Rafto-sjefen:
– Menneskerettane er blitt for abstrakte
Rafto-sjef Jostein Hole Kobbeltvedt meiner menneskerettsmiljøet må ta noko av skulda for at autoritære leiarar vinn terreng. – Vi har ikkje vore gode nok til å anerkjenne den reelle uroa folk kjenner på, seier han.
Den globale fridomen fell for 20. år på rad. Berre 21 prosent av menneska i verda bur no i land som blir rekna som frie og demokratiske, ifølge organisasjonen Freedom House.
For Jostein Hole Kobbeltvedt, dagleg leiar i Raftostiftinga, handlar ikkje utviklinga berre om tal og rapportar.
Tidlegare i år vart Janar Mohammed, den irakiske kvinneaktivisten som fekk Raftoprisen i 2016, drepen i heimen i sin i Bagdad.
– To menn kom inn på kjøkkenet hennar og skaut henne med fleire skot. Det var ei rein likvidering, seier Kobbeltvedt i Panoramas podkast Verdensproblemer.
Han skildrar henne som varm, livleg og smilande. Ei kvinne som kjempa for kvinner og minoritetar i eit mannsdominert samfunn.
– Dei tok henne. Det ho hadde frykta lenge, skjedde, seier han.
– Først sjokk. Så sinne
Mohammed er den første Raftopris-vinnaren som er drepen for arbeidet sitt.
– Kva kjende du då du fekk beskjeden om at ho var drepen?
– Først kom sjokket og vantrua. Så kom sinnet. Vi jobbar med mange som lever med truslar og dødstrugslar. Det gjorde Janar òg. Men dette var første gong vi opplevde at ein prismottakar faktisk vart drepen, seier Kobbeltvedt.
Han meiner situasjonen for menneskerettsforkjemparar er blitt tyngre over store delar av verda.
– For mange handlar det nesten berre om å halde ut. Organisasjonar blir stengde ned. Terrorlover blir brukte mot fredleg sivilsamfunn. Andre druknar i støy. Og globalt er det blitt meir akseptert at leiarar slepp unna med grove menneskerettsbrot.
– Vi må vakne litt
Kobbeltvedt meiner menneskerettane alltid har vore ein kamp. Men han meiner noko likevel har endra seg.
– Når gjekk det eigentleg gale for menneskerettane?
– Før ville dei fleste statar i det minste oppleve det som pinleg å bli tatt for drap, tortur eller grove overgrep. No er rå makt blitt meir legitimt. Vi er i ei meir transaksjonell verd, seier han.
Samtidig meiner han menneskerettsmiljøa må sjå kritisk på seg sjølve.
– Kanskje har vi ikkje vore gode nok til å anerkjenne dei reelle problema folk har med globalisering, utrygg økonomi og dårlegare framtidsutsikter. Kva det gjer med folk.
Han meiner menneskerettane for mange har blitt for abstrakte.
– Det blir juristar, prosess, prinsipp og institusjonar. For mange verkar det som noko som skjer langt borte. Ikkje som noko som angår oss sjølve. Då blir det lett festtalar.
Autoritære leiarar forstod uroa
Ifølgje Kobbeltvedt har autoritære og populistiske leiarar vore flinkare til å spele på uroa mange kjenner på.
– Er du redd for framtida, redd for menneska rundt deg eller redd for kva naboen, innvandrarar eller folk med ein annan religion kan gjere med deg, er det lettare å sjå etter sterke menn som kan beskytte deg.
Han meiner menneskerettsmiljøa burde bygd breiare alliansar tidlegare.
– Kva ville du gjort om du fekk reise tredve år tilbake i tid, til 1990-talet, og fekk endre noko?
– Eg ville vore meir opptatt av dei som var uroa for globaliseringa: fordeling, makt og kven som faktisk fekk ta del i utviklinga. Mange fekk ikkje del i framgangen. Der burde vi bygd fleire alliansar.
Ber Aukrust halde fast på menneskerettane
Kobbeltvedt meiner Åsmund Aukrusts Vendepunkt-prosess må brukast til å gjere menneskerettar og folkerett meir sentrale, ikkje mindre.
– Norsk utviklingspolitikk må vere forankra i menneskerettar og folkerett. Det er både rett og i norsk interesse.
Han åtvarar mot ein bistandspolitikk som berre handlar om å finne eitt land, eitt problem og ei teknisk løysing.
– Det er ei gammal tenking, der vi skal fikse noko for andre. Men det som er konstant, er at det finst sivilsamfunn i desse landa som kjempar for utvikling, rettar og demokrati. Dei må vere ein viktig del av utviklingspolitikken.
– Ikkje ta fridomen for gitt
Kobbeltvedt meiner den største globale uroa akkurat no er utviklinga i USA under Donald Trump.
– At verdas mektigaste land går til angrep på folkeretten og viser at internasjonale spelereglar og menneskerettar ikkje betyr noko, er eit dramatisk skifte.
Men han ser også håp.
– Eg håpar amerikanarar klarer å mobilisere. Vi ser tendensar til det.
Oppmodinga hans til aktivistar, kollegaer og menneskerettsforkjemparar – anten dei er i Pakistan, India, Palestina eller Norge – er enkel:
– Aldri ta situasjonen for gitt.