Partileiarane (og ein tidlegare partileiar) om verda:

Bjørnar Moxnes: – Vi skal vere sjeleglade for at det amerikanske hundreåret går mot slutten

Den tidlegare Raudt-leiaren meiner at Vesten driv med hykleri som undergrev vår eigen posisjon. Moxnes meiner altfor mange norske politikarar har ei overdriven frykt for USA.

Publisert Sist oppdatert

– Kva er det som står på spel i verda akkurat no, Bjørnar Moxnes? 

– For særs mange menneske handlar det om å overleve. Samstundes handlar det om respekten for folkeretten. Når Vesten reagerer på éin måte mot Russlands invasjon av Ukraina, og på ein heilt annan måte mot Israels krigføring i Gaza, så svekkar vi prinsippet om at reglane skal gjelde likt for alle. Då opnar vi døra for ei verd der den sterkastes rett gjeld.

Partileiarane om verda

Før stortingsvalet har Panorama nyheter stilt partileiarane fleire spørsmål om kva som står på spel i verda akkurat no.

Her er intervjuet med Arild Hermstad (MDG).

Her er intervjuet med Guri Melby (Venstre).

Her er intervjuet med Kirsti Bergstø (SV)

Stortingsvalet er 8. september.

Då vi inviterte partileiarane til å dele sine tankar om verda, tilbaud Raudt oss den tidlegare partileiaren Bjørnar Moxnes. Han er partiets utanrikspolitiske talsperson.

Han meiner dette vippepunktet gir autoritære statar som Russland og Kina ein styrka posisjon.

– Og det kan rive ned truverdet til folkeretten? 

– Ja. Éin av sju menneske bur i Vesten. Seks av sju gjer det ikkje. Men militært dominerer vi framleis, særleg med USA i spissen. Når hykleriet vårt blir tydelegare, undergrev vi vår eigen posisjon.

Gaza og norsk politikk

At konflikten i Gaza har blitt eit stridsspørsmål i Noreg, tolkar han som eit uttrykk for amerikansk dominans i norsk politikk.

– Kva tenkjer du om at Gaza-konflikten har delt partia? 

– Det handlar mykje om frykta for forholdet til USA. Mange held igjen av den grunn. Samstundes ser vi kynismen: KrF og Frp konkurrerer om veljarar ved å gå inn for hårreisande standpunkt, heller enn å fordømme Israels krigføring.

Moxnes peikar på at global politikk vanlegvis ikkje får mykje plass i norske valkampar. Men denne gongen meiner han det er annleis.

– Folk reagerer på at Noreg tener på krigen via Oljefondet, og at vi opprettheld forskingssamarbeid som styrkjer israelsk våpenindustri. Det er for stygt til at folk kan sjå bort frå det, hevdar Moxnes.

Utanrikspolitisk talsperson og tidlegare partileiar i Raudt, Bjørnar Moxnes.

Skiljelinjer i utanrikspolitikken

Når det gjeld Ukraina, er det brei semje i norsk politikk, understrekar Moxnes. Men Gaza deler partia tydeleg.

For Moxnes er det ein styrke at Raudt har halde på prinsippet om å setje folkeretten først, sjølv om partiet har fått kritikk for «vingling» i Ukraina-spørsmålet.

– De måtte endre standpunkt på landsmøtet i 2023? 

– Ja. Programmet vårt hadde eit absolutt forbod mot våpenstøtte til land i krig. Men med invasjonen av Ukraina måtte vi ta ein grundig prosess. Fleirtalet gjekk inn for å støtte Ukraina militært. Det vedtaket er mykje tydelegare og meir demokratisk forankra enn hos mange andre parti.

Slutten på det amerikanske hundreåret

Moxnes har lite nostalgi knytt til USAs rolle som verdspoliti.

– Du seier du er glad for at det amerikanske hundreåret går mot slutten. Kvifor? 

– Fordi få regime har meir blod på hendene sidan 1945 enn USA. Frå Indonesia og Vietnam til land i Latin-Amerika, frå Irak til Afghanistan og Libya. Dei har velta demokratiske regjeringar, støtta folkemord og trampa på små lands sjølvstende. At det imperiet raknar, er bra for verdsfreden, seier Moxnes.

Bistand og statsministerval

Raudt ønskjer å halde bistanden på 1 prosent av BNI, utan å rekne inn flyktningutgifter i Noreg. Og partiet meiner den såkalla «Sør-pakka» må tilbake inn i Nansen-pakka, slik at krigen i Ukraina ikkje fortrenger støtta til fattige land i det globale sør.

– Kven er den beste norske statsministeren for verda akkurat no? 

– Med Støre, Solberg eller Listhaug som alternativ er svaret klart: Støre. Men eg er fortvila over manglande handlekraft mot folkemordet i Gaza. Men med Solberg eller Listhaug ville vi fått ei dreining i heilt feil retning.

Powered by Labrador CMS