Halvering av fattigdomen?

Det er no seks år sidan dei fleste av FNs medlemsland skreiv under målsettinga om å halvere verdas fattigdom innan 2015. Dette har dei fleste eigenskapar eit godt mål skal ha: Det er målbart og det har vist seg å vera samlande, men er det realistisk?

Dei fleste aktørane som deltek i kampen mot fattigdom har slutta seg til det ambisiøse målet om å halvere fattigdomen: FN, Verdsbanken, bilaterale gjevarar, regjeringane i dei fattigaste landa og bistandsorganisasjonar i hopetal. Det gjev eit godt grunnlag for å kunne gjera ein felles innsats.

Ein tredel av tida er tilbakelagt, men me er ikkje ein tredel på veg til målet. I dag lever 1200 millionar menneske i absolutt fattigdom. Dei må klare seg på under ein dollar dagen. Det er med andre ord svært mange menneske som i løpet av dei neste fjorten åra må få eit mykje betre liv dersom målet om halvering skal nåast.

Mange land har hatt ei positiv utvikling i 90-åra, men det gjeld ikkje dei fattigaste landa i Afrika. Der er progresjonen heller dårleg. Den økonomiske veksten i Afrika er i gjennomsnitt 4 prosent. Dersom målet om halvering av fattigdomen innan 2015 skal nåast, må veksten aukast til mellom 7 og 8 prosent.

I mange afrikanske land er investeringane svært små. Derfor trengst det satsing både på det offentlege og det private området. Ressursmangel og stagnasjon kan friste landa til å løyse «enkeltoppgåver» ved hjelp av bistand. Overfinansierte bistandsprosjekt kan på si side gje vellykka «bistandsøyar», men lite samfunnsutvikling.

Gjevarsamfunnet har plikt og mogelegheiter til å bidra konstruktivt gjennom støtte til nasjonale strategiar - PRSP-prosessar (Poverty Reduction Strategy Paper) og ved å bli flinkare til å sjå heilskapleg på bistand, det vil seia sjå bistand, handel, gjeld og tryggleikspolitikk i samanheng.

For tida går det føre seg ein diskusjon om farten i desse prosessane. Bør PRSP bremsast i ein del land for at dei skal få betre eigarskap til prosessen og at den skal vera meir demokratisk forankra? Er gjevarlanda for utolmodige? Bør PRSP frikoplast frå gjeldslette-problermatikken, det vil seia ikkje stille som vilkår for gjeldslette at landet har ein fiks ferdig PRSP?

Dersom me klarar å bli like samde om den praktiske måten fattigdomsproblema skal løysast på som me er om målet og dei overordna strategiane, så er kanskje ikkje målsettinga om halvering av fattigdomen innan 2015 så urealistisk.

AV

Powered by Labrador CMS