Meiningar:
Fredsdiplomati er ikkje dyrt
Kritikarane spør kva norsk fredsdiplomati kostar. Det riktige spørsmålet er kva det kostar når krigar får halde fram utan at me eingong prøver å stanse dei.
Dette er ein kronikk. Meiningane i teksten er skribenten sine eigne.
Epstein-saka, og særleg støtta til International Peace Institute, har reist spørsmål om verdien av norsk fredsdiplomati og kva resultat det skaper – både for internasjonal fred og for Noreg.
Det har kome skuldingar om at pengar er kasta vekk på internasjonale eliteorganisasjonar som ikkje bidreg til fattigdomsreduksjon, og krav om at fredsdiplomati skal avviklast som hovudoppgåve for norsk utanrikspolitikk, nedprioriterast og i større grad forankrast i norske interesser, alliert samordning og krav som kan målast.
På si side forsvarar utanriksminister Barth Eide Noreg sitt fredsdiplomati i ei tid med auke i konfliktar, også mellom statar. Han erkjenner at det er ei utfordrande oppgåve der resultat ikkje er gitt, men argumenterer samstundes for at erfaring syner at militærmakt ikkje er nok til å avslutte krigar. Difor er den årlege løyvinga på nær 400 millionar kroner til fredsdiplomati ei god investering for verda, og for Noreg.
Meir krig har ein høgare pris
Bakteppet i 2026 er ein meir konfliktfylt og uføreseieleg verdssituasjon. Det fører til nye utfordringar for fredsdiplomatiet, og for kva rolle Noreg kan spele.
Verda har ikkje hatt så mange væpna konfliktar sidan 1946 – med store militære og sivile tap og eit høgt tal krigsrelaterte flyktningar.
Demokrati som styreform er på tilbakegang, det vert fleire autoritære leiarar med færre avgrensingar på maktbruk. Krig får internasjonale økonomiske konsekvensar, og ikkje berre for landa som er involverte.
Anslaga for den pågåande krigen mellom USA og Iran, er at den har kosta USA og deira innbyggjarar 132 milliardar dollar. I tillegg kjem ein svekka verdsøkonomi, og kostnader ved gjenoppbygging i Iran og nabolanda.
Frå kald krig til tru på fred
Avslutninga av den kalde krigen på tidleg 1990-talet skapte nye krigar, som i Bosnia frå 1992–1995, men hovudtendensen var håp om demokratisering, frihandel og fred, kort sagt ein liberal verdsorden.
FN presenterte i 1992 ein agenda for fred som vektla og kombinerte førebyggjande diplomati, fredsskaping og fredsbevaring, og synleggjorde ei meir aktiv rolle for FN.
I 1993 kom den fyrste Oslo-avtalen på plass og gav merksemd til norsk tilrettelegging for konfliktløysing. Det arbeidet, og sjølvtilliten, vart styrkt av at Nobels fredspris i 1994 gjekk til Den palestinske frigjeringsorganisasjonen sin leiar Arafat og Israels statsminister Rabin og utanriksminister Peres.
I 2000 vedtok FNs tryggingsråd Resolusjon 1325 om kvinner, fred og tryggleik. Omgrepet fredsbygging kom inn i vokabularet, i ei erkjenning av at post-konflikt-statar måtte reformere, styrje institusjonane sine og også hjelpast med demobilisering og humanitær og utviklingsstøtte.
Som forskar tett på fredsdiplomatiet, meiner eg at å bidra til ei verd med færre konfliktar og krigar er i Noregs eigeninteresse.
Norsk fredsinnsats
Noreg trappa også opp innsatsen for fred. Det gjekk mykje ressursar inn i å få ei forhandla løysing av borgarkrigen i Sri Lanka, men det kom ikkje lenger enn til ei våpenkvile i 2002.
I Utanriksdepartementet (UD) vart ressursar samla i ein eigen seksjon for fred og forsoning i 2003 og i 2008 initierte og finansierte UD Senter for internasjonal konfliktløysing (Noref).
