ein ny generalsekretær – som skal veljast i løpet av hausten – kan snu utviklinga. Solheim nemner Chiles tidlegare president Michelle Bachelet og Mexicos miljøvernminister Alicia Bárcena som gode kandidatar.

Kina: 57 år utan krig – påstår Solheim

Solheim er kjend for sitt positive syn på Kina, noko som har hausta kritikk i Noreg. Han held fast ved at Kina ikkje har vore i ein einaste krig på 57 år, og at verda burde hylle det som eit historisk unikt fenomen: ei stormakt som veks fram i fred, ikkje i krig.

– Men det er jo jevnlege trefningar mellom indiske og kinesiske soldatar i Himalaya, og vi ser ein nokså aggressiv retorikk overfor Taiwan. Det er ikkje heilt fredeleg dette Kina du skildrar?

– Taiwan er anerkjent av alle land i verda, også Noreg og USA, som ein del av Kina. Det går an å ta det motsette perspektivet og tenke at det er ganske fredeleg gjort av Kina å arbeide for ei fredeleg gjenforeining med ein provins som heile verda anerkjenner som kinesisk, svarar Solheim.

– Og menneskerettssituasjonen til uigurane i Xinjiang – det er vel meir dokumenterbare ting å ta tak i der?

Om menneskerettssituasjonen til uigurane seier han at det finst legitim kritikk, men avviser omgrepet folkemord.

– Det er ingen muslimske land som tek opp behandlinga av uigurane. La oss heller gå inn i ein dialog med Kina om korleis vi behandlar minoritetar – det er eit spørsmål som gjeld Spania, India, Canada og heile verda, seier han.

Kina og Russland – ikkje ei einskapleg blokk

– Anne Applebaum skriv i boka «Autocracy Inc.» at autoritære regime som Kina, Russland og Iran utgjer eit korrupsjonsnettverk som samarbeider om å halde makt på få hender. Kva tenker du om det?

Solheim er kontant i svaret:

– Det er pølsevev. Kritikken er treffande for Putin og Russland, men det er få land som er meir ulike i sitt politiske system enn det kinesiske og det russiske. Kina handlar meir med Vietnam enn med Russland. Kinas fremste interesse er eit godt forhold til USA – ikkje til Moskva, seier han.

Ei meir rettferdig, men ustabil verd

Solheim er grunnleggjande optimistisk på vegner av den nye verdsordenen. Han meiner han vil vere meir rettferdig, grønare og fattigare på fattigdom enn den koloniale æraen. Men han åtvarar samstundes om ustabilitet – fordi det no ikkje lenger finst éin hegemon som tar dei siste avgjerslene.

– For Noreg er den viktigaste leksa at vi må lære oss å forstå Asia, forstå Kina og India på eigne premissar – ikkje berre gjennom vestlege briller, seier Solheim.

Powered by Labrador CMS