For å kunne prioritere må noko bort, meiner utviklingsminister Åsmund Aukrust.

Aukrust: – Det blir færre bistandsjobbar i Oslo

Når meir av bistanden skal styrast lokalt, blir det færre bistandsstillingar i Oslo, seier utviklingsminister Åsmund Aukrust. Han seier at det ikkje er nokon menneskerett å få pengar over bistandsbudsjettet, og at organisasjonar som mistar støtte, kan samle inn pengar sjølve.

Publisert Sist oppdatert

Utviklingsminister Åsmund Aukrust varslar no at regjeringas arbeid med å endre norsk utviklingspolitikk kan få direkte konsekvensar for norske bistandsorganisasjonar og tilsette i Oslo.

Det gjer han i siste episode av Panoramas podkast Verdensproblemer. 

Der blir Aukrust utfordra på kva Norge skal slutte å bruke bistandspengar på, og kva konsekvensar meir lokalt leia utvikling vil få for norske organisasjonar.

Aukrust seier at meir av makta og fleire avgjerder skal flyttast frå Norge til lokale aktørar i landa der bistanden verkar.

– Det siste året har det vore store nedbemanningsprosessar i de norske bistandsorganisasjonene. Folk har mistet jobben, blitt permittert. Bør de forberede seg på enda mer arbeidsledighet, de som jobber med bistand i Oslo?

– Når mer beslutninger skal tas lokalt, så er det jo færre stillinger i Oslo. Det er det ingen tvil om. Det er ikke noen menneskerettighet å få penger over bistandsbudsjettet. Det vil være organisasjoner som ikke lenger vil kunne få penger, sier Aukrust.

Han seier også at organisasjonar som ikkje lenger får støtte over bistandsbudsjettet, kan samle inn pengar sjølve.

Fleire i det norske bistandsmiljøet har frykta at Vendepunkt-prosessen til Aukrust skal føre til ytterlegare kutt hos norske aktørar.

– Så den frykta er reell?

– Ja, det er den, seier Aukrust.

Vil flytte makt til sør

Eit av hovudspora i Aukrusts prosjekt Vendepunkt er lokalt leia utvikling. Det betyr at meir av makta skal ligge hos lokale organisasjonar og partnarar i landa der bistanden blir brukt.

I podkasten blir han utfordra på baksida av dette.

– Det blir jo mindre makt og innflytelse til organisasjonane i Norge. Og mindre makt til deg?

– Ja, heilt riktig. Det vil jo vere ein partnar i sør som skal bestemme. Eg har veldig tru på at det er riktig veg å gå. Men det kjem til å få konsekvensar, seier Aukrust.

Han ønsker å flytte meir av avgjerdene til lokale organisasjonar, men Aukrust avviser at lokalt leia utvikling står i motsetnad til norske eigeninteresser. 

– Blir det ikkje vanskelegare å sikre norske eigeninteresser dersom fleire av utviklingsprosessane blir overlatne til lokale aktørar?

– Det eg meiner med eigne interesser, er at vi skal snakke meir om kvifor bistand kan vere viktig for Norge, seier Aukrust.

Han trekker fram helseberedskap som eit døme.

– Det er eigeninteresse å drive med helseberedskap. Men korleis ebolautbrotet skal handterast i Kongo, trur eg dei veit betre lokalt, seier han.

Meiner bistandsfeltet er for lite sjølvkritisk

Aukrust seier i podkasten at bistandsfeltet i Norge har vore for lite sjølvkritisk.

– Eg meiner jo at bistandsbransjen – eg er ikkje veldig glad i det ordet, men vi skal kalle det det likevel – er litt for kollegiale med kvarandre, seier han.

Han etterlyser meir reell prioriteringsdebatt.

– Det å prioritere er alle einige i, i teorien. Og så er det ganske vanskeleg, for då må du gjere mindre av noko, seier han.

Ifølge utviklingsministeren har Norge over tid fått stadig meir pengar inn på bistandsbudsjettet, mellom anna på grunn av éinprosentmålet. Det meiner han har gjort det mogleg å starte nye tiltak, utan at gamle satsingar nødvendigvis er blitt avvikla.