Det trongst, for då var krigen mot terror i gang i Afghanistan og Irak. Noreg var aktiv som tilretteleggjar i Afghanistan, utan at det vart nokon stor suksess.
Eit meir positivt døme var den meir inkluderande og heilskaplege innsatsen i den norsk-kubansk-leidde fredsprosessen i Colombia frå 2012 til 2016 som inkluderte væpna styrkar, rettsvesen og sivilt samfunn.
Sjølv om FN og Tryggingsrådet si involvering og rolle varierte denne perioden, vart dei og USA sett på som ein mogeleg garantist for, og støttespelar, i fredsforhandlingar og prosessar.
Krigane i Ukraina og Midt-Austen demonstrerer til fulle dei lokale kostnadene av krig, men også dei negative verknadane for verdsøkonomien.
Stormakter utfordrar folkeretten
Russland braut folkeretten då dei invaderte Krim-halvøya i 2014, og blokkerte vedtak i FN sitt Tryggingsråd. President Trump gjekk i 2020 utanom den afghanske regjeringa og forhandla fram eit militært uttrekk, også for Nato, og Taliban kom tilbake til makta. Russland sin fullskalainvasjon av Ukraina i februar 2022 braut ikkje berre folkeretten, den skapte også frykt for vidare russisk militær ekspansjon mot Europa.
I Midt-Austen kom Hamas sitt militære angrep mot Israel i 2023, og den påfølgjande israelske militære offensiven som har medført at over 75 000 palestinarar er drepne, og anklager om folkemord. Stormaktene var usamde, og FN sitt tryggingsråd var lamma.
Då Trump igjen tok over som USA sin president frå januar 2025 skapte det ny uvisse. På den eine sida var Trump oppteken av å inngå fredsavtalar, og meiner seg kvalifisert til å få Nobels fredspris. Desse avtalane er så langt berre våpenkviler – ikkje endelege og meir inkluderande fredsavtalar.
I mange av konfliktane har USA sikra sine eigeninteresser gjennom avtalar om tilgang til kritiske mineral, som i Pakistan, eller stilt det som krav for å yte militær støtte til Ukraina.
På den andre sida, og utan godkjenning av verken den amerikanske kongressen eller FN, brukte USA først militærmakt i Venezuela og saman med Israel starta dei ein krig mot Iran og kom med truslar om anneksjon av Grønland frå Nato-allierte Danmark – alt i strid med folkeretten.
Denne utviklinga stiller spørsmål ved USA sitt truverde både som Nato-alliert og som støttespelar for fredsdiplomati.
Kan alt lukkast, nei – til det er verda for uføreseieleg. Men nettverka, tilliten, kunnskapen og tilretteleggjar-erfaringa norske aktørar har bygd opp over tiår aukar sjansen for suksess. Dersom ein ikkje prøver, kan ein i alle fall ikkje lukkast.
Det mangfaldige fredsdiplomatiet
Stortingsmelding 30 (2024–2025), Noregs innsats for fred og konfliktløysing i ei urolig verd, fekk brei politisk støtte. Den vektlegg at Noregs overordna mål er å dempe og løyse konfliktar. Meldinga vektlegg også å fremje tiltak og løysingar basert på folkeretten og partane sitt eigarskap, og at det vil skape politisk kapital og innsikt for Noreg.
Fire typar roller er skissert for den norske innsatsen: kontakt-diplomati, uformell tilrettelegging, formell tilrettelegging og i prosessar formelt leia av andre.
Eit dilemma for fredsdiplomatiet er at resultata er vanskelege å måle, i motsetning til dei menneskelege og økonomiske kostnadane med krig – som stadig vert målt.
Slutt på krigføring er eit synleg resultat, å førebyggje eller avverge konflikt er ofte ikkje det. Den økonomiske og samfunnsmessige verdien av færre drepne og skadde, færre flyktningar, færre øydelagde skular og klinikkar og traumatiserte i befolkninga, det me kan kalle fredsgevinsten, er vanskeleg å måle og talfeste.
