
Solhjells siste dag i Norad:
– Eg har ikkje vore tøff nok
Avtroppande Norad-direktør Bård Vegar Solhjell om kritikken, rolla som embetsmann – og kva han angrar mest på.
Etter fem og eit halvt år pakkar Bård Vegar Solhjell flyttekassane på kontoret i 5. etasje i Norad. Fredag 6. juni er det ein stolt direktør som går ut av døra for siste gongen. Stolt over å ha sørga for at «fakta har makta». Samstundes erkjenner han at mykje ikkje blei som han hadde håpa.
– Eg kunne fått til endå meir, seier han.
For politisk som embetsmann?
Solhjell, mannen som i si tid ville bli leiar for SV, vart i staden den øvste embetsmannen for norsk utviklingspolitikk då han i 2020 vart Norads direktør.
Fleire møtte han med skepsis: Var han meir politikar enn embetsmann? Enkelte lét seg likevel overtyde om at han forstod rolla. Kritikarar har derimot hevda at Solhjell gjennom heile si tid i Norad har utfordra grensene for kva ein direktør i ein fagetat bør kunne meine og seie offentleg.
Solhjell er tydeleg usamd kritikken.
– Eg meinte det var mi plikt å gi faglege råd, og gjerne offentleg, så lenge det var fagleg forankra.
Han peikar på debatten i etterkant av Sending-utvalet, som føreslo ein deling av bistandsbudsjettet. Solhjell støtta forslaga heilhjarta i den offentlege debatten. Forslaga vart derimot møtt med ei kald skulder av dåverande utviklingsminister Anne Beate Tvinnereim, som takka nei til forslaga frå både Sending-utvalet og Solhjell. I eit intervju med Development Today sa Tvinnereim tidlegare i år at Sending-utvalet og Solhjells utspel «ikkje var til hjelp for mine interne diskusjonar i regjeringa».
Solhjell står framleis på sitt.
Eg ville blitt uroa dersom det aldri var usemje. Kanskje ville det betydd at eg ikkje gjorde jobben min.
– Det var open fagleg usemje. At ein politikar seier nei til faglege råd, er ikkje eit problem. Problemet ville vore om råda ikkje kom.
Likevel erkjenner han på spørsmål frå Panorama nyheter at overgangen frå politikar til embetsmann kravde ei viss omstilling.
– Det tok litt tid å «skru meg inn». Eg gjorde nokre feil i starten. Til dømes ein kronikk om USA etter valet i 2020, men før storminga av Kongressen, der eg tok for gitt at Biden ville få jobben. Den kronikken burde eg ha avklara betre.
Kontant-kritikk: – Eg har ikkje vore systematisk nok
Eitt av Solhjells mest tydelege initiativ i starten av direktørperioden var å fremje forslag om at meir av bistanden burde gå som kontantoverføringar til verdas fattige – som han argumenterte var ein effektiv og undervurdert metode.
Han kom aldri i mål med denne ideen.
– Vi har fått det til i humanitær bistand, men ikkje i den langsiktige. Eg skulle gjerne sett ein tydeleg politisk prioritering, men må òg ta sjølvkritikk: Eg har ikkje vore tøff nok på det internt i Norad, overfor UD og overfor politikarane. Eg har ikkje prioritert det systematisk nok.
Han avviser derimot at bransjen sin frykt for å bli overflødig er ein hovudgrunn til mangelen på kontantoverføring som bistandsmetode.
– Det er ein viss skepsis, men eg trur ikkje det har vore det største hinderet. Kontantar krev òg organisering, folk og system.

Ministrar, makt og meiningar
Han seier han har hatt god dialog med UD og har sett ei tydeleg profesjonalisering, men legg ikkje skjul på at det har vore friksjon.
Han omtalar ikkje forholdet til tidlegare utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim som ei konflikt, trass i inntrykket fleire har fått.
– Ho gjorde jobben sin som politikar, eg gjorde min som embetsmann. At vi av og til kom til ulike konklusjonar, er naturleg. Vi spelte i to ulike divisjonar.
– Tar du noko sjølvkritikk på måten du opptrådte på i forholdet til departement og statsråd?
– Altså, dersom folk ikkje ser ting dei har gjort feil på fem og eit halvt år, så vil i alle fall ikkje eg arbeide med dei folka.
– Kva feil har du gjort?
– I det store biletet meiner eg at eg har gjort jobben på ein god måte, men eg kunne sikkert gitt mange enkelteksempel på små feil eg har gjort.
