Kommentar:

Fleire vil dø i ei verd med færre reglar

Alle snakkar om den store talen i Davos, men kva betyr eigentleg «verdibasert realisme» for dei som vil redde verda?

Publisert

98 prosent, sa Espen Barth Eide, om kor mykje han var samd i etter Mark Carneys alt omtalte tale i Davos.

På NUPI-konferansen tysdag formiddag, etter ei veke der Davos-talen har vore den store snakkisen, delte utanriksministeren vurderingane sine med forskarar, politikarar, mediefolk og andre utanrikspolitiske nerdar.

Barth Eide kunne stille seg bak «nesten alt» Carney sa, men stansa ved dei siste to prosentane. Spørsmålet han tvilte på, var om brotet allereie har skjedd, eller om vi framleis kan påverke retninga. 

For alle som vil redde verda, er det to sentrale prosent ved Carneys analyse.

Brot har skjedd før

Carneys hovudpoeng var at vestlege land lenge har lurt seg sjølve med ei forteljing om ei regelbasert verdsorden. For mange land i det globale sør har denne forteljinga aldri vore sann.

Han formulerte det slik:

«Vi visste at fortellingen om den regelbaserte verdsordenen delvis var falsk – dei sterkaste fritok seg sjølv frå den når det passa, at handelsreglar vart handheva asymmetrisk. Og vi visste at internasjonal rett blei brukt med varierande strengheit, avhengig av kven den skulda eller offeret var».

Brotet Carney snakkar om, har skjedd før. Det nye er kanskje at denne gongen trudde vi ikkje at det kunne skje igjen, i alle fall ikkje for oss.

Mange vil tilbake til 2016, då mange meiner verda var ein betre stad. Det var året då fredsforskaren Nils Petter Gleditsch ved PRIO gav ut boka Mot en mer fredelig verden? I boka argumenterte han for at verda vart fredelegare: færre vart drepne i krig, det var færre krigar, og aldri hadde gjennomsnittsmennesket hatt så låg sannsynlegheit for å døy av vald. Det passa godt inn i Hans Rosling-æraen.

Kanskje trudde vi ikkje heilt på historiens slutt, men mange av oss rekna i alle fall med at verdsomspennande krig var eit tilbakelagt kapittel. 

Global utvikling stod på dagsorden, ikkje global opprustning. No er det som om prioriteringane er snudd på hovudet.

Bistand bytta ut med investeringar

Likevel har vi tidlegare sett at samarbeidsformane og arbeidet for ei betre verd fleire gonger har endra karakter. Det skjedde ved Wien-kongressen i 1815 (då Europa laga reglar som skulle hindre ny krig), ved slutten av 1. verdskrigen i 1919 (tanken om Folkeforbundet), slutten på den 2. verdskrigen i 1945 (den FN-styrte verdsorden såg dagens lys) og ved Berlinmurens fall i 1989 (demokratisering, berekraftsmål og utvikling). 

I moderne historieskriving vil 2025 stå att som eit liknande brot. Spørsmålet er kva som vil stå i parantes bak.

I Historiens återkomst (2025) skriv den svenske forskaren Martin Kragh om ei verd som blir omdefinert, samstundes som dei store problema berre held fram. Klimaendringar, migrasjon og djup fattigdom forsvinn ikkje, sjølv om vi ser ein tendens til å snakke om dei med andre ord og omgrep

Den endringa av ordskiftet betyr noko.

Der bistand, utvikling, humanitære spørsmål og folkerett før bar konkret meining og skapte felles forståing for store delar av det politiske spekteret og på tvers av mange landegrenser, blir fleire av desse omgrepa i aukande grad erstatta av ord som investeringar, eigeninteresser, makt og realpolitikk.

Verdibasert realisme er både sympatisk og problematisk 

Eit talande døme er korleis Børge Brende og Davos-arrangørane måtte forsikre Trumps folk om at tema som blei oppfatta som «woke», ikkje skulle stå på agendaen. Elles risikerte dei, ifølgje kjelder Financial Times snakka med, at Trump droppa møtet.

Det betyr ikkje at spørsmålet om korleis ein skal «redde verda» forsvinn. Men det blir pakka inn i andre narrativ enn den klassisk verdibaserte utanriks– og utviklingspolitikken. Carney meinte svaret frå dei som mislikar utviklinga, bør vere ei form for verdibasert realisme.

Så kva betyr dette fine omgrepet, som mange ser ut til å omfamne?

Det kling intuitivt og sympatisk, men det er også uklart og problematisk.

Forstått i beste meining handlar Carneys posisjon om å sameine klassisk maktpolitisk realisme med ei tydeleg normativ forankring: folkerett, menneskerettar, rettsstat. I ei svekka verdsorden, der færre følger reglane og meir blir avgjort med rå makt, må mellommakter navigere mellom stormenn og stormakter. Det verdibaserte ligg i å insistere på at universelle verdiar framleis er allmenngyldige, sjølv når dei blir brotne.

