Kommentar:
Mímirs motorsag er ikkje farleg
Raudt og Frps bistandskritikk er ofte lettvint, unyansert og oppsiktsvekkande lik. Men dei som bryr seg om norsk bistand, gjer ein stor feil om dei lar seg opprøre av kritikken.
Dette er en kommentar. Meninger i teksten er skribentens egne.
Mímir Kristjánsson ville fortelje om Raudts sløserirapport i VG. Det var det ingen i redaksjonen som ville prioritere.
Ikkje før han sjølv føreslo å ta med ei motorsag.
Resultatet vart bilete som tydeleg spela på Elon Musks famøse opptreden med same reiskap. I Panoramas redaksjon noterte vi oss utspelet med stor interesse. Også fordi Musks motorsag alt har blitt eit symbol på dei brutale kutta i USAID, og på det fleire har omtalt som motorsag-effekten innan global helse.
Det var også interessant fordi Raudts førti sider lange rapport, En rimeligere og rausere offentlig sektor, på side 28 og 29 kom med nokre konkrete forslag til kutt i norsk bistand.
Partiet vil «stanse all unødvendig bruk av bistandsmidler». Dei vil ha som hovudregel at Noreg ikkje skal støtte tankesmier og stiftingar i rike land. Og dei vil «sørge for at bistandspengene brukes på prosjekter som har direkte positive effekter».
Strid om bistand til «eliteklubber»
Så inviterte Panorama Kristjánsson til intervju. Han stilte opp, og vi brukte VGs bilete av politikaren med motorsag for å illustrere saka. Han fekk også høve til å svare grundig på kva han meinte med symbolbruken.
Så blei det full fyr i teltet.
Frilansjournalist Maren Sæbø skreiv på Facebook at det var tonedøyvt av Kristjánsson å bruke motorsag som symbol. Ho peika også på kor lite interessert Raudt ser ut til å vere i den norske fredsinnsatsen, som ofte går gjennom nettopp «tankesmier og stiftingar i rike land». Dagen etter svara Kristjánsson med krass kritikk av Sæbøs kritikk, og sidan har vi hatt det gåande.
Dei som har følgd debatten i kommentarfelta til Sæbø og Kristjánsson dei siste døgna, har ikkje blitt så mykje klokare. Men Sæbø har nokre gode poeng.
For måten Raudt og Mímir Kristjánsson den siste tida har debattert bistand på, har fleire gonger gjort det vanskeleg å skilje partiet frå Frps ofte lettvinte bistandskritikk. Det er dessutan smertefullt å sjå konsekvensane av Musks og Trumps bistandskutt i mange land der helsesystem bryt saman.
Det er resultat av politikk dei fleste i Norge slepp å sjå med eigne auge.
Når Raudts kritikk liknar FrPs retorikk
Den lettvinte kritikken frå Kristjánsson vart spesielt tydeleg i ein episode av podkasten Mimir & Marsdal med den pirrande tittelen Typisk norsk (bistand) å være korrupt?, der den kjende venstresideduoen hadde invitert bistandskritikar Terje Tvedt til ein samtale om alt som er vondt og vanskeleg med norsk bistand.
Podkasten er interessant nettopp fordi han både treff noko sant og samstundes blir eit døme på ei populistisk form for lettvint bistandskritikk.
For ja: Det finst gode grunnar til å stille harde spørsmål om samrøre, prioriteringar og mangel på kontroll. Men i samtalen med Tvedt glir kritikken for ofte over i det tabloide og mistenkeleggjerande. Slik har Frp i mange år snakka om bistand: med store ord, sterke generaliseringar og insinuasjonar som er lette å forstå, men mindre eigna til å gjere oss klokare. Det oppsiktsvekkande no er kor ofte Raudt legg seg på noko av det same nivået.
Dei to partia ytst på kvar sin kant i norsk politikk ser stundom ut til å møtast i ein bistandspolitisk hestesko.
