Navi Pillay får Nobels fredspris:
Å sleppe unna med det, er det farlegaste som finst
Det farlegaste som finst er menneske som gjer seg skuldige i dei verste overgrepa, og som får grunn til å tru at dei kan gjere det igjen. Årets fredspris er ei ubehageleg melding til dei alle.
Dette er en kommentar. Meninger i teksten er skribentens egne.
Noko av det som går igjen i dei fleste konfliktane, krigane og valdelege situasjonane i verda er dette:
Soldatar, offiserar, politikarar eller andre med makt gjer seg skuldige i grove overgrep. Og altfor ofte slepp dei unna med det.
Det har skjedd i Butsja, i Gaza, i Srebrenica, i Rwanda, i Tsjetsjenia, i Afghanistan, i Irak og altfor mange andre stader. Det skjer så ofte at det nesten er kvardagsleg.
Og det er nettopp det som er så farleg. For når dei ansvarlege ikkje blir stilt til ansvar, er det mindre som held andre tilbake frå å gjere det same igjen. Slik blir kvar gong det skjer, ei forsterking av sannsynligheita for at det skjer igjen. Det er dette som heiter straffefridom – på engelsk impunity.
Straffefridom som fredsproblem
Men straffefridomen kjem ikkje av seg sjølv. Den er heilt klart også eit resultat av politiske val, og av stormakter som vernar sine allierte. Vi ser regjeringar som fordømmer overgrep hos fiendane sine, men finn unnskyldningar når venene gjer det same. Og av eit internasjonalt samfunn som altfor ofte er samd om at folkeretten er viktig, heilt til den får konsekvensar for nokon dei ikkje vil legge seg ut med.
Mange tenker på det først og fremst som eit moralsk problem, og det er det verkeleg, men det er også eit reint praktisk og fredsteknisk problem.
Faktisk viser fleire forskingsprosjekt at straffeforfølging av overgrep, bidreg til å redusere nye. Ei studie publisert i Journal of Peace Research i 2023 viste at tiltalar frå Den internasjonale straffedomstolen, kunne føre til ein betydeleg reduksjon i åtak mot sivile, sjølv om effekten ikkje nødvendigvis var varig.
Men forskarar ved Harvard dokumenterte tidlegare i år ein markant global nedgang i rettsforfølging av menneskerettsbrot sidan 2010.
Dersom folkeretten dør, lever straffefridomen
Derfor er årets fredspris til folkerettsdommaren Navi Pillay så livsviktig, så modig og forhåpentlegvis verknadsfull, i i ei tid der både forskarar og politikarar på alvor diskuterer om folkeretten er død.
For dersom folkeretten dør, vil straffefridomen leve.
Navi var nådelaus i fjor haust, då ho på vegne av FNs granskingskommisjon slo fast at Israel var ansvarleg for folkemord på Gazastripa. Ho sa at verdssamfunnet hadde svikta.
Pillay er derfor ein autoritet av dei sjeldne på folkerett og internasjonale straffetribunal. Derfor var det mange som slo opp augo då vi kunne lese Pillays harde, konfronterande tone i New York Times i fjor.
Israelske styresmakter avviste konklusjonen og skulda FN-granskarane for å vere politiserte og førehandsdømmande. Men Pillay og kommisjonen la fram ei omfattande juridisk grunngjeving for konklusjonen, og peika på ansvaret til israelske styresmakter.
Det var langt frå første gongen Pillay kom med konklusjonar som vekte oppsikt i politiske krinsar.
Færre overgrep, færre brotsverk og mindre blod spilt
Som dommar ved det internasjonale straffetribunalet for Rwanda var ho i 1998 med på å dømme Jean-Paul Akayesu for folkemord. Det var ein historisk dom, mellom anna fordi internasjonal rett slo fast at valdtekt kan vere ei folkemordshandling.
Frå apartheidregimets Sør-Afrika til folkemordet i Rwanda og krigen i Gaza har Navi Pillay brukt livet på å insistere på at ingen står over lova. Ikkje generalar, ikkje presidentar, ikkje dei mektigaste statane i verda.
Nokon må stillast til ansvar. Det skjer altfor sjeldan. Og konsekvensane blir fleire overgrep, fleire brotsverk og meir blod spilt.
Det farlegaste som finst er menneske som gjer seg skuldige i dei verste overgrepa, og som får grunn til å tru at dei kan gjere det igjen.
Årets fredspris kan gje dei litt mindre tru på nettopp det.
Les mer:
-
Nobels fredspris deles ut i dag – dette er favorittene
I dag blir det kunngjort hvem som mottar Nobels fredspris 2026. Mange eksperter tror på Emergency Response Rooms (ERR) i Sudan, men i natt satte mange imidlertid penger på Julija Navalnaja.
-
Eksperter tror Trump påvirker valg av fredsprisvinner
Fredspriskunngjøringen i fjor ble dominert av en kampanje for at USAs president skulle få prisen. I år er det ganske stille om det, men Donald Trump har ennå en viss påvirkning.
-
Gjorde Nobels fredspris en forskjell?
Ja. Den gjorde at Venezuela gikk fra å være usynlig til å bli synlig.
-
Når bakken rister, kan demokrati redde liv
De fem siste fredsprisene viser at kampen for fred er blitt en kamp mot autoritære krefter og for demokrati. De siste ukene har jordskjelvkatastrofen i Venezuela vist oss hvor viktig samspillet mellom stat og sivilsamfunn er.
-
Vi vil aldri sjå på Bill Gates med same blikk igjen
Epstein-filene gjer det umogleg å sjå Bill Gates som berre ein gavmild filantrop. Han bør be om orsaking til langt fleire enn sine eigne tilsette.
-
Regimeskifte i forvirringas tid
Det er lite sakleg grunn til å hevde at María Corina Machado var med og planla det amerikanske kuppet.
-
Venezuelas president langer ut mot «statskupp iscenesatt av CIA»
Etter at Donald Trump bekreftet at CIA har fått myndighet til å operere i Venezuela, fordømmer Nicolás Maduro det han kaller «statskupp iscenesatt av CIA».