
Kommentar:
Kjelder om statsbudsjettet: Derfor er bistandsprosenten død
Kjelder fortel at regjeringa i statsbudsjettet i praksis vil gravlegge ein av dei mest seigliva politiske symbola i norsk utanrikspolitikk: bistandsprosenten.
Dette er ein kommentar. Meiningar i teksten er skribentens eigne.
Allereie i midten av august gjekk alarmen i UD.
Då hadde finansminister Jens Stoltenberg sendt ut dei førebuande dokumenta til dei andre departementa i forkant av den viktige budsjettkonferansen 21. august. Midt i valkampen samla Støre-regjeringa sine statsrådar for å legge dei siste politiske føringane på neste års statsbudsjett.
Og her, i sakspapira til budsjettkonferansen, kom det første sjokket: Ifølgje fleire uavhengige kjelder Panorama har snakka med, la dokumenta opp til drastiske kutt i bistanden, til fordel for endå større overføringar til Ukraina.
Akkurat nøyaktig kor store kutta faktisk blir når budsjettet blir lagt fram denne veka, veit vi ikkje.
Men kjeldene seier det same: Det er den klassiske bistanden som blør pengar – støtta til verdas fattigaste land, til FN og dei multilaterale organisasjonane som gjennom fleire tiår har vore grunnfjellet i norsk utviklingspolitikk. Og at det er snakk om veldig store beløp.
Politisk nytale om bistandsprosenten
Internt i UD, etter det Panorama får opplyst, har endringane blitt «seld» inn langs velkjende linjer: Dette handlar ikkje om å gje mindre, men om å gje rettare og meir effektivt. At Ukraina får meir, og at den humanitære bistanden aukar, blir brukt som bevis på at regjeringa framleis set dei mest sårbare først.
Men det er ein form for nytale som kamuflerer ei stor endring av norsk utviklingspolitikk som vil ha større konsekvensar på lengre sikt.
For når stadig større delar av bistanden blir brukt i Europa – til eit land som er i krig, men som i global målestokk ikkje er på den nedre delen av fattigdomsstigen – er det vanskeleg å kalle det fattigdomsbekjemping.
Det er geopolitikk, forsvarspolitikk og storpolitikk i bistandens drakt.
Bistand manglar interesse i Stortinget
Det burde ikkje komme som noko overrasking på dei som har følgd med på den sterke, tverrpolitiske støtta til Ukraina. Fleire gonger har støtta til Ukraina auka med mange milliardar. Ein stad må pengane komme frå. Jens Stoltenberg ser ut til å ha tenkt at bistandsbudsjettet er ein slik passande stad.
Og i ein slik situasjon er det nesten umogleg for nokon å ta til orde mot kursendringa. Kven vil vel stå fram og krevje kutt i støtta til Ukraina – som dei sjølv har stilt seg bak i tidlegare forlik – medan russiske missil framleis regnar over Kharkiv, Odesa, Lviv og Kyiv, og tilhøva i skyttargravene ved fronten er verre enn nokon gong?
Slik blir den tradisjonelle bistandsprosenten borte, hevdar frå kjeldene Panorama har snakka med.
Ja, sjølvsagt er den humanitære og sivile bistanden til Ukraina rekna som ODA-godkjend. På papiret vil dermed bistandsprosenten overleve. Det er også derfor regjeringa kan foreslå å gjere denne store omlegginga i budsjettet sitt. Men i realiteten vil den då bli uthola på ein måte som vil gjere det tilnærma umogleg å gjenreise den til å treffe dei fattigaste landa igjen.
Ei av dei største endringane – og dermed reformane – av norsk utviklingspolitikk, vil då skje gjennom eit enkelt budsjettvedtak, og ikkje gjennom sakleg debatt i Stortinget eller at regjeringa fremjar ein heilskapleg plan eller stortingsmelding om tematikken.
Like tverrpolitisk som støtta til Ukraina har vore i Stortinget, ser det ut til å vere tverrpolitisk manglande interesse for bistandspolitikken.
Derfor kan endringa skje: Der bistandsprosenten før var eit uttrykk for solidaritet med dei fattigaste i verda, risikerer den no å bli eit budsjettteknisk verktøy for å oppfylle politiske ambisjonar om å støtte Ukraina.
Det gjenstår å sjå om det går hardast utover dei regionale overføringane, eller om det vil skje ei større nedskalering av støtta til FN og dei multilaterale organisasjonane. I august vart det internt i UD argumentert med at det var eit godt tidspunkt for å kutte i FN, ettersom organisasjonen uansett måtte gjennom store reformar og endringar etter Trumps inntreden.
