Fire personer i mørke klær står samlet foran en folkemengde utenfor en bygning.
AUF-ledelsen hadde mange tunge stunder etter massakren på Utøya. Her deltar de på minnegudstjeneste i Oslo Domkirke få dager etter terrorangrepet 22. juli. Fra v.: nestleder Åsmund Aukrust, rådgiver Bård Flaarønning, generalsekretær Tonje Brenna og tidligere AUF-leder Martin Henriksen.

Utviklingsminister Åsmund Aukrust overlevde 22. juli 2011:

Blikka han møter hos menneske i krig, har han sett før

Åsmund Aukrust overlevde 22. juli ved å gå ut av eit telt med hendene over hovudet. Først eitt år seinare kjende kroppen at det var over. Som utviklingsminister møter han noko han kjenner att i auga til menneske som kjem rett frå krig.

Publisert Sist oppdatert

Då Åsmund Aukrust høyrde helikopteret over teltplassen, hadde han lege stille så lenge at han ikkje lenger visste kva som var farlegast.

Klokka var ein gong utpå kvelden 22. juli 2011. På bakken rundt han låg det skadde og drepne partifeller. Mange av dei var tenåringar i ungdomspartiet Aukrust var nestleiar for.

Han hadde fått ei melding på telefonen om at ein person var pågripen. Likevel høyrde han meir skyting.

Han visste ikkje om det var gjerningsmannen, politiet, statskupp eller krig.

Han visste berre at han framleis låg i eit telt på Utøya, at ein lyd frå telefonen kunne avsløre han, og at dersom han hadde overlevd alt dette, skulle han ikkje døy fordi nokon såg han frå lufta.

Så våga han seg likevel ut.

Ved utkanten av teltplassen stod tungt væpna politifolk i manngard. Dei ropte at han skulle ta hendene opp. Aukrust løfta hendene over hovudet og gjekk mot dei.

Så la dei han i bakken.

Kanskje var det heile over likevel?

Femten år seinare er Åsmund Aukrust utviklingsminister. Ein del av jobben er å møte menneske som har opplevd krig, vald og terror.

Utviklingsminister Åsmund Aukrust sitter ved et vindu på kontoret sitt i Utenriksdepartementet.
Fra sitt kontor i det nye regjeringskvartalet forteller utviklingsminister Åsmund Aukrust om 22. juli og hvordan tragedien har preget ham siden

Rett før påske var han i Sør-Sudan, på grensa mot Sudan. Der møtte han menneske som kom rett frå krigen.

– Dei var nesten ikkje tilsnakkande. Dei var så sjokkerte og traumatiserte, seier han.

Han såg dei tomme, apatiske blikka.

Aukrust stoppar litt ved forklaringa. Han vil ikkje gjere samanlikninga for enkel. Utøya-terroren vara i nokre timar. Mange han møter, har levd med krig, flukt og frykt i årevis.

Likevel er det noko med blikket til menneska han møter der ute, som han kjenner att.

– Eg kan kjenne meg att i folk som er i djup sorg eller i sjokk. Eg er ikkje redd for å gå inn i det, seier han.

– Kva er det du kjenner att?

– Det er håpløysa. Den smerta dei ber på. Det faktum at det ikkje er noko ein kan gjere som tek bort smerta eller frykta. At det ein treng, eigentleg er ein klem eller nokon å halde i.

Han veit kva han snakkar om.

På Utøya hadde dagen starta utan varsel om det som skulle komme.

Gro Harlem Brundtland hadde vore der. For Aukrust og mange unge AUF-arar var besøket historisk. Mange var, som Aukrust seier, «starstruck».

Etterpå var stemninga letta. Det hadde gått bra. Folk var fornøgde. Det var latter, sommarleir, politikk, venskap og ein heilt vanleg dag på Utøya.

Så kom meldinga frå Oslo.

– Oslo er bomba.

Først fann dei ingenting på nett. Så, i løpet av eit minutt, var bileta overalt. Høgblokka. Knuste vindauge. Papir som flaug i lufta. Oslo sentrum såg ut som ei krigssone.

På Utøya samla dei deltakarane. Programmet blei avlyst. Nokre gret. Andre forstod ikkje alvoret. Nokon bua då dei fekk vite at diskoteket var avlyst.

