
Kommentar:
Nesten 700 000 born under fem år vil døy. I år.
Utviklingsminister Åsmund Aukrust, tenketankar og bistandsfolk har vektlagt moglegheitene for reform og jakt på meir legitimitet etter dei amerikanske bistandskutta. Samstundes vil det døy opp mot 700 000 born. I år.
Dette er en kommentar. Meninger i teksten er skribentens egne.
På frukostmøter og seminar i bistandsmiljøet har det sidan Donald Trump kunngjorde å kutte minst 83 prosent av den amerikansk bistanden, blitt snakka om at det også kan kome «noko bra» ut av det.
Allereie der har Marco Rubio, Donald Trump og «America First»-gjengen fått sine viktigaste gjennomslag i den globale utviklingspolitikken: Dei har fått definere systemet, slik at «alle» no snakkar om den ineffektiviteten Trumps folk påstod var grunnen til å kutte grovt i USAID
Det har blitt snakka om reform av eit ineffektivt bistandssystem. Om kutt i talet på FN-organisasjonar. Det har blitt snakka om å gje rom for å frigjere seg frå eit kolonialistisk system. Det har blitt snakka om at kutta gir mange fattige land høve til å gjere seg mindre avhengige av utanlandske donorar.
Speler etter den amerikanske agendaen
Tidlegare leiar for Kunnskapsbanken i Norad, Øyvind Eggen, skreiv til dømes i mars at «vi kan utnytte krisen» og at «USAID aldri var best i klassen på å treffe der behovet er størst».
Ingen av desse skal bli skulda for å støtte dei amerikanske bistandskutta på noko som helst måte. Det er heller ikkje noko feil i det dei har sagt. Dei fleste har også tydeleg fordømt kutta, slik utviklingsministeren har gjort ved gjentekne høve.
Likevel har mange omstilt seg forbausande fort, slik at dei bevisst eller ubevisst har bidratt til å spele etter den amerikanske regjeringa sin agenda. Til dømes har Åsmund Aukrust ved fleire høve snakka om det ineffektive FN-systemet, behovet for reform, kutt og effektivisering: «Reformer er helt avgjørende om FN skal overleve i en tid da verden står i en ny geopolitisk situasjon og finansieringen av FN-systemet er under sterkt press», sa han til Panorama i mai.
Allereie der har Marco Rubio, Donald Trump og «America First»-gjengen fått sine viktigaste gjennomslag i den globale utviklingspolitikken: Dei har fått definere systemet, slik at «alle» no snakkar om den ineffektiviteten Trumps folk påstod var grunnen til å kutte grovt i USAID.
All denne praten om effektivisering, reform og moglegheiter fekk seg førre veke eit tøft møte med verkelegheita. For kutta i USAID gir ikkje berre problem på lang og mellomlang sikt. Allereie på ekstremt kort sikt er det snakk om så enorme konsekvensar at det er vanskeleg å ta dei heilt innover seg.
Konsekvensar i dag og i morgon
Det prestisjetunge vitskapstidskriftet The Lancet publiserte ein forskingsartikkel som viste at det «ineffektive bistandssystemet» som USAID stod for, har redda 91 millionar menneskeliv i perioden 2001 til 2021.
Det talet kom dei internasjonale forskarane fram til gjennom å sjå på data frå 133 land. Tala gjeld berre den USAID-finansierte bistanden til utviklingsland.
Mange norske og internasjonale medier gjengav hovudfunna frå rapporten, med fokus på funnet om at 14 millionar menneske kan døy som følge av USAs bistandskutt fram mot 2030.
Av desse vil 4,5 millionar vere barn under fem år.
Det er sjølvsagt sjokkerande og skremmande høge tal, men 2030 er også såpass langt fram at vi kan ha litt distanse til det. Det er ikkje i dag eller i morgon.
Det mest sjokkerande og skremmande er kanskje derfor at rapporten også omtalar tala for i dag og i morgon og i år.
