Bistand til land i konflikt
Dei fleste landa Noreg har utviklingssamarbeid med, er enten råka av konflikt, har vore det for ikkje lenge sidan eller er i ein fase der konflikt trugar.
I konflikten mellom India og Pakistan, som begge rår over atomvåpen, er situasjonen eksplosiv. I Midtausten er tilliten mellom partane nesten lik null etter over halvtanna år med intifada. Mykje av det som har vore investert - økonomisk og fagleg - ligg bokstavleg tala i grus.
I mange andre land dreiar det seg om indre konfliktar - etnisk uro og borgarkrig, ofte med innblanding av troppar og militante grupper frå grannelanda.
Som til dømes i Nepal. Etter at konflikten mellom maoistane og styremaktene i Nepal blei trappa opp i fjor, er den positive utviklinga dette lutfattige landet var inne i, blitt snudd. Produksjonen går ned. Eksporten går ned. Infrastrukturen blir øydelagt. Den viktige turistindustrien blir råka.
Alle konfliktar er ulike. Det finst ikkje noka standard-løysing for korleis me kan bidra til fred og forsoning. Men bistand kan bidra ved å byggje relasjonar, bringe folk saman, utvikle institusjonar og finansiere konkrete tiltak som syner at fred er eit betre alternativ enn konflikt.
Bistanden opererer ikkje i eit vakum. Bistand er viktig og kan bidra positivt, men kan ikkje skape fred dersom det ikkje er politisk vilje til å løyse konfliktar.
Nokre konfliktar er høgt profilerte i media over heile verda. I slike konfliktar kan det internasjonale nærværet bli for stort. I alle fall så lenge media har lyskastarane sine på. Me har sett det i Bosnia og i Afghanistan. «Alle» ønskjer å vera til stades, og «alle» har mykje pengar å bruke på gode tiltak. Det som dessverre så alt for ofte skjer er at bistandsorganisasjonar, bilaterale gjevarar og multilaterale gjevarar brukar opp den lokale kunnskapsbasen, ressurssterke menneske som styremaktene i landet så sårt treng.
Me kan tilby løn, utstyr og arbeidsforhold som styremaktene i eit utbomba land ikkje er i nærleiken av. Me driv prisane i været, og den viktigaste motoren i økonomien kan lett bli å pleie bistandsbransjen. Klarer i tillegg ikkje dei internasjonale gjevarane å samordne innsatsen kan det bli rektig gale. Me har sett tendensar til det i Bosnia.
Andre stader, som i Afrika, kan konfliktar blusse opp og slokne att utan at det skaper dei store overskriftene og utan at det internasjonale samfunnet kappast om å hjelpe.
I desse landa vil truleg det beste internasjonale bidraget for fred vera langsiktig nærvær. Tolmodig støtte til tiltak som gagnar alle partar og støtte til institusjonelle rammeverk som kan bidra til kontakt mellom fientlege grupper.
AVE