Det var ein augneblink som romma både barnleg irritasjon og nasjonal katastrofe.

Så byrja skota.

Aukrust ringde politiet, men kom ikkje gjennom. Han ringde derfor Anniken Huitfeldt, som då var minister, og som han rekna med kunne varsle raskt. 

– Eg sa berre: Dei skyt. Alle blir drepne. Du må ringe.

Åsmund Aukrust var berre 25 år gamal. Han hadde eitt år bak seg i AUF-leiinga. Rundt han var det ungdommar, mange av dei berre 15, 16 og 17 år gamle. Han kjende på frykt og ansvar.

– Eg følte eit veldig stort ansvar. Eg var vaksen, og dei fleste som var der, var tenåringar.

Han trudde lenge at det var fleire gjerningsmenn på øya. Han trudde at det berre var eit tidsspørsmål før dei kom. Samstundes kom dei praktiske tankane. Korleis skulle dei rydde opp? Kva måtte organiserast etterpå?

Det er tydeleg at organisasjonsmennesket fyller ein stor del av Åsmund Aukrust. På Utøya trudde han at dei kom til å bli drepne. Likevel byrja han å tenkje på lister og all bagasjen folk hadde med seg. Alt som måtte teljast, samlast, ordnast.

Først gøymde han seg saman med fleire andre inne i ein gammal, falleferdig skaterampe i skogen. Nokre ville finne gjerningsmannen og ta han.

Aukrust bad dei ligge stille og halde kjeft.

Så kom skota rett ved. Alle sprang kvar sin veg.

Han sprang opp mot teltplassen. Han trudde gjerningsmannen var bak han. Han tenkte at han ikkje kom til å rekke over plassen. Så kasta han seg inn i eit tilfeldig telt.

Der blei han liggjande.

Ein telefon byrja å ringje inne i teltet. Han hugsar han låg der i teltet og tenkte: Korleis skal eg få skrudd av den telefonen?

Så kom meldinga om at ein person var pågripen. Men skota heldt fram. I ettertid forstod han at det var politiet som skaut opp dører som var blokkerte.

Han låg der til han høyrde eit helikopter over teltplassen.

Då gjekk han ut.

Politiet ropte at han skulle få hendene opp i vêret.

Han gjorde som dei sa.

På Sundvolden møtte han kaoset.

Hundrevis av unge menneske gjekk rundt i hotellkorridorane. Mange hadde nesten ikkje klede på seg, fordi dei hadde symt frå øya. Nokre var pakka inn i store dyner. Det blei hengt opp lister over kven som var komne i tryggleik og kven som var på sjukehus. Folk leita etter kvarandre, foreldre etter borna sine.

Det gjekk falske rykte, og nokre fekk høyre at vener var opererte. Vener som seinare viste seg å vere blant dei drepne.

Andre var redde for at dette ikkje var over. Nokre ville fjerne namna sine frå AUF sine nettsider, i frykt for at dei framleis kunne vere mål.

Aukrust kjende seg utilstrekkeleg i kaoset. Samstundes måtte nokon ta ansvar.

AUF-leiinga samla seg. Dei fekk printa ut listene over alle som var påmelde til leiren. Så delte dei listene mellom seg og byrja å gå gjennom dei.

Kven var der? Kven hadde ikkje møtt opp? Kven var på sjukehus? Kven visste dei var drepne?

I ettertid er det noko av det han synest er mest uverkeleg å tenke tilbake på. Dei sat og talde døde, fylke for fylke.

Troms: fire døde.

Vest-Agder: to døde.

Og så vidare.

Midt i katastrofen vart sorga ei administrativ oppgåve. Situasjonen var absurd.

Seinare kom politiet med informasjon til dei pårørande og overlevande. Dei fortalde at talet på døde var svært høgt. Då høyrde Aukrust eit hyl.

Han tenker at mange av foreldra i rommet då forstod at deira barn var dødt.

Den augneblinken har blitt verande i Åsmund Aukrust.

Han kjende nesten alle dei drepne. AUF var ein liten organisasjon, eit tett miljø, og ein av dei siste han snakka med før terroren, var Håvard Vederhus, leiaren i Oslo AUF.

