Historiens største bistandsbudsjett
Dersom framlegget til statsbudsjett går gjennom i Stortinget, blir bistandsbudsjettet det største nokon gong. Det mykje omtalte 1-prosent målet blir ikkje nådd, men i reine kroner utgjer framlegget ein auke på heile 1,6 milliardar kroner til 16,6 milliardar.
Kristeleg Folkeparti får mykje kjeft om dagane fordi dei skal vera «i lomma» på Høgre. Men eventuelle drakampar om bistandsbudsjettet må ein vel seia KrF har vunne. Til og med høgremann og finansminister Per-Kristian Foss, som elles passar godt på pengane, har uttalt at eit rikt land som vårt må ta seg råd til eit romsleg bistandsbudsjett.
Dei årlege protestane frå bistandsbransjen på storleiken på budsjettet, har då heller ikkje vore så høglytte i år som tidlegare. Det finst få faglege grunnar for at ein prosent av BNI skal vera ei magisk grense for kor stort bistandsbudsjettet bør vera. Utrekningar syner at dei rike landas bistand må auke til hundre milliardar dollar årleg dersom Tusenårsmåla skal nåast. Slik sett er ei kvar auke eit skritt i rett retning. Men sjølv om Noreg hadde gjeve ein prosent, ville det stå att 99,3 prosent av den nødvendige auken av den internasjonale bistanden.
Frå Norads synstad er det gledeleg at budsjettforslaget legg så stor vekt på måten me driv bistand på og resultatet av arbeidet. Statssekretær Olav Kjørven gjev i dette nummeret av Bistandsaktuelt ein garanti til norske skattebetalarar om at «alt som kan gjøres vil bli gjort for å sikre mest mulig effektiv bistand til de som trenger det mest» Me håpar bistandsbransjen vil vera med på å diskutere korleis dette kan oppfyllast.
Utdanning er framleis jobb nummer ein i utviklingssamarbeidet og får ein auke på 350 millionar kroner. Det vil seia at den samla støtta til utdanning er dobla i forhold til 2002. Utdanning er svært viktig i kampen mot fattigdom. Framleis manglar 115 millionar barn grunnutdanning og fleirtalet av desse er jenter. Regjeringa aukar derfor støtta til UNICEFs utdanningsprogram for jenter. Også kampen mot hiv/aids blir høgt prioritert saman med oppfylgjinga av Johannesburg-konferansen for to år sidan. Dei frivillige organisasjonane blir også tilgodesette i dette budsjettet. Ulike typer av frivillig innsats får ein auke på 50 millionar kroner.
Som oppvarming til budsjettdebatten har Stortinget fått til behandling ei ny stortingsmelding om kampen mot fattigdom. Nyleg var det open høyring i Utanrikskomiteen der forskarar og organisasjonar fekk gje sine innspel til behandlinga, noko som skulle gje godt grunnlag for grundige drøftingar i komiteen. Bistand er ikkje det politikkområdet som skapar mest debatt i Stortinget. No har dei både ei stortingsmelding og budsjettet på dagsorden.
La oss håpe det fører til debatt og engasjement både i og utanfor Stortinget.