Meir effektiv bistandsforvaltning
Tusenårsmåla om å halvere fattigdomen i verda innan 2015 og Noregs rolle i dette arbeidet stiller store krav til oss som arbeider med utviklingssamarbeid. Norske skattebetalarar må kunne sjå at pengane deira kjem dei fattigaste til gode – at det blir færre menneske som lever i ytterste fattigdom og naud.
På bakgrunn av større krav til bistanden varslar regjeringa no ein brei gjennomgang av heile bistandsforvaltninga, inkludert Utanriksdepartementet, NORAD i Noreg og ambassadane i samarbeidslanda våre. I den bistandspolitiske utgreiinga i Stortinget sa utviklingsminister Hilde Frafjord Johnson at evalueringa skal danne grunnlaget for ei modernisering av forvaltninga som skal sikre at Noreg blir ein mest mogeleg effektiv og resultatorientert utviklingsaktør internasjonalt. Frå før syner undersøkingar at norsk bistand er blant dei mest effektive i verda. Regjeringas mål er altså å bli endå betre og det helsar NORAD velkomen.
Dei siste åra har direktoratet gjennomgått ei omorganisering nettopp for å gjera forvaltninga enklare, meir målretta og effektiv. Bistanden skal vera betre tilpassa den røyndomen me arbeider i innanfor stat-til-stat-samarbeidet. Den samla norske innsatsen, både den statlege og den som går gjennom frivillige organisasjonar, skal sjåast i større samanheng og det skal vera tettare samarbeid med andre gjevarar.
Denne omorganiseringa er ikkje avslutta, NORAD er ein organisasjon i stadig endring. Derfor er me glade for statsrådens fokus på dette.
NORAD helsar også velkomen gjennomgangen av norsk politikk innanfor t.d. energi, fiskeri og landbruk for å sjå desse områda meir i samanheng med måla for utviklingspolitikken. Ordtaket «å gje med den eine handa og ta med den andre» har ofte, og truleg med rette, blitt brukt i diskusjonen om bistand på den eine sida og rammevilkåra for handel med varer og tenester på den andre sida.
Noreg har mogelegheiter for internasjonalt å syne samanhengen i desse spørsmåla. Den norske bistandsforvaltninga skal gjennomgåast, og bra er det.
Men er det ikkje også behov for ein grundig gjennomgang av det multilaterale utviklingssamarbeidet og dei frivillige organisasjonane?
Det blir kanalisert mykje meir offentlege bistandspengar gjennom desse kanalane enn gjennom stat-til-stat-samarbeidet. Det hadde vore interessant å få ein gjennomgang av effektiviteten og forvaltninga av denne delen av bistanden også. På den måten kan me endå betre vurdere kva kanal som er mest effektiv i kampen mot fattigdom.
Astrid Versto