Blir det kutta stort i dei regionale overføringane, vil det fjerne mykje politisk kapital som trengs der ute for å smøre norske utanrikspolitiske prioriteringar. Til dømes handlar det ironisk nok om å få ei rekke utviklingsland til å støtte Ukraina i kampen mot Russland. Her kan omprioriteringa til fordel for Ukraina rett og slett virke i disfavør Ukrainas fridomskamp.
Blir det kutta i FN-støtte, vil det vere eit dolkestøyt mot verdas viktigaste multilaterale system som allereie står i kneståande.
Spørsmålet er om det er regionavdelinga eller globalavdelinga i UD som har vunne den interne dragkampen om å fordele kutta.
Etter Ukraina blir det skralt
Kvifor bruke så store ord som å seie at bistandsprosenten dør, dersom bistandsbudsjettet blir som skissert?
Logikken er slik: Når krigen ein dag tek slutt, og Ukraina ikkje lenger treng same, høge støtta, vil det stå att eit gap i bistandsbudsjettet som vil vere tilnærma umogleg å tette. Då vil det vere politisk enklare å la bistanden bli verande på eit lågare nivå, framfor å gjenreise den gamle forståinga av éinprosenten som ei moralsk forplikting. Ukraina-støtta har sterk politisk støtte blant alle politiske parti i Norge. Det ser det ikkje til at bistanden til dei aller fattigaste landa lenger har.
Dermed blir det som å få tannkrem inn igjen i tuben. Alle som har prøvd veit at det er nesten umogleg.
Og opposisjonen på Stortinget? Den er for svak og splitta til å protestere. Det ser også ut til å vere ein del av Støre-regjeringas plan for å få gjennom endringane.
SV, MDG og Raudt er sjølv delt mellom idealisme og realpolitikk, og ingen av dei tør å bli partiet som «kutta Ukraina-støtta». Senterpartiets linje dei siste åra har ikkje direkte vore å auke bistanden til dei fattigaste landa.
Kjelder høgt oppe i desse partia fortel at det å reparere bistandsprosenten ikkje står øvst på prioriteringslista. Ingen av dei vil stille ultimatum eller forlate eit forhandlingsrom som følge av at Ukraina-støtta spiser opp eller utholar bistandsprosenten.
Vil dei få kritikk frå høgresida? Verken KrF eller Venstre brukte tid på å snakke om bistand til verdas fattige i valkampen. I så fall er det lite som tyder på at kritikken vil bli særleg sterk.
Dermed blir dei store endringane i bistandsprosenten truleg eit av dei lettaste kapitla for Støre å lose gjennom Stortinget i haustens statsbudsjett.
Slik vil den norske regjeringa føye seg inn i ein internasjonal trend om å kutte den tradisjonelle bistanden til dei fattigaste landa.
Vi har sett det i Storbritannia, i Danmark, i USA og Sverige. Det var nok naivt å tenke at det ikkje også ville skje i Norge, uavhengig om Arbeidarpartiet eller Framstegspartiet sat i regjering.
Splitt og hersk frå Støre
Det vil vere lett for Jonas Gahr Støre og hans regjering å møte kritikken ved å seie at Norge framleis – etter desse budsjettkutta – er blant dei beste i klassen når det gjeld kampen mot fattigdom. Og det stemmer jo.
Sannsynlegvis vil dei også oppfylle ein prosent i bistand.
Det er sant, samstundes som den norske bistanden i større grad enn nokon gong tidlegare blir eit uttrykk for kortsiktige, utanrikspolitiske prioriteringar.
Den moralske kapitalen Noreg har bygd internasjonalt gjennom generasjonar – som ein påliteleg forsvarar av FN-systemet og dei fattigaste – blir gradvis tappa.
Kanskje vil ikkje bistandsprosenten forsvinne heilt frå budsjettdokumenta. Men som politisk idé vil den for alvor døy med regjeringas budsjettframlegg.
Les fleire kommentarar:
-
Ting eg gjerne skulle ha spurt KrF-leiaren om
-
Nordmenn trur på ei verd som ikkje lenger finst
-
Det er typisk norsk å vere krigsprofitør
-
Derfor bør vi lytte til åtvaringane frå Zelenskyjs biograf
-
Her er bøkene du bør lese i sommar
-
Alle lurer på kva som eigentleg skjedde i dette rommet
-
Posisjonar som tel