Jens Stoltenberg er godt kjend i korridorane i FN-hovudkvarteret i New York. Kjem han tilbake? spør ansvarleg redaktør Emil André Erstad.

Kommentar:

Kan Jens Stoltenberg bli FNs neste generalsekretær?

Akkurat no er det kanskje like sannsynleg at Stoltenberg eller Infantino får toppjobben, som at det blir ei progressiv kvinne frå Sør-Amerika.

Publisert

Dette er ein kommentar. Meiningar i teksten er skribentens eigne.

På overflata er årets val av FNs generalsekretær meir ope og transparent enn nokon gong. Kandidatane må legge fram visjonane sine, CV-en sin og opplysningar om finansieringa av kampanjane. Dei blir grilla i offentlege utspørjingar som heile verda kan følge.

Det liknar nesten ein demokratisk revolusjon i ein organisasjon som lenge valde toppsjefen sin i skuggane. Men berre nesten.

Spel for verdsgalleriet

For det er slett ikkje sikkert at namnet på den neste generalsekretæren står på lista over dei åtte kandidatane vi kjenner i dag. Prosessen kan også vere eit spel for verdsgalleriet.

I mange FN-miljø er forventninga at tida no er inne for den første kvinnelege generalsekretæren – og at ho bør komme frå Latin-Amerika og Karibia. Det er ikkje ein formell regel, men ei sterk forventning knytt både til kjønn og den uformelle geografiske rotasjonen i FN-systemet.

Dei mest omtalte namna har vore Carolyn Rodrigues-Birkett frå Guyana, Rebeca Grynspan frå Costa Rica, Michelle Bachelet frå Chile og Rafael Grossi frå Argentina, som leier Det internasjonale atomenergibyrået (IAEA). I den andre uformelle prøveavstemminga i Tryggingsrådet i august fekk Rodrigues-Birkett flest positive stemmer, framfor Grynspan og Grossi.

Men kjelder med innsikt i prosessen som Panorama har snakka med, stiller spørsmål ved om det til slutt blir nokon av kandidatane som no står på den offisielle lista. Og her dukkar eit namn opp som hittil ikkje har vore ein del av den offentlege FN-konkurransen: Jens Stoltenberg.

Var aktuell i 2014

Den norske finansministeren og tidlegare Nato-sjefen har nyleg gjort det klart at han ønsker å bli verande i norsk politikk. Det var også grunnen han gav då han sa frå seg leiarvervet for tryggleikskonferansen i München. Dessutan er det eit openbert spørsmål om ein mann som leia Nato gjennom ti av dei mest konfliktfylte åra i forholdet til Russland, vil kunne bli akseptert i Moskva – eller i Beijing.

Samstundes fortel kjelder med innsikt i prosessen at nettopp Stoltenberg blir diskutert som eit namn som kan bli aktuelt dersom prosessen låser seg – eller Trump skulle finne på å bringe han opp. Det same kan gjelde namnet på fleire andre politiske ringrevar av same tyngde, og som har same gjennomslag i Det kvite hus.

Det vil i så fall ikkje vere første gong at Stoltenberg blir aktuell.

I sjølvbiografien Min historie skriv Stoltenberg at han alt i 2014 fekk signal om at han kunne vere aktuell til å ta over etter Ban Ki-moon som generalsekretær i FN.

Under eit møte i New York skal diplomaten Geir O. Pedersen ha fortalt Stoltenberg at han meinte den dåverande Ap-leiaren kunne få støtte frå mange land. Vurderinga var også at Russland kunne akseptere han.

Problemet var Kina.

Behov for eit politisk dyr

I 2014  låg forholdet mellom Noreg og Kina framleis i djupfrys etter tildelinga av Nobels fredspris til Liu Xiaobo. Stoltenberg skriv sjølv at isfronten mot Beijing kan ha øydelagt sjansane hans. Kort tid etter blei han i staden generalsekretær i Nato. Der blei han sittande i ti år.

Spørsmålet er om desse ti åra har styrkt eller svekka CV-en hans for akkurat FN-jobben. Svaret vil truleg vere svært forskjellig alt etter om du spør i Washington, Moskva, Beijing eller blant landa i det globale sør. I 2026 kan Russland vere problemet vel så mykje. Og det er gode og tunge argument for at hindringane for eit Stoltenberg-kandidatur er for mange og talrike til at det blir noko av, men tanken blir openbert tenkt og snakka om på innsida av Utanriksdepartementet.

Men uavhengig av Stoltenbergs ja eller nei, peikar denne diskusjonen mot fleire større spørsmål i valet av ny FN-sjef: Kva type trengst no? Og er det smartaste i ein så pressa situasjon å låse seg til ei geografisk prioritering laga i ei anna og meir harmonisk tid?

Dei som ønsker eit sterkare og meir relevant FN, er opptekne av om den neste generalsekretæren har erfaring, status og politisk autoritet nok til å handtere stormaktene, fredsdiplomatiet og tryggingspolitikken.

Det er også eit interessant poeng i Tove Gravdals nye bok Trygve Lie. Byggherre i krig og fred. FNs første generalsekretær vart ein framifrå internasjonal embetsmann, men han var først og fremst eit politisk dyr.

Det kan hende FN igjen treng nettopp det.

Dilemma for norske FN-prioriteringar

Ein generalsekretær må kunne snakke med Xi Jinping og Vladimir Putin. Men skal FN halde på ei sterk amerikansk forankring, må vedkommande også kunne snakke med Donald Trump – og forstå den politiske rørsla rundt han. 

USA har vore heilt avgjerande både politisk og økonomisk for FN-systemet. Dersom amerikansk isolasjonisme aukar, vil kampen om finansiering, deltaking og amerikansk støtte bli endå viktigare for den neste generalsekretæren.

For Noreg skaper dette eit interessant dilemma. Norsk FN-politikk har lenge lagt stor vekt på brei geografisk representasjon, det globale sør og behovet for å få den første kvinna inn i toppjobben. Det er i den retninga debatten under FNs generalforsamling om den neste generalsekretæren rører seg. 

Men kva skjer dersom realpolitikken peikar i ei anna retning? Skal Norge prioritere dei fine verdiane og fagre løfta, eller realpolitikk som kan styrke FN? 

For samtidig finst det ein sterk kritikk av kor marginalisert FN har blitt i dei største konfliktane i vår tid. Då statssekretær Andreas Kravik nyleg gjesta Panorama-podkasten Verdensproblemer, formulerte han problemet slik: «FN spelar ikkje den rolla vi ønsker at FN skal spele».

Spelet som føregår bak lukka dører

FN har viktige humanitære og diplomatiske funksjonar både i Midtausten og Ukraina, men organisasjonen har ikkje hatt ei sentral rolle i dei avgjerande forhandlingane om krig og fred.

Det er vanskeleg å legge alt dette på António Guterres. Handlingsrommet til ein FN-generalsekretær blir til slutt bestemt av medlemslanda – og først og fremst av stormaktene i Tryggingsrådet.

Men det har òg noko å seie kven som sit på toppen, kven som kan trekke i trådane på bakrommet og kva politisk gjennomslag denne toppsjefen har bak lukka dører.

Har FNs neste generalsekretær den politiske tyngda, autoriteten og erfaringa som skal til for å presse seg inn i romma der dei viktigaste avgjerdene faktisk blir tatt?

Det er ikkje sikkert svaret finst blant dei åtte namna som står på den offisielle lista i dag.

Men det er her namnet til Jens Stoltenberg plutseleg blir interessant.

Powered by Labrador CMS