Det betyr ikkje at Raudt og Mímir Kristjánsson ikkje peikar på noko reelt. Tvert imot. Den tilliten bistanden lenge har levd på, kan ikkje takast for gitt. Panoramas eiga undersøking viste førre veke at eit klart fleirtal av veljarane framleis står støtt bak påstanden om at Norge skal gi bistand til verdas fattige. Men tala viser også at denne støtta er sårbar. Mykje av det som har kome fram dei siste månadane, har openbert skadd tilliten.
Når Maren Sæbø og ein del andre sentrale aktørar innan medie- og bistandsfeltet lar seg harmdirre av Kristjánssons motorsagsstunt, trur eg dei kan ta det meir med ro.
I staden for å dytte Raudt og Kristjánsson unna seg, må folk som har eit engasjement for verda rundt seg bygge nye alliansar i ei ny politisk tid.
Det gjeld både til Framstegspartiet og Raudt.
Difor gjer bistandsarbeidarar, Norad-folk, UD-tilsette og andre med stort internasjonalt hjarte og engasjement, seg sjølve ei bjørneteneste om dei berre avviser Kristjánsson utspel som dumme eller ureielege. Akkurat no er det få parti som har nasen tettare på den politiske vinden enn Raudt og Frp. Og om få år kan desse vere dei mektigaste partia i norsk politikk, dersom dei politiske vindane frå Danmark bles også hitover.
Det dei seier om bistand, bør ingen i feltet ignorere. Det kan straffe seg.
Eirik Mofoss-metoden
Det er også her denne debatten rommar ei moglegheit.
I mange år har bistand vore ein av dei største postane på statsbudsjettet, utan å vere gjenstand for særleg mykje brei, levande rikspolitisk debatt. No er det i endring.
Når profilar som Kristjánsson løftar temaet inn på større flater, skaper det også rom for noko betre: ein meir open og meir politisk diskusjon om kva norsk bistand skal vere, kva Norge faktisk oppnår, og kvar vi sviktar.
Det krev at fleire går inn i debatten utan å møte kritikken med moralsk overlegenheit eller automatisk avvising. Som Langsikt-leiar Eirik Mofoss nyleg viste i podkasten til Ole Asbjørn Ness, er det mogleg å diskutere bistand, utvikling og global solidaritet med folk som i utgangspunktet er djupt usamde og har ein heilt annan verdimessig ståstad.
Mofoss klarte på fleire punkt å overtyde Ness om at Noreg faktisk kan spele ei viktig rolle, til dømes innan global helse. Det nyttar openbert å prate saman, med innestemme, utan å kaste merkelappar på kvarandre. Då kan det sjølvsagt også vere ein idé å tone ned bruken av motorsag.
Men viktigast er dette: Den tillitsdebatten som no går føre seg, treng ikkje berre vere ein trugsel for norsk bistand. Den kan også vere ei påminning om at bistanden må tole meir kritikk, betre forklaringar og langt meir open politisk usemje enn før.
Som Marte Heian Engdal sa i siste episode av Panoramas podkast Verdensproblemer:
Kanskje har det vore for mykje hemmeleghald rundt ein del av engasjementa til Norge ute i verda. I fredspolitikken har det til dømes vore mykje hysj-hysj, og dermed lite innsikt om kva dei norske pengane faktisk har gått til. Og som Panorama avslørte denne veka, har Norge vore del av fleire fredsprosessar enn det som hittil har vore kjend.
Den største feilen dei som bryr seg om norsk engasjement i verda kan gjere no, er å møte motorsaga med forakt og moralsk indignasjon. Ho må møtast med betre argument, vilje til openheit for debatt og kanskje heilt nye alliansar.
Les også:
-
Panorama nyheter lanserer podkasten «Verdensproblemer»
-
Open linje til Teheran
-
Når milliardærane tek over solidariteten
-
Ting eg gjerne skulle ha spurt KrF-leiaren om
-
Nordmenn trur på ei verd som ikkje lenger finst
-
Det er typisk norsk å vere krigsprofitør
-
Derfor bør vi lytte til åtvaringane frå Zelenskyjs biograf