Lite rom for «slark»
I si tid som stortingsrepresentant for SV, heldt Solhjell ei berømt tale i Stortingets behandling av EUs datalagringsdirektiv. Der talte han varmt til forsvar for at det må vere rom for samfunnets «slark». Den gongen snakka han om «den e-posten du kanskje ikkje skulle ha sendt, den internettsida du ikkje skulle ha vore innom, den staden du kanskje ikkje skulle ha vore i natt. Vi vil ikkje ha et samfunn der alle feilgrep blir registrert og lagra», sa Solhjell i 2011.
– Har det vore rom for menneskeleg slark i ein sånn jobb du har hatt her i Norad?
– Eg opplever at merksemda på å unngå å gjere feil, av og til kan overstyre ønsket om å få til noko. Det er ein dynamikk på dei fleste felt, men ikkje minst gjeld den innan bistand. Utan vilje til å ta risiko, vil du nesten aldri få prøvd noko nytt eller gjort ting på betre måtar.
Solhjell opplever at det politiske systemet og offentleg sektor har blitt meir opptekne av å ikkje gjere feil eller å ta risiko. Han trekk fram Jens Stoltenbergs forslag om å gjennomføre eit skatteeksperiment – det som fleire kritikarar har kalla eit skattelotteri – som «eit modig forsøk».
– Det å prøve noko, teste det mot ei kontrollgruppe, sånn at du kan vinne kunnskap om noko, er utruleg bra. Det er eit godt døme på kva vi treng meir av – også i bistanden.
– Du vil ha meir lotteri i bistanden?
– Nei, det vil eg ikkje. Det er ikkje lotteri. Det er kontrollerte eksperiment for å teste ut politikk.

Vil ha meir risiko – og mindre detaljstyring
På spørsmål om kva han ville gjort om han skulle endre på éin ting med korleis norsk bistand blir forvalta i dag, tek han ei lang tenkepause, før han svarar med eit lurt smil:
– Eg ville gitt Norad meir handlefridom.
Svaret er litt på spøk, men samstundes med eit alvor bak. Bård Vegar Solhjell meiner nemleg at bistandsbudsjettet i dag kjem med for sterke bindingar frå Stortinget og Utanriksdepartementet og trur Norad burde hatt større fleksibilitet.
– Vi burde hatt større fridom til å flytte pengar dit dei gir mest effekt. I dag er mykje låst i tematiske føringar og lange avtalar.
Han hevdar også at både Norad og UD har ein del å gå på når det gjeld å få fram kunnskapsgrunnlaget om kva som verkar best. Det handlar om å flytte pengane etter resultata, og at det er rom for det i måten statsbudsjettet blir sett opp på.
– På veg ut døra er det altså ei utfordring til Utanriksdepartementet?
– Ja, la oss kalle det det. Berre så lenge du får med at det òg er ei utfordring til meg sjølv.
Diffust
Kva han kjem til å sakne mest etter å ha spasert ut av Bygdøy Allé 2 for siste gong, veit han ikkje heilt.
Han nemnar ei leiargruppe som har tola friksjon og hatt eit felles prosjekt. Han nemner menneska i Norad, at det er noko med Norads oppdrag, «det vi jobbar med», at det har vore veldig sterke inntrykk.
– Eg kom ofte tappa heim frå reiser på ein annan måte enn då eg var politikar.
Eg har blitt veldig glad i Norad, men det er litt diffust kva det er eg er glad i.
Solhjell har med sitt sterke samfunnsengasjement vore ein som har hatt lett for å finne meining mange stader, men kanskje endå meir på ein stad som i femte etasje hos Norad.
New York eller NHO
På laurdag set han seg i bilen til Kristiansand for å ta imot dottera si som kjem heim etter eit år på seilskuta Sørlandet.
– Det blir sterkt, seier han.
– Og kor jobbar du til hausten?
– Truleg i Fornybar Norge. Kanskje New York. Eg veit ikkje enno.
Til etterfølgaren i Norad har han eitt råd, sjølv om han først svara at han ikkje ville gje noko råd:
– Bruk den tunge fagkompetansen som finst her. Og hugs: Vi kan alltid få meir ut av bistandspengane. Det er ei oppgåve som aldri blir ferdig.
Det er tydeleg vanskeleg for han å ikkje meine noko.
Det er kanskje litt politikar igjen i Bård Vegar Solhjell likevel.