– Fordi vi har hatt éinprosentmålet, så har det komme meir og meir penger inn. Det har vore veldig bra. Men eg trur det har gjort oss litt for late, seier Aukrust.

Han seier at Norge har vore for dårleg til å stille dei vanskelege prioriteringsspørsmåla.

Vil ha færre avtalar

Aukrust peikar også på talet på norske avtalepartnarar som eit problem.

– I Norge hadde vi i fjor 850 avtalepartnarar. Når ein skal følge opp 1500 avtalar, så seier det seg sjølv at det er krevande å gjere det godt nok, seier han.

Han meiner også at norsk bistand er for fragmentert.

– Det er altfor mange organisasjonar som gjer det same, seier Aukrust.

Åsmund Aukrust i Panoramas podkast Verdensproblemer.

Statsråden seier at Norge også må sjå kritisk på kor mange internasjonale fond landet er med på å finansiere.

– Eg trur det er altfor mange ulike fond som også Norge er ein del av. Dette er ikke ein god og effektiv måte å gjere det på, seier han.

Samtidig erkjenner han at det vil gjere vondt å kutte i tiltak som kvar for seg kan vere gode.

– Alt kjem jo frå ein god stad. Derfor kjem det til å gjøre vondt å slutte med. Men det skal gjere litt vondt, for viss ikkje har vi ikkje tatt nokon ordentlege vegval, seier Aukrust.

Vil bruke mindre på mellominntektsland

– Eg slepp deg ikkje heilt av kroken på kva vi skal slutte med. No har du nemnt færre land, mindre fragmentering og færre avtalar. Men kan du vere meir konkret: Kva skal bort?

– Vi skal bruke mykje mindre pengar på mellominntektsland. Med mindre det er krig og konflikt, seier han.

Han seier tradisjonell bistand i større grad bør rettast mot dei fattigaste landa. Mellominntektsland ønsker ifølge Aukrust i større grad partnerskap, investeringar og samarbeid.

Han trekkjer fram India som eit døme på eit land som ikkje først og fremst spør Norge om bistandspengar.

– Det dei spør om, er korleis vi saman kan arbeide med viktige spørsmål: digitalisering, hav og multilateralt samarbeid, seier Aukrust.

Han understrekar at Ukraina og Palestina er unntak, fordi land i krig og konflikt framleis vil vere høgt prioriterte.

Panoramas nye artikkelserie

Podkastepisoden med Aukrust kjem samstundes med at Panorama nyheter lanserer intervjuserien HVA SKAL BORT?, der vi utfordrar folk med bakgrunn frå utanriks, bistand og globale spørsmål til å foreslå sine prioriteringar for ein ny utviklingspolitikk. I intervjuene spør vi alle: Kva bør Norge gjere mindre av?

I det første intervjuet svarar økonom og bistandskjennar Rune Jansen Hagen at Norge burde kutte drastisk både i land og tema, for å kunne satse på vaksinar og naudhjelp.

Også Aukrust blir i podkasten utfordra på det same grunnspørsmålet.

– Men for at vi skal gjere meir av noko, så må vi gjere mindre av noko anna. Så då vil eg utfordre deg: Kva er det vi skal ta bort?

Aukrust seier at han ønsker ein meir open og ærleg debatt om nettopp dette.

– Eg skulle gjerne ønske at bistandsbransjen var litt meir sjølvkritisk. Eg meiner bransjen er litt for kollegiale med kvarandre. La oss utfordre kvarandre til å seie: Viss du hadde hatt nytt budsjett, korleis hadde du fordelt det annleis? seier Aukrust.

Han meiner bistandsdebatten for ofte handlar om å forsvare gode tiltak kvar for seg, utan å måle dei opp mot kva pengane alternativt kunne vore brukt på.

– Det er veldig gode argument for bistand og for kvart enkelt bistandstiltak. Ein kan seie: Dette kan gi fantastiske resultat, og viss vi sluttar med dette, så kjem det til å gå ut over eit visst tal menneske. Og det er heilt sant. Men vi må seie at dei pengane må målast opp mot verdien av noko anna vi kan bruke pengane på, seier Aukrust.



Powered by Labrador CMS