Det er noko av det Aukrust synest har vore vanskelegast etter 22. juli: At kvar enkelt av dei som blei drepne, fekk så lite plass kvar for seg.

– Dei har mista alt. Men viss du spør folk i Noreg, er det ganske få som kan namna på alle. Dei får ikkje den plassen dei fortener.

Jens Stoltenberg klemmer Åsmund Aukrust under en minnemarkering i Folkets Hus.
Daverande statsminister Jens Stoltenberg (t.v.) gikk opp på scenen i Folkets Hus under ei markering for AUF og Arbeiderpartiet sine tillitsvalgte uka etter Utøya-massakren. Her møtte han AUFs generalsekretær Tonje Brenna (t.h.), leiar Eskil Pedersen, nestleiar Åsmund Aukrust og Mari Aaby West.

Femten år seinare er det som skjedde, framleis med han.

– Det er på ein eller annan måte inni hovudet mitt så å seie kvar dag, seier han.

Ikkje nødvendigvis som akutt sorg. Nokre dagar er det berre eit bilete som dukkar opp. Eit Facebook-minne. Eit namn. Regjeringskvartalet. Lyden av eit helikopter. Eit møte med menneske som sjølve har opplevd det verste.

Etter 22. juli kom gravferdene. Enkelte dagar var det så mange at dei sleit med å rekke over alle.

Likevel gjekk kvardagen vidare. Altfor fort, kanskje.

AUF skulle reise seg igjen. Valrørsla starta. Dei drog på verveturnear og valtorg. Dei skulle vere ein politisk ungdomsorganisasjon, ikkje berre ein organisasjon som hadde blitt råka av terror.

– Den viktigaste metoden var å komme tilbake til kvardagen og vere i aktivitet, seier Aukrust.

Han var 25 år og hadde ein jobb å gjere. Han tenker mykje på dei som var yngre. Dei som skulle tilbake til ein skuleklasse der dei kanskje var den einaste som hadde vore på Utøya, før merksemda forsvann og kvardagen kravde sitt.

I dag ser han at dei var meir traumatiserte enn dei forstod der og då.

– Vi trudde vi var tilbake til normalen. Det var vi jo ikkje.

Han drøymde mykje. Høge lydar kunne setje seg i kroppen. Ein smell, ein brå lyd. I ein taxi kunne han plutseleg få ei ubehageleg kjensle av at noko var gale. Kvar skulle sjåføren ta han? Kvifor køyrde dei denne vegen?

Kjensla kom utan varsel.

Slike reaksjonar har blitt svakare med åra.

Men gjennom det første året låg noko anna der også:

ei slags venting.

Ei kjensle av at alt enno ikkje var ferdig, sjølv om terroren var over. Alle datoane låg framfor dei. Den første hausten. Den første vinteren. Den første våren. Den første sommaren. Den første 22. juli.

Så kom eittårsmarkeringa.

Dagen var full av seremoniar, minne og menneske. Det var talar, klemmar, blomar og alle dei små møta som både hjelpte og gjorde vondt. For dei overlevande og etterlatne var det ikkje historie.

Til slutt enda dei på Rådhusplassen, der det var konsert. Etterpå skulle mange vidare til Youngstorget. Nokre av Aukrusts næraste vener bestemte seg for å gå ut på byen, og bevega seg i retning Youngstorget. 

Han bestemte seg for å gå gjennom byen, frå Rådhusplassen til Youngstorget, åleine.

Det var då han byrja å gråte.

Ikkje berre av sorg, slik han hugsar det. Også av letting. Plutseleg kjende han det fysisk: No hadde dei klart det. Alle datoane hadde passert éin gong. Dei hadde overlevd ikkje berre terroren, men også året etter terroren. Den første seinsommaren, den første valkampen, den første skulestarten, dei første partimøta med tomme stolar, den første jula og alle bursdagane og 17. mai.

Han skildrar det som om mange kilo forsvann frå kroppen. Ei tyngd han ikkje heilt hadde forstått at han bar på, sleppte taket medan han gjekk gjennom Oslo i den varme sommarkvelden.

Den dagen han gjekk ut av teltet på Utøya, var terroren over.

Først eitt år seinare var året etter terroren over.