Problemet oppstår når dei to orda kolliderer i praktiske situasjonar.

Canada og det siste Carney gjorde før han gjekk på talarstolen i Davos, er eit godt døme. Mange vil hevde at landet i møte med det kinesiske kommunistpartiet har prioritert realpolitikk, handel og tryggleik på kostnad av den verdibaserte utanrikspolitikken det gjerne identifiserer seg med. Betyr verdibasert realisme at Canada neste gong vil prioritere verdiane sine? At vekslar inn verdiar og realisme annakvar gong? Eller betyr det at realismen får eit alibi til å dominere?

Det same spørsmålet dukkar opp når statar kritiserer Israel for folkerettsbrot på Vestbreidda og i Gaza. Kritikken er sterkt verdibasert. Men er linja realpolitisk klok, i ein situasjon der relasjonar til allierte blir sett under press? Og er den i så fall eit uttrykk for verdibasert realisme, eller berre ein verdibasert utanrikspolitikk?

Realpolitisk kamuflasje?

For Norge har kritikken av Israels overtramp skapt friksjon i delar av den vestlege alliansekrinsen. Samstundes har kritikken vore naudsynt og riktig. Men sjølv den verdibaserte utanrikspolitikken Espen Barth Eide har stått for, og kjempa for, har hatt sine realpolitiske grenser.

Derfor ligg det eit ubehageleg spørsmål og dirrar i omgrepet: Er «verdibasert» i verdibasert realisme ei rettesnor, eller kamuflasje av å inngå meir kyniske alliansar prega av eigeninteresse?

Uansett vil dette skape utfordringar for alle som jobbar for global utvikling. Og det vil auke behovet for nye, alternative alliansar i ei tid der FN er under press og stormakters interessesfærar pregar meir og meir. Ein kan til dømes håpe at den ferske handelsavtalen mellom India og EU faktisk er av ein slik karakter at han bygger meir enn berre marknad – at den også gir rom for felles verdibygging på demokratisk, folkerettsleg grunnlag.

Verdibasert realisme vil teste mykje av det som har vore brukt til å kjempe for menneskerettar, demokratisering og global utvikling. Å omfamne omgrepet ukritisk kan få ein betydeleg kostnad.

Så det er i det minste grunn til å stanse opp og spørje: 

Kva betyr det eigentleg? 

Og kva betyr det for sivile i Darfur, Hebron, Tigray, Kupjansk, Ouagadougou og Sana?

Det blir meir krig, fort

Det er forståeleg at mange vil forsøke å tilpasse seg ei ny verkelegheit. Det kvite huset kastar gamle alliansar og førestellingar på båten, men endå viktigare: verkelegheita der ute er i drastisk endring. Krig og konflikt er i ferd med å bli normalen. Og det blir verre.

Difor var det interessant å høyre professor Clionadh Raleigh frå Universitetet i Sussex, som presenterte funna frå ACLED på Norad-konferansen onsdag morgon. Basert på detaljert statistikk over politisk og statleg vald globalt, viste ho at høg og pågåande konflikt er i ferd med å bli den nye normalen. Tanken om ei gradvis fredelegare verd, som bar mykje av sjølvbiletet i den gamle verdsordenen, er ikkje lenger truverdig.

Ein av hennar dristige påstandar, godt underbygd av solid forskingsmateriale, er at det i løpet av dei neste seks månadane vil kome ei 25 prosent auke i bruk av vald knytt til valdelege konfliktar. 

Sjølv om Midtausten og Ukraina tek mykje merksemd i mediebiltetet, har det i kring femti land vore turbulent eller valdeleg konflikt det siste året. 

Mange av desse går under radaren.

Framover vil ikkje krig sjå ut som før. Han vil kome til syne på stader vi tidlegare ikkje venta den, og i former som glir mellom statar og ikkje-statar. Mange statar førebur seg allereie på å bruke vald mot andre statar eller mot eiga befolkning.

Og alt dette skjer i ei verd der institusjonane som forsvarar universelle normer, vil få det endå vanskelegare. 

Som FNs menneskerettssjef Volker Türk sa på Norad-konferansen: Menneskerettsbrot skapar grobotn for konflikt. Det er eit sitat ingen hevar augnebryna av. 

Men det er også her den grusame kjernen ligg: 

Når «verdibasert» blir eit adjektiv som kan avgrensast av «realisme», blir det lettare å leve med brot som før var uakseptable.

Det er ingen grunn til å tru at dette er dommedag. Men det er heller få grunnar til å vere optimist.

På NUPI-konferansen kommenterte utanriksministeren tørt den sosiale medier-trenden om å sakne korleis verda var i 2016. Han meinte vi risikerer å sakne 2026 når vi ser kva som kjem etterpå. 

Det er dessverre mykje som tyder på at han får rett i at optimismens tid er forbi.

Powered by Labrador CMS