Nokre fredsprosessar krev også hemmeleghald om dei skal lukkast og kome forbi den innleiande tillitsbygginga, og ein fredsavtale er i seg sjølv ingen garanti for varig fred. Det trengst oppfølging og sikring av at avtalar vert oppretthaldne sjølv om maktbalansar vert endra. Nokre prosessar treng lang tid og tillitsbygging før det opnar seg for formelle forhandlingar, og ei forhandla løysing.
Forhandlarrollen inneber også ein vilje til å snakke med alle, også grupper som i dag vert rekna for å vere terroristar – som houtiane i Jemen.
Eit argument for slik kontakt er at den politiske situasjonen fort kan endre seg. I Syria, der ei islamistisk gruppe kom til makta etter Assad-regimet sitt fall i 2024, har dei teke ei langt meir moderat og meir demokratisk linje enn mange frykta, nettopp grunna kontakt og påverking.
Eit anna argument er at det er i norske interesser å oppretthalde slik kontakt. Sjøfarten gjennom Raudehavet, som også er viktig for Noreg, kan stengjast om houtiane angrip skip der. Det var diskusjonen som statssekretær Kravik nyleg førte med Iran, og då indirekte med houtiane, om dei internasjonale prinsippa for å halde ope Hormuz-stredet.
Er fredsdiplomatiet verdt prisen?
Det er minst to nivå på denne diskusjonen. Det eine nivået er om Noreg bør bidra til ei meir fredeleg verd og ei som kanskje betre ivaretek folkeretten, og at den økonomiske og ressursmessige innsatsen ein legg inn i det gjer utteljing. Det andre er om fredsdiplomatiet har noko eigenverdi for Noreg, utover positiv merksemd når forhandlingar lukkast?
Som forskar tett på fredsdiplomatiet, meiner eg at å bidra til ei verd med færre konfliktar og krigar er i Noregs eigeninteresse. Det kan med fordel verte meir openheit om kva prosessar Noreg tek del i, kva resultat dei oppnår, og kvar det i tillegg finst eit sterkt økonomisk argument.
Krigane i Ukraina og Midt-Austen demonstrerer til fulle dei lokale kostnadene av krig, men også dei negative verknadane for verdsøkonomien.
Eg meiner også at det har ein eigenverdi for Noreg, og tener norske interesser. Ei årsak til at konfliktpartar søkjer til Noreg, er at ein ikkje berre er ute etter å sikre eigne økonomiske eller politiske interesser, men står for verdiar som er viktige for å endre konfliktar og skape fred.
Det vekkjer internasjonal interesse, også hjå allierte, gjev innpass på høgt politisk nivå i viktige land og innverknad på internasjonale diskusjonar og vedtak som overgår det handlingsrommet eit lite land som Noreg elles har.
Saman med andre land kan ein utgjere ei «mellommakt» på fredstematikk, noko som igjen skaper interesse for norsk kunnskap og deltaking. Til saman er det ei god utteljing for ei årleg løyving på 400 millionar.
Kan alt lukkast, nei – til det er verda for uføreseieleg. Men nettverka, tilliten, kunnskapen og tilretteleggjar-erfaringa norske aktørar har bygd opp over tiår aukar sjansen for suksess.
Dersom ein ikkje prøver, kan ein i alle fall ikkje lukkast.
Les mer
-
Hvordan gjenreise tilliten til bistanden?
-
Hvordan ble bistandsdebatten så sinna?
-
– De er leie-diplomater
-
Senterungdommen har feil medisin for tillit til bistanden
-
Vil kutte norsk bistand til «eliteklubber» og «unyttige tankesmier»
-
Er Norges rolle som fredsnasjon fortsatt relevant i Afrika?
-
– Båten er lekk overalt
-
– Legitimt med politiske føringer
-
Epsteins tre utfordringer til UD
-
Tidligere UD-ansatt: – Tydelig føring ovenfra om at IPI-støtten skulle innvilges