Kanskje er det behov for tilsvarande studiar og gjennomgangar som The Lancet-studien, berre av norsk bistand? Her er det berre for kompetente forskarar å kjenne si besøkelsestid.
Det var ingen norske medier som skreiv at forskarane bak studien reknar med at det i løpet av 2025 – året vi er snart halvvegs inn i – vil døy omtrent 689.000 born. Forskarane er ikkje hundre prosent sikre på talet, men reknar med stor sannsynlegheit at det kan ende opp ein stad mellom 436.368 til 911.004 born.
Det er ikkje så rart med tanke på at USAID stod for kring 40 prosent av den humanitære bistanden i 2024.
I ein del afrikanske land med valdeleg konflikt og store hjelpebehov – som Sudan og Den demokratiske republikken Kongo – har kutta skapt umiddelbare gap. Her vil det døy mange menneske som følge av kutta.
Ein annan effekt er at USAID bidrog i stort monn til å skaffe ARV-medisinar til HIV-pasientar. Det seier seg sjølv at konsekvensane av å kutte her, vil ha fatale konsekvensar.
Neste gong nokon seier at det ikkje har noko å seie kven som styrer, tenk litt på desse tala, skjebnane og borna. Det er tal i ein storleik som får det meste anna til å visne i betydning.
Det er snakk om barn under fem år som enkelt kunne vore redda om dei fekk hjelp.
Behov for fleire gjennomgangar
Forskarane skriv sjølv i studien at dei ikkje kjenner til andre studiar som tidlegare har målt effekten av USAID-bistand opp mot dødelegheit på denne måten.
Ein viktig lærdom her, må vere at slike studiar burde vore gjennomført langt hyppigare. Då ville folk som Marco Rubio, Donald Trump og andre politikarar med lettvinte kuttforslag blitt nøydd til å sjå veljarane inn i augo og vise at dei forstod konsekvensane av politikken sin.
Problemet med studien var at den kom for seint.
Kanskje er det behov for tilsvarande studiar og gjennomgangar av norsk bistand? Her er det berre for kompetente forskarar å kjenne si besøkelsestid.
Det er i dag altfor lett å slenge ut kuttforslag utan å ta ansvar for konsekvensane av dei.
Sjølv om vi bør ta høgde for at tala i studien publisert i The Lancet inneheld ei viss feilmargin, er det liten tvil om at dei amerikanske bistandskutta vil få katastrofale konsekvensar for menneska dei rammar.
Talspersonar for det amerikanske utanriksdepartementet har allereie sådd tvil om konklusjonane i studien, og vist til at denne og liknande studiar er «basert på feilaktige teoriar om intensjonane til utanriksminister Rubio og kva han har gjort.» I staden skryt talspersonen av den utviklingspolitiske agendaen til «America First»-rørsla, og kor mykje den kjem til å bety.
I utanriksminister Rubios verdsbilete handlar den nye politikken om «å prioritere handel over bistand, moglegheiter over avhengigheit og investeringar over støtte», i følge hans eigne ord. I hans verd er bistandspolitikken som redda 91 millionar liv mellom 2001 og 2021 «ein æra av ineffektivitet» frå amerikanske styresmakter.
Rubio har allereie vunne historiefortellinga
Det var i alle fall slik ein kunne lese den amerikanske utanriksministeren på han siegen Substack-tråd tysdag, der han kommenterte The Lancet-studien ved å hylle eigne bistandskutt, under tittelen «Making Foreign Aid Great Again».
Det er ein føreseieleg taktikk av dei amerikanske høgrepopulistane, som på denne måten ikkje eingong viser at dei tar tala i The Lancet-studien på alvor. Dine fakta er ikkje mine fakta, og så vidare. Dermed er det som om Rubio og hans folk ikkje vil stå for det dei gjer og gjennomfører.
Trass i dei sjokkerande tala, er det Rubio som allereie har vunne gjennom med si historiefortelling om internasjonal bistand: Den store forteljinga om ineffektivitet og at kutta gir rom for viktige reformar.
I mellomtida finst det 689.000 taparar av dette spelet, under fem år.