Det er eit viktig tidsskilje for Åsmund Aukrust.

Kanskje er det derfor han er varsam med å snakke om andre si smerte. Han veit at overgangen frå katastrofe til normalitet ikkje er enkel.

No sit han i regjering.

Åsmund Aukrust står foran en vegg med store veggmalerier i et kontor.
Utviklingsminister Åsmund Aukrust inntok i sommer sitt kontor i Utanriksdepartementet sin del av det nye regjeringskvartalet.

Han seier han har «the time of my life». Han elskar jobben. Samstundes veit han at regjeringsjobbar er på lånt tid.

– Eg er takksam kvar veke for at eg får endå ei veke, seier han.

I møte med menneske i krig og katastrofe prøver han ikkje å gi store råd. Han trur ikkje alltid det finst ord som hjelper der og då. Det viktigaste er å vise at dei ikkje er åleine. Å vise at verda ser dei.

Slik han sjølv kjende det etter 22. juli. At Noreg og verda reagerte, og at nokon såg smerta deira.

– Det held å vere eit medmenneske. Vere til stades for folk, seier han.

Men han kjenner att noko djupt i menneske som nett har opplevd det verste. Og kanskje også behovet for at nokon blir verande saman med dei som har lidd.

Aukrust er stolt av det AUF fekk til etter 22. juli. Organisasjonen kunne ha blitt verande i katastrofen. I staden blei dei atter ein politisk ungdomsorganisasjon igjen. Ferja fraktar igjen ungdommar til Utøya og AUF produserer både politikk og talent.

Det er Åsmund Aukrust stolt over.

No er fleire overlevande frå Utøya i regjering. Mange andre i Arbeidarpartiet og regjeringa har nær tilknyting til 22. juli. Jens Stoltenberg var eit hovudmål. Fleire av dei som no har ansvar for staten, demokratiet og rettstryggleiken, stod sjølve i eller nær terroren.

Fem statsråder står samlet foran domkirken i Oslo.
Her er alle dei fem statsrådane som overlevde terroren 22. juli 2011 samla foran Oslo domkirke. Her f.v.: Tonje Brenna, Nils Kristen Sandtrøen, Jan Christian Vestre, Åsmund Grøver Aukrust og Andreas Bjelland Eriksen.

For Aukrust er det også ei vakker historie. Ikkje fordi det vonde blir mindre, men fordi det seier noko om motstandskraft.

– Det er også ei historie om overleving, seier han.

Og det er ei historie han ofte fortel internasjonale kollegaer. At Norge blei råka av terror, at unge menneske blei drepne og at regjeringskvartalet blei bomba. Men også at demokratiet stod, at organisasjonane kom tilbake og at Høgblokka og Regjeringskvartalet igjen blir fylt av menneske som går på jobb for rettsstaten.

Han meiner verda treng slike historier no.

Kanskje er det difor Åsmund Aukrust verkar både merkt av historia og uvanleg lett i omgang med henne.

Han kan snakke om dei døde venene frå Utøya, om menneske på flukt frå Sudan og om reformer i utviklingspolitikken i same samtale.

Og om reality-TV – som han koplar av med heime. Han «dassar rundt», som han seier sjølv. Han ligg på sofaen og ser kjendisar konkurrere mot kvarandre. Spillet og Forræder er blant favorittane, i tillegg til gamle episodar av Friends.

– Eg har vore gjennom det meste som finst av reality, seier han.

Før sommaren flytta regjeringa inn i dei nye lokala. For Aukrust var det ikkje berre eit nytt kontorbygg, men ein stad i byen han har eit heilt konkret forhold til. Første gong han kom inn, fekk han ein reaksjon.

– Det var ei kjensle av at vi fekk det til. Vi fekk det verkeleg til, seier han og blir stille.

No er Høgblokka der som ein del av arbeidsdagen. Han passerer tryggingssluser, går i møte, les papir, svarar på spørsmål, reiser ut, kjem tilbake. Det som lenge var eit nasjonalt sår i Oslo, er også blitt ein stad der nokon må møte på jobb måndag morgon.

Det passar eigentleg ganske godt for Åsmund Aukrust, gutten frå Østerås som no sit ved Kongens bord. 

Powered by Labrador CMS